fredag 26. februar 2016

Så glad eg får dele kvar dag med desse 5

I dag vart det ein liten fotosession her heima. Eg bada ungane og fann fram passande klær. No med det fine lyset ute og i tillegg litt snø var det fine forhold til å ta bilder i.

Takkekort-bilder og bilde til avisa. 
(Ja, veldig seint ute. Litlagullet har jo rukke å bli 5 mnd alt).

Lenger nede i innlegget fortel eg litt om valet mitt med å slutte å jobbe som sjukepleiar for å vere heime på fulltid. 


































Mine 5 elskede små skjønningar. Dåke fyller dagane mine med latter, smil, glede og uendeleg masse kos. I tillegg følger det med ein dose bekymring og tiltider grå hår. Eg kan bli så oppgitt og frustrert at eg ikkje veit kva eg skal gjere. Likevel, dåke 5 er det beste som har hendt meg (itillegg til pappen dåkas og vår Far i himlen). Eg er så glad for at eg får dela kvardagane med dåke. Trivielt kan det vere ja, men heilt uerstatteleg. Me blir ikkje rike på pengar og materielle ting, men det som betyr endå meir er me så heldige å få dele saman. Tid. Måltid. Leksetid. Kosetid. Lesetid. Kveldstid. Stelletid. Nattatid. Ja tid til alle døgnets tider.

Som Karsten Isaksen så fint har sagt det; "Tid tilbrakt sammen med barn, er de minst bortkastede timene i ditt liv".

Så langt har eg ikkje angra på at eg la sjukepleiarkarriæren på hylla for å heller vere heime på fulltid. Noko av det beste med valet er at eg kjenner meg så tilfreds. Eg veit at eg gjer det som er det rette for familien, og eg får vere nær ungane mine i kvardagen. Eg kjenner på ein fred, innst inne. Det er her eg skal vere no. Alt har si tid. 

Eg kjem ikkje til å søkje barnehageplass til 2 åringen min (som blir 3 i august). Fullstendig politisk ukorrekt, men i mitt mammahjerte kjennest det heilt rett ut. Ettersom åra har gått har eg og Ørjan blitt meir trygge på å ta val som går mot strømmen. Me velger det me trur er det beste for barna og oss som familie, og mest av alt det som Gud legg ned i hjartene våre. Eg kunne sagt mykje om institusjonaliseringa av barn som foregår idag. Det blir snudd på hovudet når det blir framstilt slik at foreldre er ukompetente til å ta seg av sine eigne barn. Sanninga er at det ikkje er noko rosenrødt i det heile tatt for barn å gå i barnehage heile veker, og aller minst for dei under 3.

Det blir meir om dette temaet frå min kant etterkvart. Eg meiner det trengs å løftast fram motvekter til venstresida i norsk politikk som absolutt skal ha alle barn inn i same bås. Å ta seg av sine eigne barn er det mest naturlege som finnes, og etter mi meining det som også er det beste for barna. (Bortsett frå i enkelte tilfeller). Spør barna kva dei vil. Eg har fått klar tale ifrå mine (mine 3 eldste har alle gått i barnehage). Ein kan jo spør seg kven barnehagane vart laga for? Var det verkeleg for at barna skulle få ein betre kvardag med fleire jamgamle å leike med? Neppe.






De dagene som kom og gikk, ikke visste jeg at de var selve livet.






God helg til alle som er innom ♥

søndag 21. februar 2016

Vinterferie 2016

Me var så heldige å få låne hytte av tanta og onkelen min denne vinterferieveka me no har lagt bak oss. Tenkte å vise dåke litt bilder frå turen vår her på bloggen. Hytta, som er meir som eit hus og heilt nytt, ligg fint til i Ølve, ei lita bygd i Kvinnherad. Her bur besteforeldra mine på morssida og me fekk då samtidig høve til å besøke dei fleire gonger medan me var der. Det er alltid så godt å vera i Ølve, mitt barndomsparadis, og ein av dei vakraste stadane eg veit om.

Det vart vinterferie utan snø, men mykje kos alikavel. Her har me fyrt opp i bålpanna utanfor hytta. Me grilla pølser med pinnebrød surra rundt. Enkel middag den dagen.








Hytta, som er i funkisstil, har store deilige opphaldsrom. Det vart mykje tid til innekos og. Her har min kjære mann dekka til frukost, noko han er veldig god på. Han står alltid tidleg opp, bruker tid på bønn og Bibel, og steller istand frukost etterpå. Eg er litt bortskjemd der :)










Litt baking vart det og. 

Appelsinkake med appelsinkrem inni

Sjokoladebollar




Og kvar kveld var det filmkveld. Me såg Istid 1, 3 og 4. Då vart det dekka med noko godt på bordet. Her hadde me nybakte sjokoladebollar (vanlege kveitebollar med bitar av kokesjokolade inni). 



Mine 5 skjønne små og min gode mann.


Mammo og minsten er inne og lagar middag medan dei andre er ute og leikar.

Babyen min er blitt stor, snart 5 mnd. ÅÅåå kor fantastisk god han er ♥


Her er bildeter frå då me var på garden til oldebesto og oldebesten (mine besteforeldre). Iløpet av ca eitt års tid har ungane våre mista 3 oldeforeldre. No har dei 3 igjen. Tid saman med dei er dyrebar.



Oldebesto saman med sitt yngste oldebarn.

Oldebesten i sitt rette element. 

Føler oss så velsigna som fekk desse dagane ilag. Både at me alle hade mulighet til å reisa ilag og at me fekk låne denne fine hytta. Det er godt å koma bort frå det vante og berre vera ilag som familie. Heime er det alltid noko som skal gjerast og eg merkar eg har lettare for å bli stressa og dermed ikkje så mykje å møta ungane med. På turar som dette får ein meir tid og overskudd til å sjå kvarandre, spela spel ilag, lesa bøker ilag, gå på turar og andre kjekke ting som knytter oss meir saman. Me har ikkje vore på overnattingstur ilag som familie sidan i fjor sommar, så det var ikkje rart at ungane var heilt i 100 då dei fekk vite me skulle på denne turen.







Takk for oss!









Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...