tirsdag 30. august 2016

Litt galskap å male ein ny skjenk :-/ Frå mørkbeisa til kvit

Eg visste ikkje heilt kva eg gjorde då eg gjekk på dette maleprosjektet. Likevel er eg glad for det no, sjølv om det kosta meg x-antall strøk med kvitmaling før den vart ferdig.
Skjenken er kjøpt ny (galskap) på Jysk, ferdig montert. Eg visste eg skulle male den kvit då eg kjøpte den. Dei solgte ut utstillingsmodellen til 800,- og sidan eg hadde vitrineskap i same serien gjekk eg for det. Vitrineskapet, som no har flytta plass, har eg tidlegare hatt eit DIY-innlegg på. Klikk her for å sjå det.



Før:

Etter:


Jysk har kanskje ikkje dei mest solide møblane, det er eit stort ankepunkt. Men prismessig passa den vår lommebok, så får me prøve å ta godt vare på den slik at den kan vare lenge. Gøy å gjere om møblar slik at dei passar inn i vår stil. 



 Me har endeleg fått forstørra bileter av ungane og hengt dei på veggen.




♥ ♥ ♥






Ynskjer deg som er innom ein fortsatt god dag. Takk for besøket ;-)

Klem fra Kristina

fredag 19. august 2016

Tilbake til kvardagen og tilbake til bloggen

Ein lukkeleg augneblink i stova vår! Brødrene leiker fint ilag og minstemann blir amma. 
Etter ein lang sommarbloggepause er eg no tilbake med nye innlegg på bloggen. Har du hatt det fint i sommar? Det håpar eg. Her vart det ein regnfull sommar, heldigvis med nokre unntak innimellom. Me har vore mykje heime og veret på vestlandet denne sommaren har vore veldig dårleg. Eg starta med stor iver og opptimisme på å vere mykje aline med våre 5 små, men må sei eg vart meir og meir klar for skulestart og rutinar siste vekene. Me fekk oss ei fin veke på Solstrand camping, og heldige oss fekk vere ei helg med denne fine familien på Evje (som no teller to store og 6 små). Ellers har me vore heime. No er det godt med rutiner, kvardag og skule. Tenk no er 3 av 5 hos oss skulebarn! Benjamin hadde sin første skuledag i går. Det er går så fint med han. Det er ein stor velsignelse.

Me har det bra, Gud er god ♥ Det finnes langt verre ting enn dårleg ver. Eg er glad eg har Gud i livet mitt som hjelper meg å halde rett perspektiv på kva som er viktig her i livet. Guds ord er levande og virksomt og skarpare enn noko anna tveegga sverd. Eit dagleg inntak av "mat for sjela" er nødvendig.

Eg vurderte å skrive eit lengre innlegg med før/etter bileter av ein skjenk eg har malt, men no blir det filmkveld med mannen istaden. Husfreden har senka seg og det er tid for å berre vera oss to. Me skal sjå "Coragiuos" (redigert i etterkant: utruleg bra film! Anbefalt.)





Pasient! Berre på lat altså 

Hjulpe mamma og plukke rips

Då vart det saft i frysaren og. Takk snille naboSivert for at me fekk plukka.


Mange klemmer til deg der ute som er villig til å bruke tid på denne enkle litle bloggen min ;-) I`ll be back!




Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...