søndag 24. april 2016

Tannglas DIY


Eg hadde eigentleg lyst å kjøpe sånne moderne koppar med bokstavar på. Kvite melamin med forbokstaven til kvar av ungane. Men når eg har 5 av dei så hadde det blitt ein formue. Betre å laga noko sjølv då, tenkte eg. Me trong nemleg å få litt betre system på tannkostar og tannkremtubar på badet vårt.



Eg brukte:

Kjøkkenglas





Tavle-klistermerker kjøpt på Clas Ohlson
og tavlekritt.



1 - 2 - 3, ferdig.
Enklare blir det ikkje.




Me har fått betre orden på tannkostane og ungane har fått kvar sitt tannglas. 
Dei var godt nøgde iallefall. 






Om ikkje krittet blir fort viska bort? Jo, det blir det om det kjem mykje vatn over det. Ikkje verre enn å skrive på ny bokstav. Kjem nok til å vaske glasa for hand når det er tid for det. Om dei nye tannglasa vil fungere i lengden veit eg ikkje, men eg tok sjangsen og prøvde.

Desse klistermerka med tavleoverflate er kjekke til mykje forskjellig. Har brukt dei til å merke nokre boksar på Sara sitt rom blant anna. 



Det er kjekt å prøve ut idèar ein får. Noko funkar bra og noko funkar mindre bra. Kvafor ein av kategoriane denne DIYen kjem innunder er eg litt usikker på ;) Så langt er eg nøgd. Ikkje minst fordi dette tok meg veldig lita tid, og fordi me no har meir orden i tannhelsetinga til ungane (etter at eg hadde knipsa bildene vart det putta oppi kvarsin tannkremtube og tanntråd-pinne i glasa, men sidan det står at eg bloggar om i n t e r i ø r i headeren min så måtte eg nesten gjere det sånn kan du veta. Elles ville det blitt aaaltfor masse fargar og mønster av teite figurar. Eller hur? Skikkeleg juks, akkurat slik ekta rosabloggara ska gjera da :) :) 


Måtte dagen/kvelden din bli god.
K




1 kommentar:



  1. Your blog is very impressive and have the useful information it is really caught my attention.


    great work

    تصميم مواقع




    amazing

    شركة تنظيف بالرياض




    good job Beautiful! :)

    حراج السيارات

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...