torsdag 21. april 2016

Te-selskap i stova



Mikael er flink til å oppvarte mamma. Her serverer han te til meg.
Barnemøblane og leikene de ser på bildet har me fortida ståande i stova. Det er mest fordi me ikkje har plass andre stader. 3 gutar deler soverom, medan minstemann søv med oss og prinsessa på snart 11 har sitt eige rom. Me er altså 7 personar som deler på 3 soverom. Går fint det :) Det skal seiast at me har eit fjerde rom disponibelt, men då det ligg i underetasjen og er ganske lite så er det ingen av ungane som har lyst å ha det. Alle dei andre 3 soveromma ligg i hovedetasjen der stove og kjøkken og er. Dei vil helst sove nær oss, og så langt har det berre virka positivt inn på søskenrelasjonane at dei har delt rom.  




 Denne guten er full av liv og glede heile dagen. Ein kan ikkje anna enn å bli smitta ;)


Dette vart reprisebilde for dei som er på instagram. Der kan du finne meg på @nordibygdo

Måtte dagen din bli innhaldsrik og god.
Klem

2 kommentarer:

  1. 3 gutter på ett rom - kjempekjekt! :-)
    Selv er jeg yngst av 5 brødre og vi var både 2 og 3 på rommet, det var kjempekjekt! Lagde vi mye bråk og spetakkel? Ja, det gjorde vi! Men det var viktig å være klar over hvem som var romsjef. Jeg vokste opp før det var noe som het familiedemokrati, så den broderen som til enhver tid var størst og sterkest var romsjef..., og det ble aldri meg. Men jeg fikk til gjengjeld enerom da de eldre brødrene hadde flyttet ut! ;-)
    Ha en velsigna god dag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Ingar :) Artig å lese det du skriver om romdeling da du var liten. Litt bråk og spetakkel blir det her og ja, men dei blir og flinke til å ta hensyn og det synes eg er bra. Sikkert ikkje alltid lett å vere yngst, sjølv er eg eldst av fem, men begge deler har sine fordeler ;) Ønsker deg og ein god dag Ingar!

      Slett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...