torsdag 5. mai 2016

Med minsten på ryggen



Me var heldige og fekk bæresele av nokre gode venner i gåve til Svein då han vart fødd. Denne ergo-baby bæreselen reddar ofte dagen min, og eg må berre sei eg likar den veldig godt. Eg har tidlegare prøvd babybjørn sin, der ein bærer barnet på magen, men det har ikkje fungert for meg. Eg har fått vond rygg både av den og av vanleg bæremeis, medan denne frå ergo-baby er mykje meir ergonomisk. Barnet sit tett inntil ryggen, noko som er positivt på mange måtar.

Eg prøver no å venne litle Svein til å sitte i denne ved å ha han oppi litt kvar dag. Det går fint an å klare dette sjølv når ein er aleine heime. Har høyrd at babyar må vennast til å sitte i bæresele frå dei er små dersom dei skal akseptere det når dei bli større. 

Etter litt trening for mor og barn (ja for det er trening å bære barn på ryggen, ikkje minst for lårmusklane) håpar eg på at me kan bruke den utandørs no etterkvart. I dag var eg og denne goingen heime medan dei andre 5 var på fjelltur. No vil me og snart vera med !




Go klem herifrå 


2 kommentarer:

  1. SÅ BRA AT DU HAR FUNNE EIN SELE SOM FUNGERAR FOR DOKKE BEGGE.
    OG KLART DOKKE OGSÅ SNART MÅ BLI MED :-)

    VONAR DU HAR HATT FIN KRISTI HIMMELFART OG SÅ YNSKJER EG DEG GOD HELG!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Sigrid, ja me har veldig lyst å vera med me og snart. Derfor er det berre å henge i å trene :-) Ynskjer deg ei god og velsigna helg.

      Slett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...