tirsdag 30. august 2016

Litt galskap å male ein ny skjenk :-/ Frå mørkbeisa til kvit

Eg visste ikkje heilt kva eg gjorde då eg gjekk på dette maleprosjektet. Likevel er eg glad for det no, sjølv om det kosta meg x-antall strøk med kvitmaling før den vart ferdig.
Skjenken er kjøpt ny (galskap) på Jysk, ferdig montert. Eg visste eg skulle male den kvit då eg kjøpte den. Dei solgte ut utstillingsmodellen til 800,- og sidan eg hadde vitrineskap i same serien gjekk eg for det. Vitrineskapet, som no har flytta plass, har eg tidlegare hatt eit DIY-innlegg på. Klikk her for å sjå det.



Før:

Etter:


Jysk har kanskje ikkje dei mest solide møblane, det er eit stort ankepunkt. Men prismessig passa den vår lommebok, så får me prøve å ta godt vare på den slik at den kan vare lenge. Gøy å gjere om møblar slik at dei passar inn i vår stil. 



 Me har endeleg fått forstørra bileter av ungane og hengt dei på veggen.




♥ ♥ ♥






Ynskjer deg som er innom ein fortsatt god dag. Takk for besøket ;-)

Klem fra Kristina

3 kommentarer:

  1. Så fin den ble. Tror den holder ganske lenge
    Har kjøpt en tv benk der og den har nå holdt
    i flere år.
    Koselige bilder. Er jo stas å ha bildene på veggen.
    Ønsker deg ei fortsatt god uke :)

    SvarSlett
  2. Så smart og så lurt dette var, virker som det var skikkelig kvalitet på møblene:))
    Likte det kjempegodt 💕
    Nydelige bilder av barna, passet flott over skjenken 💕

    Klem Bente

    SvarSlett
  3. Så nydelig det ble! Ser jo ut som den skjenken var ganske solide saker da. Du er flink med malekosten!

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...