onsdag 30. mars 2016

Å svare nei på ein god måte

Iløpet av ein dag er eg nødt til å svare nei eindel gonger. Som mamma kan ein ikkje alltid imøtekomme barnas ønsker. Sånn er livet rett og slett! Det passer kan hende ikkje å male seg i ansiktet akkurat når barnet ønsker det, eller gå ut for å leike når det er leggetid, eller få is og godteri på ein vanleg kvardag. Som forelder er eg satt til å lage gode rammer for barnet og ta kloke valg på vegne av det. Kva som er lov og ikkje lov kan variere fra familie til familie. Hos oss får dei f.eks tegne og klippe og lime stort sett når dei vil, mens dei må sitte med bordet til me har sunge etter maten. Nugatti høyrer med til helgefrukosten og litt hopping i sofaen er tillatt. Andre har det kanskje heilt annleis. Skulle eg svart ja til absolutt alt barna spør meg om veit eg ikkje kva som ville hendt. Det første som slår meg er at det ville blitt kaos i familien, endå meir enn det er i dag.

Ok, så nei må me svare iblant. Det går an å lure eit nei til å bli eit ja ved å svare at du skal få godteri på lørdag når barnet spør om å få det på ein tirsdag. Eller svare "ikkje akkurat no, kanskje seinare", eller noko i den dur. Indirekte er likevel svaret nei. Barnet får ikkje innvilga ønsket sitt.

Så kjem eg til det som eg synes er vanskeleg. Nemleg å svare nei på ein bra måte. Dei som har erfaring med barn veit at dei gir seg ikkje med å spørre ein gong (dei fleste iallefall). Dei spør igjen, og blir kanskje sinte eller hyler og skriker. Dei VIL ha det akkurat NO. Og så starter kampen. Ja viss det trenger bli ein kamp då?

Det blir ein kamp dersom eg blir sint tilbake og svarer "Nei har eg sagt! Kor mange gonger må eg sei det same igjen, NEI! Forstår du ikkje at du ikkje kan få lov til det no.... Dette har me snakka om mange gonger før.... Viss ikkje du gjer som eg seier no så får du ikkje lov til....  Slutt å grine! Kvifor må du alltid... "  Kjenner du deg att?

Når eg reagerer slik som ovanfor er eg ikkje voksen lenger. Eg går ned på eit barns nivå og seier ein masse med unødvendige ord. Eg reagerer like umodent og blir sint tilbake. Atpåtil misbruker eg makta eg har som voksen og beskylder barnet urettmessig. "Kvifor skal du alltid... Forstår du ikkje? Ta deg saman no". Dette kan skade sjølvfølelsen til barnet om det skjer ofte. 

Det er mange måtar å seie nei på. Eit nei kan også bli sagt på ein kjærleg og god måte. Mild og bestemt på same tid? Og klar til å tåle reaksjonar frå barnet utan å falle ned der sjølv? Dette er tankar eg gjer meg etter at eg sjølv erfarer kor vanskeleg dette kan vere. 

Eg prøver også ut ulike metodar for å unnlate at det blir ein kamp av den minste lille ting. Eit triks er å raskt manøvrere samtalen over på noko anna. Avledning hjelper barnet til å tenke på noko anna og gløyme det som var så leit. Vil barnet SÅ gjerne sjå på film, kan det hjelpe om mor foreslår å spele UNO ilag istaden. 

Eit sunt nei meiner eg skal vera bestemt men samtidig snilt eller mildt. Ein treng ikkje rope ut NEI, det er mange ulike måtar å få fram neiet på, men eg trur det er best at det kjem tydeleg fram kva den voksne meiner. Den voksne må  
tåle å stå i det som måtte komme av reaksjonar frå barnet utan å sjølv reagere med sinne og frustrasjon. Ikkje lett sa du? Heilt enig. Men verd å jobbe med. På sikt trur eg ein slik "nei praksis" er svært verdifullt på den måten at det lærer barnet å sjølv reagere på ein god måte, f.eks imøte med søsken og venner. Eksempelets makt er stor. I tillegg virker det positivt for barnets sjølvfølelse- og verdi å få lov til å reagere utan å måtte bli hakka ned av den voksne. Å få lov å vise følelsar som sinne og skuffelse er faktisk viktig for ei sunn utvikling hos barn. Det handler om å vise barnet respekt og bygge ein sunn og trygg egenverdi ned i barnet. Ettersom det vokser lærer barnet å regulere desse følelsane og etterkvart bruke meir ord for å forklare kva det kjenner på. Då kjem me inn på det som kalles speiling. Det trengs eit eige innlegg for å forklare kva det inneber. Kort sagt inneber det at me voksne hjelper barnet å forstå sine eigne følelsar ved å sette ord på rekasjonar barnet har. "No ser du trøtt ut lille venn. Trur det er tid for middagstid". "Eg ser at du vart skuffa no når du ikkje fekk lov å gå på kino. Eg kan godt forstå at du vart skuffa". Mykje av dette kjem naturleg for dei fleste foreldre å seie utan å tenke over det, men eg synest det er veldig interisant å lære meir om. Det året me var fosterforeldre fekk me teoretisk og praktisk erfaring omkring dette med speiling. Men for all del, eg er ingen ekspert på området, berre ei heilt vanleg mamma som strevar med dei same tinga som dei fleste andre. Heldigivis er det håp for for oss alle *smil*. Med bevisstgjering og ein dose tolmod med seg sjøl kan ein sakte men sikker endre adferdsmønster. Viss ein vil då. Det kan vere skikkeleg hardt arbeid, det kan eg skrive under på, men når ein merker resultata forstår ein at det var verdt det.

Hugs, du er SÅ så viktig for barnet ditt. Det ville valgt DEG blant alle andre. 



God klem frå Kristina 




mandag 28. mars 2016

DIY seglebåt

Eg får stadig nye ideàr som eg har lyst å prøve ut. Mange av dei blir med tanken og nokre få blir realisert. Her er eit av dei sistnemnde. Seglebåt av bogskinke-boksar! Eg elskar å lage noko fint ut av ting som ellers ville hamna i boset. 
(DIY=Do it yourself).


Obs! Her kjem eit lite bilderas:












Dette er ein aktivitet som også egnar seg for barn, men kanskje ikkje dei heilt minste. 

Dette treng du av utstyr:



  • Bogskinkeboks
  • Maling 
  • Blomsterpinner str 7 mm (eller andre egna pinnar)
  • Spiker og hammar 
  • Papir med fine mønster (eventuelt stoffrestar)
  • Lim
  • Lita sag
Framgongsmåte: Mal eller spray boksane, 2 strøk. Sag pinnane i rett storleik (ca 15 cm) og mal dei kvite. Velg eit punkt der du vil at masta skal stå og spikre eit hol fra baksida og gjennom "golvet" i båten. Bruk deretter ein heilt liten spiker (minste type) og spikre den fast i masta/trepinnen ved at du spikrer den på bak i frå (som vist på biletet). Ta litt lim nederst på masta før du spikrer den heilt på plass. Eg tenkte fyrst eg skulle bruke skruar, men fant ingen som var små nok. Det ville kanskje gitt eit endå stødigare resultat. Klipp vimplar i ulike mønster og lim på. 





Desse skal nok etterkvart få pynta opp på barneromma. Må berre ta ein skikkeleg ryddesjau der inne fyrst. Ja for desse båtane her egnar seg best til pynt, eller iallefall varsam leik :)






Dette innlegget posta eg fyrste gong i nov 2011. Repriseinnlegg med andre ord.



Du kan no og fylgje meg på Instagram om du vil. Du finn meg på @nordibygdo



Kristina

fredag 25. mars 2016

Kva veg tar bloggen?

 Hjelp meg! Eg er litt rådvill, og tenkjer mykje om dagane. Tenkjer på bloggen og kva veg den skal gå. Føler eg står ved eit vegkryss no. Har lyst å blogge meir og få fleire lesarar etterkvart. Eg sit inne med så mykje som eg brenn for (om det er interisant og klokt er ei anna sak) og ser bloggen som ei fin arena å få lufte saker og ting på. Som heimearbeidande mamma er det godt å ha eit pusterom der ein driv med noko anna ann klesvask og oppfølging av barn. Å vere kreativ er noko eg er skapt for. Gjennom bloggen får eg brukt det og. Som de veit er eg personleg kristen og er glad i Gud og alt Han har gjort for meg. Eg klarer ikkje legge lokk på den delen (som er altomfattande eigentleg), men er usikker på kor tydeleg kristen profil eg skal ha? Vil jo at dei som ikkje er kristne og skal finne det kjekt å lese bloggen. Kanskje taler livet meir enn orda? At det forhåpentlegvis vil lyse igjennom kva eg står for og meiner? Utan at eg treng å annonsere at dette er ein "kristen blogg"? Eg er ikkje redd for motgong. Kan hende eg må innføre godkjenning av kommentarar før publisering, men det er eg klar for. Likevel er det ingen grunn til å vere kjempetydeleg på det eg trur på viss det berre fører til at det kun er ei lita samling folk som har glede av å lese bloggen.

Så mange spørsmål. Så rådvill. Eg ber og tenkjer. Og no luftar eg det her.


Kven er målgruppa mi? Andre småbarnsmødre iallefall. Men skal eg tenkje breiare enn det? Blogge variert slik at fleire finn det interessant å kikke innom?

Og så har me denne Jantelova då. Du skal ikkje tru at du er noko. Dei tankane dukker og stadig opp. Ingen vil følge bloggen din uansett. Men nei, det vil eg vere ferdig med. Ikkje det at eg er perfekt, så langt i frå. Men godt nok? Er ikkje det bra nok? Alle har potensial i seg, og det kan det hende denne bloggen og har. Får tida vise....







Til deg som les dette. Ikkje la deg tråkke ned av andre sine kommentarar eller meiningar om deg. Når nokon seier noko dumt til deg, eller du sjølv tenker noko negativt, så spør deg sjølv; Er det sanning i dette? Som oftast er det løgner me går rundt og lar styre oss. STOPP! Kan du sei til dei tankane. Eg er meg, og eg er bra nok. Ja tilogmed meir enn det, eg er faktisk ei unik utgåve av eit menneske Gud har skapt. Med heilt eigne eigenskapar og kvalitetar, og med ein uvurderleg stor verdi heilt uavhengig av alt det eg får til og ikkje får til.


God klem til deg frå meg

Redigert. Om du vil lese innlegget eg har skrive i etterkant om kva veg bloggen faktisk tar kan du trykke her.






torsdag 24. mars 2016

Påskepynt med budskap

Me er heilt imot påskekyllingar og tenker det er ein hedensk tradisjon som ikkje har noko med påsken å gjera. Uff nei, no tullar eg godt, hehe :) Både påskeharar, påske-egg, kyllingar og tulipanar høyrer med når det er påske. Likevel er det noko som betyr endå meir for oss, og det er påskens eigentlege budskap: Jesu død og oppstandelse!




Etter litt opprydning og beskjæring i hagen hadde me nokre lange kvistar (ein busk liknande Spirea, men veit ikkje namnet på den) som eg tenkte var fine å lage kransar av.



















Ungane vart med.

Me surra litt stålstreng rundt og forma så godt me kunne til små kransar.












Etterpå klypte eg ut kors av kremfarga stivt papir. Trykte ut eit hol oppe og fann fram lim og paljettar. Dette var ein fin liten aktivitet for alle 4 hos meg. Kranselaginga passa best for dei to eldste, Sara og Jonas som er 10 og 7 år.














Kransar pyntar no opp i både gong, stove og kjøkken.





















Kransane minner oss om tormekransen Jesus måtte ha på seg langfredag. Jesus vart pint for vår skuld.
Korset minnar oss om Jesu død. Han bar ALL verdens synd på korset.
Paljettblomane på korset minner oss om oppstandelsen. Jesus vann seier over døden og stod opp igjen tredje dag. 

God påske ♥





OBS! Det gjekk litt gale med bilderedigeringa denne gongen. Valgte lys gul istadenfor kvit rundt bildene, asj, ikkje så fint og såg det først lenge etterpå. Har prøvd å fikse det, men eg trur eg må slette innlegget og legge det ut på nytt om det skal virke. Håper de bærer over med det :)

mandag 21. mars 2016

Kvardagen vår, del 2

Etter eg hadde skrive første del av kvardagen vår kom eg på at eg hadde gløymd å ta med mange viktige ting. Derfor vil del 2 i denne vesle serien min også handle om aktivitetar me gjer på inne og ikkje ute slik eg forespeila. Håper det går greit ;)

Baking er ein favoritt. Når Mikael får sin eigen litle deig så er han fornøgd og held roen ei stund. Litt kaos kan det bli, men prøver å senke kravet til at resultatet må vere perfekt. Når barna er med å baker blir det litt på deira premisser. Litt iallefall. Eg liker å få litt å legge i frysaren og. Kjekt for dei små og kjekt for meg.











Pappa kjem innom ein liten tur frå jobben.






Bygge tårn med treklossar er også kjekt.



Mikael har funne ein alternativ måte å bruke treklosse-boksen på.


Tegning er noko ungane i huset her driv mykje med. Me har eit eige bord som går for "tegnebordet". Det ligg i kjøkkenstova som er midt imellom kjøkkenet og stova vår. Det blir mykje rot av det, men me tenker at det er verdt det. Ungane er flinke til å vera med å rydde, men tar ikkje lang tid før det flyt av ark og tegnesaker igjen. Kreativt rot kan ein vel kalle det.


Storebror Jonas er komen heim ifrå skulen.






Høyre på musikk er gøy! Her guffar me "Hvem er jungelens Konge" med Solveig og Bjarte Leithaug. Det er utruleg korleis musikk kan vere med å løfte humør og stemning. Eg blir glad sjølv av å høyre på musikk med ungane. Har eg ein litt trøtt morgon set eg ofte på musikk. Då går alt så mykje lettare.




Danse litt ☺






Pusling!





og sist, men ikkje minst: 
Lesestunder! Det er gull.




Dette er noko av det me driv på med om dagane. Tar gjerne imot gode idèar til andre aktivitetar som kunne vore kjekt å prøvd ut ☺ 

Takk for at du besøkte bloggen. Ønsker deg ein god dag.

 Kristina




fredag 18. mars 2016

Lag is av brusrester

Det går mot sommartider og det betyr også sesong for å ete meir is. Deler her eit veldig enkelt og rimeleg tips til korleis å lage is til barna. 

I vårt hus blir det ofte ståande igjen brusrester etter helga eller etter feiringar. Istadenfor å kaste dei, så kan dei heller koma til nytte som dette.








Mikael hjelper mamma.










Brettet er klart til å settast i frysaren.







Etter nokre timar er isane klare.





Desse siste dagane har vore fantastisk fine her på vestlandet. Ikkje akkurat så varmt at det er behov for å kjøle seg ned med ein is, men likevel stor stas for ungane. No er det vår! Då passa det med ei lita feiring på terrassen med isen me laga oss.

♥♥♥





tirsdag 15. mars 2016

Storesøster og veslebror




Måtte berre dele dette bildet av eldste og yngste i søskenflokken. 





Svein er heldig som får ha ei storesøster som Sara. Ei som kan løfte opp og trøste når mamma ikkje har mulighet til å koma med ein gong. Og som kan prate og gi mykje oppmerksomhet. Så er Sara og heldig då. Ein god liten babybylt med mjuke kinn og to små fine hender. Kva er vel betre enn å kose med ein slik ein? Søsken er ei gåve ♥

søndag 13. mars 2016

Dette er kontantstøtte

Ei veninne fortalde ho hadde vore hos frisøren nyleg. Frisøren hadde nettopp komme tilbake i jobb etter fødsel og far var no byrja på si persmisjonstid. Om knappe 2 mnd var det klart for barnehagestart. Frisøren grudde seg til dette og uttrykka, slik eg forstod det, at ho syntes det var for tidleg for barnet å vere borte frå mamma og pappa. Då veninna mi fortalde henne at det finnes noko som heiter kontantstøtte og kva det inneber, vart ho overraska. Eg for min del vart forundra over uvitenheten rundt dette tilbodet og fann straks ut at eg måtte skrive eit blogginnlegg kring temaet. 

Kontantstøtte er ei økonomisk støtteordning du kan få dersom du ønsker å vere heime med barnet ditt etter endt permisjon. Du kan få kontantstøtte fra og med månaden barnet ditt fyller 13 månader, til og med barnet fyller 23 månader. Per dags dato er summen 6000 kr /mnd. Dette er skattefrie kroner. Les meir om ordninga på NAV sine heimesider. 

Kontantstøtta blir ikkje framstilt som eit reelt alternativ. Folk veit mest ikkje om at det finnes noko som dette! Det er skremmande. Etter mi meining er dette ei flott ordning for alle som ynskjer å la barna få ein litt rolegare start på livet og utsette barnehagestart ei stund. Veldig mykje skjer frå barnet blir fødd til det eit år, men jammen er det mykje som skjer i utviklinga til barnet i tida frå det fyller 1 til 2 år og. Spesielt er denne tida svært viktig for ei trygg tilknytning mellom foreldre og barn. Det er ei så dyrebar tid som ein aldri får att. Eg trur mange kjenner på eit sakn etter å vere heime lenger enn permisjonstida varer. 

Kvifor informerer ikkje jordmødre og helsesøstre om dette tilbodet? Folk er uvitande om kva kontantstøtte eigentleg er, og vurderer derfor ikkje eingong det som eit alternativ.

No er kontantstøtta utryddningstrua, desverre. Høyrde at både Høgre og dei fleste andre parti går mot ei avvikling, og at det berre er KrF som sit att som forkjemparar for ordninga. Dette er trist. Foreldre skal ikkje få lov til å velge det dei meiner er best for barnet og familien sin. Politikken er klar, alle skal ut i jobb. Ellers får ein klare seg sjølv.










Me er innstilt på å klare oss sjølv dersom kontantstøtta skulle bli fjerna. 
Family first, nomatter what ♥. Så får me heller leve litt enklare den tida. Gud er trofast og Han vil sørge for oss. Kanskje får me vokse i det å stole meir på Gud gjennom tider med lavare inntekt. Livet har ein tendens til å bli altfor forutsigbart og trygt her i vår del av verden. Eg og Ørjan har iallefall merka at det ligg skjulte skattar gøymd i det å leve på mindre pengar, og at t.d takknemleghet og gleden har blitt større. Eg trur at det å leve enklare fører mykje bra med seg og vil nok komme meir innpå temaer knytta til det i seinare innlegg. 



Meg og vesle Svein, ca 4 mnd gamal.


Bibelen forteller oss at me ikkje treng vere bekymra. Her er nokre fine vers i frå Matteus 6, 25-27: 

"Derfor sier Jeg dere: Vær ikke bekymret for livet deres, hva dere skal spise eller hva dere skal drikke, og heller ikke for kroppen, hva dere skal kle dere med. Er ikke livet mer enn maten og kroppen mer enn klærne? Se på fuglene i luften, de verken sår, høster eller samler i hus. Likevel gir deres Himmelske Far dem mat. Er ikke dere av større verdi enn dem? Hvem av dere kan ved å bekymre seg legge så mye som en alen til sin livslengde? "

Vers 33: Søk først Guds rike og Hans rettferdighet! Så skal alt dette bli gitt dere i tillegg."


fredag 11. mars 2016

Kvardagen vår, del 1

Eg tenkte eg vil dele litt om kvardagen vår og kva me gjer på om dagane. Mange tenker at det må bli lange dagar og lurer kanskje på kva ein bruker tida på. I denne første delen deler eg litt om kva me gjer på innandørs på føremiddagane. Me er sjølvsagt ute også, men det kjem eg tilbake til i eit seinare innlegg. Eg veit ikkje om dette er interisant for andre å lese om, men eg tar sjansen på at det kan vere det for nokon. Kanskje mest for andre i same situasjon som også er heime med små barn. 

Sara og Jonas går på skulen kvar dag, medan Benjamin har nokre månader igjen av barnahagetida si før han og blir skulegut. Til vanleg er eg altså heime med minsten (1/2 år) og Mikael på 2 1/2 år. Benjamin har full plass i barnehage, men eg har han heime ein dag i veka ettersom kva dag som passar best.






My dear little boys



Dagen startar med frukost saman heile familien. Me set stor pris på den stunda ilag før alle går kvar til sitt. Andakt (kort) og vekas bibelvers høyrer med. Ørjan tar med seg Benjamin og fylgjer han til barnehagen, og eg sender skuleungane avgarde. Klokka er ca 08.15. når me vinker og klemmer farvel til dei.



Bildet er ikkje fra eit frukostmåltid. Her koste me oss med vaflar.
Eg steller dei to minste, om dei ikkje allereie er det, og tar deretter kjøkkenet. Her ryddar eg etter frukosten og gjer dagens gjeremål på to-do lista mi. Det hjelper meg å vere strukturert og få gjort unna ting.

Litt husarbeid må det berre bli. Og Mikael henger seg på. Han blir gjerne med å bretter klær som her på bildet under. Klesvask blir det eindel av med 7 mann i familien. Eg prøver meg fram på rutinar som kan fungere for å vere nokolunde ajour på denne fronten og. Ikkje heilt lett, men eg nærmar meg noko som fungere bra for oss. 




Så er det tid for leik. Sjølv om det er mykje som burde og skulle vore gjort så prøver eg å ta meg tid til å sette meg litt ned med 2 åringen vår og vise han min fulle oppmerksomhet. Han treng det. Eg merkar fort på humøret og trivselen om han berre må gå å leike aleine heile tida. Dette er viktig prioritering, og absolutt nødvendig når ein har valgt å ha barna heime framfor barnehage. Så får eg prøve å vere ein så god leikekamerat som mogleg ;) 





Å bygge tårn av ulike klossar er alltid ein vinnar for denne karen. Noko anna som er gøy er perling. Dette er god trening for finmotorikken vil eg tru.





Avogtil legg mamma seg ned på golvet for å prøve å trene litt. Då kjem det raskt ein liten kar som vil ut og fly. Så her er me altså ute på ein liten flytur.

Minsten og er med på dette. Han er ein skikkeleg herjegut. 







Sjølv om det er avstand i alder på dei to minste hos oss (2 år), så merkar eg godt at dei har glede av kvarandre. Her er dei med på togbyggelaging begge to.






Ekstra stas er det når storebror Benjamin er heime frå barnehagen. Her er dei igong med å male på ark. 










Me gjer ikkje ALT dette på ein føremiddag, det kjem fram av dei ulike klærne dei har på seg på bildene. Eg har tatt bilder litt no og då for å vise dåke eit glimt av kva me gjer på inne om dagane. Eg tenker no at eg og skulle tatt bilde av Mikael som ser på film, for det hender også rett som det er. Eg kan ofte kjenne på trøtthet om føremiddagane og tyr då til ein filmsnutt for 2 åringen medan minsten søv. Er eg heldig så blir det ein dupp på sofaen. Eg må ta med dette for eg vil ikkje framstille meg som bedre enn eg er. Spesielt kan det vere vanskeleg å vere blid og positiv og ta alle trassutbrudd på rette måten dersom ein har sove dårleg på natta. Eg er ikkje alltid på topp, berre så det er sagt. Men mykje smil og glede blir det uansett iløpet av ein dag. Ein smiler aldri så mykje som når ein er saman med barn. Og så mykje skjønt og herleg som dei får til å seie? Eg må berre smile og le av alt det fantastiske som kjem ut av munnen på Mikael som er 2,5 år. 2-3 års alderen er unik der synest eg. Dei seier SÅ mykje skjønt! Føler meg så heldig som får dele kvardagen med mine søte små, og følge tett med på utviklinga deiras. Tilby meg allverdens karriæremuligheter. Eg velger dette.

I del 2 vil de få vite meir om kva me gjer på her nord i bygdo om dagane. Så følg med ;)









Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...