fredag 19. august 2016

Tilbake til kvardagen og tilbake til bloggen

Ein lukkeleg augneblink i stova vår! Brødrene leiker fint ilag og minstemann blir amma. 
Etter ein lang sommarbloggepause er eg no tilbake med nye innlegg på bloggen. Har du hatt det fint i sommar? Det håpar eg. Her vart det ein regnfull sommar, heldigvis med nokre unntak innimellom. Me har vore mykje heime og veret på vestlandet denne sommaren har vore veldig dårleg. Eg starta med stor iver og opptimisme på å vere mykje aline med våre 5 små, men må sei eg vart meir og meir klar for skulestart og rutinar siste vekene. Me fekk oss ei fin veke på Solstrand camping, og heldige oss fekk vere ei helg med denne fine familien på Evje (som no teller to store og 6 små). Ellers har me vore heime. No er det godt med rutiner, kvardag og skule. Tenk no er 3 av 5 hos oss skulebarn! Benjamin hadde sin første skuledag i går. Det er går så fint med han. Det er ein stor velsignelse.

Me har det bra, Gud er god ♥ Det finnes langt verre ting enn dårleg ver. Eg er glad eg har Gud i livet mitt som hjelper meg å halde rett perspektiv på kva som er viktig her i livet. Guds ord er levande og virksomt og skarpare enn noko anna tveegga sverd. Eit dagleg inntak av "mat for sjela" er nødvendig.

Eg vurderte å skrive eit lengre innlegg med før/etter bileter av ein skjenk eg har malt, men no blir det filmkveld med mannen istaden. Husfreden har senka seg og det er tid for å berre vera oss to. Me skal sjå "Coragiuos" (redigert i etterkant: utruleg bra film! Anbefalt.)





Pasient! Berre på lat altså 

Hjulpe mamma og plukke rips

Då vart det saft i frysaren og. Takk snille naboSivert for at me fekk plukka.


Mange klemmer til deg der ute som er villig til å bruke tid på denne enkle litle bloggen min ;-) I`ll be back!




4 kommentarer:

  1. Godt med ferie og fridager. Men blir det mye regnvær kan
    det bli litt vanskelig å vite hva en skal bruke dagene til.
    Ekstra godt å komme igangn igjen med den daglige rutinene da.
    Flott at det går bra med alle tre på skulen. Alltid spennende
    når en ny skal starte opp. Ikke alle som finner seg like
    godt tilrette, det opplvde vi her.
    Så mye rips dere har plukket. Godt med egenprodusert saft
    utover vinteren.
    Ha en velsignet god sensommer :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja det er ein stor velsignelse når ungane trives på skulen. Så langt så bra. Håper du også har hatt ein god sommar Astrid. Takk for at du besøker bloggen og legger igjen koseleg helsing. Klem

      Slett
  2. Herlige bilder! :-) Jeg er heldigvis ikke så væravhengig med mine ferieaktiviteter (ligger lite på stranda) og har hatt en god ferie, men det ble ikke bading i sjøen på vestlandet i år.

    Men Solstrand camping er ikke en dårlig plass å være på om sommeren! :-)

    Ha en velsigna god uke!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for sist Ingar :-) Kjekt å få helse på deg på Solstrand, og artig å høyre at du er fra Harestua og kjenner pappa. Solstrand er ein flott plass. Me kosa oss der :-) Ha det fint så lenge. -Kristina

      Slett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...