søndag 22. mai 2016

Mai er ein fin månad....

... men og ein travel. På ein positiv måte heldigvis.


Me har


feira Sara sin 11 års dag.







Tenk at jenta mi er blitt så stor allereie. Kor blir åra av? Det er spesielt å tenke på at du om berre 7 år er myndig. 7 år! Ja det er ein skummel tanke for meg. Eg blir fyllt med eit alvor over kor viktig tida er. Barndommen og oppveksten er med å legge grunnlaget for alt i livet, og er avgjerande for så mykje. Sjølv om barna veks til og blir meir sjølvstendige så treng dei oss likefullt så mykje. At me er der for dei, viser interesse og bryr oss om dei. Eg har så lyst å få bevare eit nært hjerteforhold til barna mine. Det trur eg kan bety veldig mykje.


Andre som veks i familien og. Benjamin er snart skulegut, og for eitpar veker sidan var me på førskuledagar på skulen han skal byrje på.



Min skjønne Benjamin. Lykkens sønn.
Det er mest som eg kjenner tårene pressar på når eg skriv dette. Denne guten altså. Kor glad eg er i han. På same måte kjenner eg også her tankane koma: Kva har eg gitt deg av verdi i åra før du byrja på skulen? Har eg vore nær deg slik du treng det? Har du fått oppleva at du betyr meir enn noko anna for meg og pappa? Har du fått sitta på fanget så mykje du har villa? Har det vore nok rom for deg innimellom alle andre søsken og gjeremål? Har eg fått formidla Jesus til deg og kore høgt du er elska av Far i himlen? Eg veit med meg sjølv at eg tiltider ikkje har strukke til. Eg har gjort urett mot deg og behandla deg feil. Spesielt det året me var fosterheim. Du var berre 3 år då, og måtte nok oppføre deg som mykje eldre enn du eigentleg var. Det gjer meg vondt å tenke på. Men eg veit og at me har fått oppleve mykje verdifullt ilag, og eg er takksam for kvardagane me har hatt ilag. Me får tru at det har vore godt nok og at du har fått den nødvendige ballasta for å gå vidare. Heldigvis er du liten endå og me skal få mykje god tid saman framover. Og der me ikkje har strukke til, der må me be Gud om hjelp. 


Av andre viktige hendingar her nordibygdo kan eg nemne:

Besøk av sementbil. 4 gutan følger spent med :-)





























Og sist, men ikkje minst, 17.mai:


Hipp hipp Hurra!







Ungane var storfornøgde då dei fekk pengar av mormor til å kjøpe is og brus. Ja for is høyrer med på 17.mai, uansett om det er så kaldt at ein må ha hanskar på for å ete den, haha ;-)
















Dette er glimt ifrå mai 2016 hos oss.

Til slutt vil eg koma med ei lita filmanbefaling: War room
Den såg eg og min kjære i går kveld og eg kjenner at den har gjort noko med meg. Bønn er eit mektig våpen! Eg kjenner for min eigen del eg har mykje å innta på dette området. Eit sterkt bibelvers som dei og siterte i filmen vil eg ta med her 

...hvis da Mitt folk, som er kalt med Mitt navn, ydmyker seg, ber og søker Mitt ansikt og vender om fra sin onde ferd, da skal Jeg høre fra himmelen og tilgi deres synd og lege deres land.  2.Krøn 7,14

Ønsker deg som er innom alt godt

søndag 15. mai 2016

Fin måte for barn å lære engelsk

Læraren til eldstejenta gav meg eit tips ein gong som eg har brukt mykje. Eg har lyst at ungane skal få mestre engelsk godt og føle at dei henger med i engelsktimane på skulen. Sjølv hugsar eg at eg strevde litt med dette faget og at eg dermed aldri likte engelsk så godt. Ikkje før eg kom på rom med ei frå USA då eg gjekk DTS med Ungdom i Oppdrag. Då måtte eg, hihi ;) 

I dag finnes det jo så mange muligheter for læring. Tipset eg fekk og som eg no vil gi vidare er å nytte seg av youtube til engelsk læring. Her finnes mange lærerike sangfilmar og teiknefilmar. Sikkert mange som allereie nyttar seg av dette, men for dåke som ikkje visste dette legg eg ut linkar til aktuelle songar. Den første var den Sara sin lærar anbefalte og som dei også brukar å høyre mykje på skulen her våre barn går.

Det engelske alfabet:




Fingernavn-sang:




Hjulene på bussen, + mange andre sanger.



Det finnes eit hav av ulike alternativ på youtube. Når ein filmsang er sett, kjem det opp mange andre alternativ som kan vera kjekke å sjå. Eg har ikkje opplevd at det kjem opp filmar/songar som er upassande for barn, men det er greit å halde eit auge med skjermen og ikkje la ungane trykke vilt sjølv. Det finnes jo absolutt mykje me aldri vil at ungane skal få sjå der inne. Men desse er veldig kjekke og lærerike. Veldig greit er det og med sang-miksar som varer opptil 55 min. Den siste av dei tre linkane mine er eit døme på det.

Barn likar jo som regel å sjå film, så kvifor ikkje la dei lære litt engelsk samtidig?

Når ungane kjem og spør om dei kan få sjå film her (me har ikkje tv med kanalar, så det er ikkje faste tv-tider her i hus) så seier eg ofte, greit, viss dåke ser litt engelsk alfabet først. Dei blir nødt til å sjå 3-4 av desse her før dei får velge litt meir sjølv. Det synest dei er heilt ok. Ikkje kvar gong dei ser film, men innimellom. Særleg når nokon er sjuke og heime frå skulen. Då brukar eg dette eindel. Får dei velge sjølv på youtube blir det som regel tom and jerry, chip and dale, eller donald.

Håpar alle har det bra der dei er. Blir litt sjeldnare blogging her nordibygdo fortida. Mykje som skjer, og alt for fint ver til å sitte inne i. 

Snart 17.mai  Hurra for Norge! Me bloggast :-)






mandag 9. mai 2016

Late dagar og Salme 40



Med dette nydelege været har me no nærast flytta ut på terrassen. Me kan aldri vite kor mange slike solskinnsdagar me får, så det gjeld å nyte dei medan dei er her. 
Litt istandgjering til 11 årsdag og 17.mai blir det og innimellom.

Bloggen får litt mindre tid no om dagane. Vil prøve å poste ca 1 innlegg i veka framover.


Sara nyt sola med ei god bok




Eg leste Salme 40 i går. Den er så fin og eg vart så oppmuntra av det som sto der. Her er litt av den:"Jeg ventet og ventet på Herren. Og Han bøyde seg til meg og hørte mitt rop. Han dro meg opp fra den grusomme avgrunnen, ut av den gjørmete leiren. Han satte mine føtter på klippen, og trygget mine skritt. Han la en ny sang i min munn, en lovsang til vår Gud. Mange skal se det og frykte, og de skal stole på Herren. Salig er den mann som setter sin lit til Herren, og som ikke vender seg til de hovmodige eller dem som bøyer av til løgn". Salme 40, 1-5



Vær velsigna, Kristina


torsdag 5. mai 2016

Med minsten på ryggen



Me var heldige og fekk bæresele av nokre gode venner i gåve til Svein då han vart fødd. Denne ergo-baby bæreselen reddar ofte dagen min, og eg må berre sei eg likar den veldig godt. Eg har tidlegare prøvd babybjørn sin, der ein bærer barnet på magen, men det har ikkje fungert for meg. Eg har fått vond rygg både av den og av vanleg bæremeis, medan denne frå ergo-baby er mykje meir ergonomisk. Barnet sit tett inntil ryggen, noko som er positivt på mange måtar.

Eg prøver no å venne litle Svein til å sitte i denne ved å ha han oppi litt kvar dag. Det går fint an å klare dette sjølv når ein er aleine heime. Har høyrd at babyar må vennast til å sitte i bæresele frå dei er små dersom dei skal akseptere det når dei bli større. 

Etter litt trening for mor og barn (ja for det er trening å bære barn på ryggen, ikkje minst for lårmusklane) håpar eg på at me kan bruke den utandørs no etterkvart. I dag var eg og denne goingen heime medan dei andre 5 var på fjelltur. No vil me og snart vera med !




Go klem herifrå 


tirsdag 3. mai 2016

Positive sider ved å leve på mindre inntekt

Her vart det ei uventa bloggepause etter at fiberledningen vart kutta tvert av i forbindelse med gravearbeid i hagen. Det var i grunn heilt herleg å vere utan internett nokre dagar, og eg fekk hjelp til å realisere det som eg skreiv om i forrige innlegg. Internett pausen kom i heilt rett tid i så måte. Eg har fått reflektert og tenkt over kor mykje tid eg vil bruke på den digitale verda og vil framover prøve å halde meg til reglar eg har laga for meg sjølv. Eg fann iallefall ut at det ikkje er lurt å ha skjermtid rett før leggetid. Det aktiverer hjernen min og overskygger trøtthet. Resultatet er at eg legg meg alt for seint til å sove og får for lite søvn. Viktig erfaring. Over til noko anna; Økonomi!

All respekt for dei som strever med økonomien og ikkje i det heile tatt opplever noko velsignelse med det å leve på lite. Eg har full forståelse for at det kan vere veldig vanskeleg. Likevel vil eg løfte fram det eg opplever som positivt med det å leve på lavere inntekt. Det å vere heime med barn i småbarnstida er eit verdival ein gjer som familie. Ein velger tid framfor pengar. Mykje bra kan koma ut av det:


  • Set meir pris på det ein får råd til å kjøpe seg. Både me vaksne og barna må kanskje vente lenger før me får det me vil ha og må faktisk ønske oss ting til bursdag eller jul. Mange foreldre som har god råd er flinke til å lære barna at dei ikkje kan få gaver utenom nettopp desse tidene, men når midlane er knappe blir ein pressa til å gjennomføre det.
  • Tar bedre vare på ting. Når ein ikkje kan kjøpe nytt så fort ein vil blir det heller til at ein fikser på det ein har, enten det er maling eller nytt stoff eller noko anna som må til. I lengden merker eg at dette gir meg ein mykje større glede og tilfredsstillelse enn å gå rett til butikken og kjøpe nytt. Ein lærer seg tolmod og takksemd.
  • Kjøper meir brukt. For å få pengane til å strekke til blir det ofte til at ein kjøper meir på bruktbutikker og via finn.no.
  • Lever meir miljøvennleg. Dette blir eit resultat av dei tre punkta over. Ein bil istadenfor 2, telttur istadenfor sydentur, brukt istadenfor nytt.
  • Lever mindre materialistisk. Ein positiv faktor kan bli at verdiane enda meir blir knytta til enkle gleder meir enn materielle prosjekt. Dette kan nok variere, og for min del kan eg berre sei at eg har ikkje lagt bort alle prosjekt i hus og hage enda. Men eg veit med meg sjølv at dersom me hadde hatt 2 fulle inntekter ville enda meir penger gått med til å realisere materielle drømmer.
  • Eit gode er også at ein lærer barna gode verdier. Både når det gjeld takksemd, miljø, kjøpe brukt, ta vare på det ein har og at verdens gleder ikkje ligger i penger aleine.
Det blir ikkje ny flott bil når ein lever på ei inntekt :) Bildet er ifrå våren 2012


Eg kunne også sagt eindel om utfordringer knytta til lav inntekt, men det var ikkje fokuset her. Eg tenker og at lav inntekt ikkje trenger å bety dårleg økonomi. Det handler om korleis ein disponerer pengane. Ein kan likegodt ha veldig høg inntekt og likevel ha problemer med økonomien. Derfor kan barn i familier med 1 full inntekt eller 1 full og ei deltidsinntekt bli like godt materielt ivaretatt som i familiar med 2 fulle inntekter. For ikkje å snakke om verdiformidlinga. Eg trur mange barn i Norge i dag rett og slett lider av at foreldrene har for mykje pengar. Me ser det i samfunnet elles og at verdigrunnlaget er blitt flytta frå bibelske verdiar om nestekjærleik og Gudsfrykt over til pengar aleine. Kva er det som styrer samfunnet politisk t.d? Det meste handlar om økonomi. Det er ei skummel retning me tar og ingen er upåverka. Eg har nok med meg sjølv på dette området og kan på ingen måte sei eg er noko betre enn andre.

Eg trur altså det finnes mykje bra ved det å velge bort høg lønn til fordel for det å vere meir saman heime med barna og familien. Har du andre tankar rundt dette så legg gjerne igjen ein kommentar.

Blessings, Kristina
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...