tirsdag 3. mai 2016

Positive sider ved å leve på mindre inntekt

Her vart det ei uventa bloggepause etter at fiberledningen vart kutta tvert av i forbindelse med gravearbeid i hagen. Det var i grunn heilt herleg å vere utan internett nokre dagar, og eg fekk hjelp til å realisere det som eg skreiv om i forrige innlegg. Internett pausen kom i heilt rett tid i så måte. Eg har fått reflektert og tenkt over kor mykje tid eg vil bruke på den digitale verda og vil framover prøve å halde meg til reglar eg har laga for meg sjølv. Eg fann iallefall ut at det ikkje er lurt å ha skjermtid rett før leggetid. Det aktiverer hjernen min og overskygger trøtthet. Resultatet er at eg legg meg alt for seint til å sove og får for lite søvn. Viktig erfaring. Over til noko anna; Økonomi!

All respekt for dei som strever med økonomien og ikkje i det heile tatt opplever noko velsignelse med det å leve på lite. Eg har full forståelse for at det kan vere veldig vanskeleg. Likevel vil eg løfte fram det eg opplever som positivt med det å leve på lavere inntekt. Det å vere heime med barn i småbarnstida er eit verdival ein gjer som familie. Ein velger tid framfor pengar. Mykje bra kan koma ut av det:


  • Set meir pris på det ein får råd til å kjøpe seg. Både me vaksne og barna må kanskje vente lenger før me får det me vil ha og må faktisk ønske oss ting til bursdag eller jul. Mange foreldre som har god råd er flinke til å lære barna at dei ikkje kan få gaver utenom nettopp desse tidene, men når midlane er knappe blir ein pressa til å gjennomføre det.
  • Tar bedre vare på ting. Når ein ikkje kan kjøpe nytt så fort ein vil blir det heller til at ein fikser på det ein har, enten det er maling eller nytt stoff eller noko anna som må til. I lengden merker eg at dette gir meg ein mykje større glede og tilfredsstillelse enn å gå rett til butikken og kjøpe nytt. Ein lærer seg tolmod og takksemd.
  • Kjøper meir brukt. For å få pengane til å strekke til blir det ofte til at ein kjøper meir på bruktbutikker og via finn.no.
  • Lever meir miljøvennleg. Dette blir eit resultat av dei tre punkta over. Ein bil istadenfor 2, telttur istadenfor sydentur, brukt istadenfor nytt.
  • Lever mindre materialistisk. Ein positiv faktor kan bli at verdiane enda meir blir knytta til enkle gleder meir enn materielle prosjekt. Dette kan nok variere, og for min del kan eg berre sei at eg har ikkje lagt bort alle prosjekt i hus og hage enda. Men eg veit med meg sjølv at dersom me hadde hatt 2 fulle inntekter ville enda meir penger gått med til å realisere materielle drømmer.
  • Eit gode er også at ein lærer barna gode verdier. Både når det gjeld takksemd, miljø, kjøpe brukt, ta vare på det ein har og at verdens gleder ikkje ligger i penger aleine.
Det blir ikkje ny flott bil når ein lever på ei inntekt :) Bildet er ifrå våren 2012


Eg kunne også sagt eindel om utfordringer knytta til lav inntekt, men det var ikkje fokuset her. Eg tenker og at lav inntekt ikkje trenger å bety dårleg økonomi. Det handler om korleis ein disponerer pengane. Ein kan likegodt ha veldig høg inntekt og likevel ha problemer med økonomien. Derfor kan barn i familier med 1 full inntekt eller 1 full og ei deltidsinntekt bli like godt materielt ivaretatt som i familiar med 2 fulle inntekter. For ikkje å snakke om verdiformidlinga. Eg trur mange barn i Norge i dag rett og slett lider av at foreldrene har for mykje pengar. Me ser det i samfunnet elles og at verdigrunnlaget er blitt flytta frå bibelske verdiar om nestekjærleik og Gudsfrykt over til pengar aleine. Kva er det som styrer samfunnet politisk t.d? Det meste handlar om økonomi. Det er ei skummel retning me tar og ingen er upåverka. Eg har nok med meg sjølv på dette området og kan på ingen måte sei eg er noko betre enn andre.

Eg trur altså det finnes mykje bra ved det å velge bort høg lønn til fordel for det å vere meir saman heime med barna og familien. Har du andre tankar rundt dette så legg gjerne igjen ein kommentar.

Blessings, Kristina

4 kommentarer:

  1. Eg har stor respekt for dei som vel dette, og eg skulle virkelig ønske at vi hadde muligheten til det vi også, det er noko som vi diskuterar med jamne mellomrom. Samstundes har vi heller ikkje i overflod sjølv om vi jobbar begge to. Eg jobbar turnus og deltid som miljøterapeut i ein bustad for funkjsonshemma. Men uavhengig av dette er huset vårt fullt av bruktfunn. Den einaste Ipaden vi har kjøpte eldste jenta av bursdagspengane sine. Eg trur at borna våre lærer mykje av dette. Vi har råda til det vi treng, men vi har ikkkje råda til å kjøpe alt vi vil ha. Det er ein viktig forskjell. For treng vi alt vi vil ha? Eg trur dessverre mange foreldre kjøpar borna sine med pengar. Vi kjenner mange der alle i familien har kvar sin Ipad, kvar sin Pc og kvar sin smarttelefon. Diskusjonen om økonomi handlar også om dsikusjonen om tid. Vi treng å lære borna våre at brukte ting også har verdi. Dette vart veldig langt, men dette og disponering av tid, ikkje minst borna si tid er noko eg syns er viktig.

    Takk for oppskrifta på kaka. Den vart svært godt motatt, og eg trur eg må lage den igjen til neste bursdag om drøye 14. dagar.

    Riktig god langhelg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Anita og tusen takk for dette fine kommentarbidraget. Du peikar på mykje bra her. Kjekt at kaka smakte :) God langhelg til dåke og.

      Slett
  2. Enda et innlegg til ettertanke! Slik jeg ser det handler dette om verdier, bevisste valg og forvaltning - og så handler det noe om hvor ditt hjerte er... Det sistnevnte anbefaler jeg alle å ta en "selvangivelse" på, det kan gi noen erkjennelser. Jeg har levd noen år og må bare innrømme at jeg ser litt annerledes på ting nå enn tidligere.
    Gud velsigne deg og din familie i de valgene dere har gjort, Kristina!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Ingar. Kor hjerta er, ja det er både utfordrande og viktig å reflektere og be over. Alltid kjekt å lese kommentarane dine. Blessings.

      Slett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...