fredag 24. juni 2016

12 Å R saman


For nokre dagar sidan feira me 12 års bryllupsdag. 12 år med gleder og sorger, oppturar og nedturar, sterke opplevingar og store begivenhetar. Men mest av alt har desse 12 åra vore ei fantastisk reise og utan tvil mine 12 beste år av livet. Takk min kjære Ørjan for alt du er for meg ♥




Dette har me lært gjennom 12 år:
  • Ver klar over kjærleiksspråka til både deg sjølv og ektefellen din. Sørg for at du gir det den andre treng, enten det måtte vere fysisk kontakt, udelt merksemd/tid eller det er gode ord. Det handler om å gi heller enn å få.
  • Bruk tid saman! Sett av ein kveld i veka eller oftare der fokuset er å dele hjerter og pleie kjærleiken. 
  • Snakk om ting! Ikkje vent til det sprikker. Våg å snakke om det som kjennes vanskeleg. Relater det du vil sei til deg og dine følelsar. "Eg opplever det vanskeleg når du bruker så mykje tid på nettet" heller enn "Må du alltid bruke så masse tid på nettet?" Då er det lettare å få til ein konstruktiv samtale. Ein må møtast på midten i mange situasjonar.
  • Lytt til den andre! Prøv å forstå kva det er den andre opplever og bakgrunnen for det. 
  • Gi kvarandre rom. Det er sunt å ha hobbyar og drive med litt andre ting enn berre familien. Mannen likar jakt medan eg likar å sy t.d. 
  • Ikkje tenk på eller snakk om skilsmisse som eit alternativ. I frustrasjon og sinne er det lett å sei mykje dumt. Bestem deg for å ikkje bruke skilsmisse som ein trussel.
  • Tilgivelse er viktig! Alle seier og gjer dumme ting innimellom. Då er det avgjerandre å gå til den andre å be om tilgivelse. Like viktig er det at den andre tilgir. Tilgivelse er eit valg, ikkje ein følelse. Ikkje tru at det er greit å berre gå vidare utan å snakke om det dumme som skjedde. Det hjelper ikkje å berre legge eit plaster over eit betent sår. Sørg for å rense såret og få bort det betente.
  • Hugs, du kan ikkje forandre den andre, men du har mulighet til å forandre måten du ser og møter den andre på.
  •  Inkluder Gud i ekteskapet (for deg som er kristen). Ein tretvinna trå er ein sterk tråd. Bruk tid på å be og lese Bibelen saman, det er med å løfte og styrke forholdet. 
  • Klimaet mellom oss som ektepar påverkar heile familien. Har me det bra saman, ja då har alle det bra.


Ta vare på ekteskapet!


2 kommentarer:

  1. Gratulerer med overstått bryllupsdag, bra jobba!! Me feirar 12 års bryllupsdag i slutten av juli, så me er hakk i hæl;) Eg syns det er godt å kjenne at me står enda sterkare saman når me har kome oss gjennom vanskelige periodar:) Morsomt å sjå korleis fleire viktige hendingar i liva våre sammenfaller sånn nokonlunde:) Kjekt med nytt blogginnlegg, du skriver reflektert og bra! Solbjørg:)

    SvarSlett
  2. Gratulerer med vel overstått 12-års bryllupsdag, snart halvveis til sølvbryllup! :-)
    Du lister opp 10 fine og viktige læringspunkter, de punktene vil være viktige og riktige også i årene som ligger foran dere!
    Velsigna gode dager!

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...