søndag 22. mai 2016

Mai er ein fin månad....

... men og ein travel. På ein positiv måte heldigvis.


Me har


feira Sara sin 11 års dag.







Tenk at jenta mi er blitt så stor allereie. Kor blir åra av? Det er spesielt å tenke på at du om berre 7 år er myndig. 7 år! Ja det er ein skummel tanke for meg. Eg blir fyllt med eit alvor over kor viktig tida er. Barndommen og oppveksten er med å legge grunnlaget for alt i livet, og er avgjerande for så mykje. Sjølv om barna veks til og blir meir sjølvstendige så treng dei oss likefullt så mykje. At me er der for dei, viser interesse og bryr oss om dei. Eg har så lyst å få bevare eit nært hjerteforhold til barna mine. Det trur eg kan bety veldig mykje.


Andre som veks i familien og. Benjamin er snart skulegut, og for eitpar veker sidan var me på førskuledagar på skulen han skal byrje på.



Min skjønne Benjamin. Lykkens sønn.
Det er mest som eg kjenner tårene pressar på når eg skriv dette. Denne guten altså. Kor glad eg er i han. På same måte kjenner eg også her tankane koma: Kva har eg gitt deg av verdi i åra før du byrja på skulen? Har eg vore nær deg slik du treng det? Har du fått oppleva at du betyr meir enn noko anna for meg og pappa? Har du fått sitta på fanget så mykje du har villa? Har det vore nok rom for deg innimellom alle andre søsken og gjeremål? Har eg fått formidla Jesus til deg og kore høgt du er elska av Far i himlen? Eg veit med meg sjølv at eg tiltider ikkje har strukke til. Eg har gjort urett mot deg og behandla deg feil. Spesielt det året me var fosterheim. Du var berre 3 år då, og måtte nok oppføre deg som mykje eldre enn du eigentleg var. Det gjer meg vondt å tenke på. Men eg veit og at me har fått oppleve mykje verdifullt ilag, og eg er takksam for kvardagane me har hatt ilag. Me får tru at det har vore godt nok og at du har fått den nødvendige ballasta for å gå vidare. Heldigvis er du liten endå og me skal få mykje god tid saman framover. Og der me ikkje har strukke til, der må me be Gud om hjelp. 


Av andre viktige hendingar her nordibygdo kan eg nemne:

Besøk av sementbil. 4 gutan følger spent med :-)





























Og sist, men ikkje minst, 17.mai:


Hipp hipp Hurra!







Ungane var storfornøgde då dei fekk pengar av mormor til å kjøpe is og brus. Ja for is høyrer med på 17.mai, uansett om det er så kaldt at ein må ha hanskar på for å ete den, haha ;-)
















Dette er glimt ifrå mai 2016 hos oss.

Til slutt vil eg koma med ei lita filmanbefaling: War room
Den såg eg og min kjære i går kveld og eg kjenner at den har gjort noko med meg. Bønn er eit mektig våpen! Eg kjenner for min eigen del eg har mykje å innta på dette området. Eit sterkt bibelvers som dei og siterte i filmen vil eg ta med her 

...hvis da Mitt folk, som er kalt med Mitt navn, ydmyker seg, ber og søker Mitt ansikt og vender om fra sin onde ferd, da skal Jeg høre fra himmelen og tilgi deres synd og lege deres land.  2.Krøn 7,14

Ønsker deg som er innom alt godt

8 kommentarer:

  1. Flotte mai glimt og kloke tankar!
    Vår yngste vert 18år og myndig no i juni.
    Så ta vare på tida og sjølv om det er hektisk innimellom,
    grip deg i tenkje på at det ein har er her og no.
    Og at ein kan ikkje spole i tida!

    stor klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for gode ord og visdom. Så sant det du seier.

      Vær velsigna ♥

      Slett
  2. Kjekt med eit nytt innlegg frå deg:) Eg har også ein som snart er skulegut, og slike milepælar får fram mange tankar. Tankar som er ganske like dine igrunn;) Ønsker deg og den fine familien din gode vårdagar! Klem fra Solbjørg

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Solbjørg :-) Kjekt å høyre at nye innlegg bli sett pris på. Spennande med skulegut for dåke og ja! Rart kor store dei plutseleg blir når dei byrjar i 1.klasse. Ønsker dåke og fine vår/sommardagar ♥ Klem

      Slett
  3. Så koselig bilder fra noe av det dere
    har kosa dere med i mai.
    Flotte unger som er pyntet til 17.mai fest :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Tom Roger, og takk for oppmuntrende ord. Setter pris på at du besøker bloggen og legger igjen spor :-) Ønsker deg ein fortsatt velsigna dag.

      Slett
  4. Herlige bilder, likte særlig godt situasjonsbildet der 3 store gutter har "forlatt" lillegutt på gresset for å studere betongbilen som har ankommet! ;-)
    Og så har du dype tanker..., bare vit at du har vært til stede for alle dine selv om du hadde travle dager og måtte gjøre harde prioriteringer!
    Velsigna god dag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Ingar ;) Enig med deg at bildet med 3 gutter på rad og rekke med litleSvein liggande i graset bak er koseleg. Kan tru det var stor spenning her når Ølen betong var her med levering.
      Takk for oppmuntring når det gjeld tilstedeværelse med barna. Eg treng Guds nåde og hjelp kvar dag, det er iallefall sikkert.
      Vær velsigna ♥

      Slett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...