fredag 24. juni 2016

12 Å R saman


For nokre dagar sidan feira me 12 års bryllupsdag. 12 år med gleder og sorger, oppturar og nedturar, sterke opplevingar og store begivenhetar. Men mest av alt har desse 12 åra vore ei fantastisk reise og utan tvil mine 12 beste år av livet. Takk min kjære Ørjan for alt du er for meg ♥




Dette har me lært gjennom 12 år:
  • Ver klar over kjærleiksspråka til både deg sjølv og ektefellen din. Sørg for at du gir det den andre treng, enten det måtte vere fysisk kontakt, udelt merksemd/tid eller det er gode ord. Det handler om å gi heller enn å få.
  • Bruk tid saman! Sett av ein kveld i veka eller oftare der fokuset er å dele hjerter og pleie kjærleiken. 
  • Snakk om ting! Ikkje vent til det sprikker. Våg å snakke om det som kjennes vanskeleg. Relater det du vil sei til deg og dine følelsar. "Eg opplever det vanskeleg når du bruker så mykje tid på nettet" heller enn "Må du alltid bruke så masse tid på nettet?" Då er det lettare å få til ein konstruktiv samtale. Ein må møtast på midten i mange situasjonar.
  • Lytt til den andre! Prøv å forstå kva det er den andre opplever og bakgrunnen for det. 
  • Gi kvarandre rom. Det er sunt å ha hobbyar og drive med litt andre ting enn berre familien. Mannen likar jakt medan eg likar å sy t.d. 
  • Ikkje tenk på eller snakk om skilsmisse som eit alternativ. I frustrasjon og sinne er det lett å sei mykje dumt. Bestem deg for å ikkje bruke skilsmisse som ein trussel.
  • Tilgivelse er viktig! Alle seier og gjer dumme ting innimellom. Då er det avgjerandre å gå til den andre å be om tilgivelse. Like viktig er det at den andre tilgir. Tilgivelse er eit valg, ikkje ein følelse. Ikkje tru at det er greit å berre gå vidare utan å snakke om det dumme som skjedde. Det hjelper ikkje å berre legge eit plaster over eit betent sår. Sørg for å rense såret og få bort det betente.
  • Hugs, du kan ikkje forandre den andre, men du har mulighet til å forandre måten du ser og møter den andre på.
  •  Inkluder Gud i ekteskapet (for deg som er kristen). Ein tretvinna trå er ein sterk tråd. Bruk tid på å be og lese Bibelen saman, det er med å løfte og styrke forholdet. 
  • Klimaet mellom oss som ektepar påverkar heile familien. Har me det bra saman, ja då har alle det bra.


Ta vare på ekteskapet!


torsdag 16. juni 2016

Blomar og te-lys på rekved

Når minstemann strevar med treg mage går det med eindel glas med sviskemos :-) Eg måtte prøve ein idè eg fekk med å sette dei saman med rekved. Eg og dei tre minste tok oss ein tur i fjøra og samla plank ein dag. Heim igjen fann me fram lim (eg brukte trelim). Me plukka inn litt blomar, det er jo ikkje vanskeleg å finne i desse tider. Markblomar er noko av det vakraste ♥ Dei står berre ei kort stund, men dei skaper slik glede. Tre glas fekk blomar i medan dei andre to te-lys.






Denne pyntar opp på bordet.






Enkel og fin DIY.
Benjamin hjelper mamma. Skjønne guten min ♥




























Kan sikkert lagast med andre glas og.









Te-lys, rekved(og andre naturmaterialer), markblomar = tre favorittar for meg. Saman vart dei heller ikkje så verst.






Takk for at du besøkte bloggen. Velkommen att ;-)

Kristina





fredag 10. juni 2016

Det kostar å velge utanom A4

"Me skulle gjerne hatt Mikael her og då." "Det er ledige plassar i barnehagen". "Når skal Mikael byrje i barnehagen?" ""Ser han kosar seg her ilag med andre barn".

Dette innlegget handlar om det å velge å ha barn heime framfor å ha dei barnehage, og gleder og utfordringar knytta til det. 

Etter å ha hatt dei tre eldste i barnehage frå 1-2 års alder (deltid) var eg klar for å velge annleis når nr 4 vart fødd. Det var aldri med lett hjarte eg leverte i barnehagen. Mammahjerta mitt var ikkje heilt enig. Ei heller ungane. Dei ville helst vera heime om dei fekk velge. Eg var glad eg hadde mulighet til å velge deltid (stort sett 60%) og at eg på den måten fekk kvardagar saman med ungane samstundes som eg jobba som sjukepleiar og ungane fekk tid i barnehage. Men eg veit med meg sjølv at skulle eg valgt om igjen ville eg ikkje latt ungane byrje i barnehage så tidleg. Eg er blitt meir og meir overtydd på at små barn har det best heime. Derfor tok eg og mannen min valet om at eg slutta i jobben som sjukepleiar for å vere heime på fulltid. Gleda var stor då også nr 5 kom, og eg såg for meg kvardagane og åra som kom saman med desse to.


  




Benjamin som snart er skulegutt har gått i barnehagen dette siste året. Me har hatt full plass sidan dei ikkje tilbyr 80 % (kun 60 % og 50%) og me tenkte at han trong kontinuitet etter at han forrige året var heime på fulltid. Det er forresten veldig rart at barnehagar tilbyr 50 og 60 % plassar men ikkje 80, når det er det som er mest aktuelt for mange. Det er omtrent ingen i den barnehagen me brukar som har deltidsplass. Me brukte det til dei to eldste og kjente heile tida på presset om å ha dei full plass, men det er ei anna sak.

Mikael er med å hentar Benjamin stort sett kvar dag i barnehagen. Då er det mangt eg har fått høyre frå personalet me møter på. Ja, sitata øverst er blandt anna det som er blitt sagt. I ein munter tone vel og merke, men med mykje hinting og underliggande meiningar om at Mikael burde begynt der han og.

Klart ein kjenner på presset! Eg har ofte fått følelsen av at det er synd på guten min, og at han ville hatt det mykje betre i barnehage. Stakkar unge som ikkje får leike med andre jamgamle heile dagen? Som berre er heima med mor, og sikkert går mykje rundt og kjedar seg? No skal ikkje eg seie at alle tenkjer slik, men eg får ofte inntrykk av det. Kanskje tenkjer nokon at det er økonomiske sider som avgjer valet vårt. Men det er ikkje det som kjem først, sjølv om det speler ei rolle når ein vel å leve på ei inntekt. Hadde me sett at Mikael ville hatt det mykje betre om han fekk gå i barnehage hadde me fått det til. Det er ideologiske grunnar som ligg bak valet vårt, og her er nokre av dei godene og fordelane eg opplever følgje med å ha barnet heime framfor i barnehage:


  • Unngår stress om morgonen. Barnet kan få sove så lenge det vil.
  • Masse tid saman. Kvantitetstid er også svært verdifullt. Ein blir trygge på kvarandre og lærer å leve saman, tåle kvarandre og kjenne kvarandre ut og inn. Barnet veit at mamma alltid er der og blir ikkje redd for at ho skal gå i frå. 
  • Det er mamma som kjenner barnet aller best og som forstår språket til barnet. Den genuine kontakten mellom mor og barn er uvurderleg og omsorg og nærhet kjem naturleg.
  • Mindre opprør. Det er mi erfaring iallefall. Får ein mykje tid saman blir det mindre frustrasjon frå barnet og ein får tatt ting etter kvart som det kjem. 
  • Skjermar barnet frå det høge støynivået det er i barnehagar. 
  • Lettare å sette tydelege grenser. Skal ein berre vere saman 3 timar på ettermiddagen har ein ikkje lyst å bruke dei opp på mekling.
  • Skjermar barnet frå negativ adferd. Barn er barn og kan sei og gjere mykje dumt. Eg trur det er bra for barnets psykiske helse å bli skjerma frå å høyre "du er dum" "du er stygg" "du får ikkje vera med" når dei er så små. Klart dei må venne seg til å vera med andre, men med tettare vaksenoppfølging får ein betre kontroll med kva som blir sagt og gjort.
  • Individuell oppfølging. Eg som berre har 2 heime har større forutsetning for å kunne sjå evner og talent og gi barna mulighet til å utvikle desse. Det er sant at eg ikkje har pedagogisk utdanning, men heilt ærleg trur eg ikkje det spelar ei avgjerande rolle på dette stadiet. Barn lærer veldig mykje gjennom leik og daglege rutinar, saman med å lese bøker og tegne/bruke blyant.
  • Tilknytning. Det viktigaste av alt. Få og nære vaksne som barnet får ha ei nær og god kontakt med gjennom heile livet. Ikkje vaksne som kjem og går, utan at eg vil avfeie betydninga barnehagepersonell kan ha for barna.

Eg skal ikkje seie at det er berre fryd og gammen å ta seg av sine eigne barn fulltid. Utfordringane er der, og for å skape litt ballanse vil eg ta med nokre av dei her og:



  • Barnet skulle hatt fleire barn å leike med.
  • Barnet går glipp av kjekke aktivitetar som dei som går i barnehage får med seg.
  • Barnet blir ikkje så godt kjent med andre jamgamle og dette kan vere negativt i forhold til skulestart.
  • Det kan vere lettare å lære t.d bordskikk saman med ei gruppe andre barn. 
  • Mor blir trøytt og demotivert i arbeidet, ofte fordi ho står mykje aleine og ikkje har kollegaer som i andre jobbar. 
  • Barn i barnehage blir sjølvstendige i det å kle på seg sjølv.
  • Avstand skaper lengsel. Mor-far og barn gledar seg til å sjå kvarandre igjen og foreldra får ny giv til å vere med barna sine når dei er borte frå dei i mange timar. 
Tross alt dette har eg altså fått roen for at Mikael skal vere heime og ikkje gå i barnehage neste år. Eg gler meg allereie til fortsettinga. Svein blir 1 år i september og det kjem til å bli lettare å finne på ting med begge to enn det har vore dette året med baby i hus. Eg ser dei har stor glede av kvarandre og trur det berre vil bli meir av det ettersom Svein veks. 

Sjølv om eg er trygg på valet mitt er eg likevel ikkje laga av stål. Det går inn på meg når eg stadig får høyre kommentarar som dei eg har gjengitt ovanfor. Å velge utanom A4 skaper reaksjonar, det må eg visst berre rekne med. Heldigvis får eg også positive reaksjonar frå folk. Dei trykker eg godt inntil hjerta mitt og lever lenge på ♥




Eg skulle ha posta innlegg for lenge sidan og beklagar at det har tatt så lang tid. Finværet får skulda ;-) Me er mest ute om dagane og nyter sommaren. 


Ønsker alle fiiiiine sol-dagar . Klem frå Kristina


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...