fredag 29. april 2016

Så mange inntrykk iløpet av ein dag. Vern sinnet ditt.

31 år. Snart 32. Likevel så påverkeleg. Eg innser kor viktig det er at eg er medviten på kva eg fyller sinnet mitt med. Dagleg blir eg nærast bombadert av inntrykk, både gjennom sosiale media og elles. Det pågår ein kamp. Alle vil nå meg, fange meg, påverke meg. Med sin bodskap.

Ikkje alt er til oppbyggelse. Noko riv meg ned og gir meg ei dårleg kjensle. Likevel er det ofte slik at eg går tilbake til dei kjeldene likevel. Eg gløymer på ein måte det eg tenkte sist og lar meg lokke til å tru at dette var noko som gir lukke. Slik er det med alt det som ligg i det ytre trur eg. Det som handlar om fasade. Interiør, utsjånad, karriære, status. Me trur at desse tinga gjer oss lukkelege, og faktisk talt gir dei oss ofte ei lukkerus. Men kor lenge varer denne rusen? Den er omtrent som med blodsukkeret etter å ha ete sukker og raske karbohydrat; rett opp og rett ned igjen. Ja faktisk så hamnar ein ofte lenger ned enn utgongspunktet. Bevar ditt hjerte fremfor alt du bevarer, for livet går ut i frå det står det i ordspråkene. Eg må vakte meg for kva som får tak i hjarta mitt. Det kan kvele livet i meg.

Kjære Gud, hjelp meg å søke dei rette kjeldene. Dei som gir liv til sjela og ånda i meg. Hos deg Gud. Der er det liv, der er det ånd, der er det glede.

Eit vers som betyr mykje for meg: Gled dere i Herren alltid, igjen vil jeg si Gled dere! La deres milde sinnelag bli kjent for alle mennesker. Herren er nær. Vær ikke bekymret for noe, men la i alle ting deres bønneemner komme fram for Gud i bønn og påkallelse med takk. Og Guds fred som overgår all forstand skal bevare deres hjerter i Kristus Jesus. Amen. Filiperne 4, 4-5

Eg ser at eg må ta nokre grep og bli litt meir disiplinert. Til mitt eige beste. Eg må ha reglar for meg sjølv for kva eg fyller sinnet mitt med. Det vere seg kva eg ser på av TV/film, tid eg bruker på Instagram (har ikkje facebook), kva magasin eg les for å nemne noko. Ikkje for regelen si skuld, men fordi eg vil det og fordi eg treng det. Dersom noko oppbygger og gir glede, ja då er det greit. Derimot dersom noko berre gir ei kjensle av mismot eller at me t.d ikkje har det fint nok samanlikna med andre, då kan eg like godt kutte det ut. 

For min del, i ein travel fase av livet med mange små å ta seg av, kjenner eg ofte på at eg ikkje strekker til med alt eg skulle fått gjort. Skulle gjerne hatt meir orden her heima og at det var litt ryddigare og reinare. Då er det ikkje alltid så inspirerande å fylle meg med inntrykk som formidler at alt er på stell. Det er ikkje det som gir meg ny energi og nytt mot til å stå på vidare. I beste fall gir det meg nytt mot til å stå på og vaske og rydde, ordne og pusse opp. Det som skjer i lengden er at eg berre blit mismodig, for det fungerer ikkje med 5 barn. Dessutan er det ikkje det som er prio 1 for meg. Det er ungane. Menneska rundt meg. Ørjan. Relasjonar. 

Derfor les eg bloggar om andre som er i same situasjon som meg. Andre med fleire barn enn gjennomsnittet og andre som er heimeverande. Dei fleste deler også mi kristne tru, men ikkje alle, og dei fleste er amerikanske. Då kjenner eg at eg blir oppmuntra, inspirert og får ny giv i rolla mi som mamma til 5. Eg er så takknemleg for desse fantastiske mødrene som deler av liva sine og erfaringane dei har gjort seg. Dei har betydd og betyr framleis mykje for meg. 

Me kan alle ha ulike arenaer som gir oss ny energi og nytt mot. Det er så forskjellig fra person til person. Eg trur berre det er så viktig at me er medvitne på kva me bruker tid på og kva me les/høyrer/ser iløpet av ein dag. Det er så lett å flyte med strømmen og gjere som alle andre. Kvifor bruke tid på noko ikkje fører til noko bra? På tide å renske litt opp? På same måte som er opptatt av kva me et og fyller kroppane våre med av matvarer, så skulle me og vere medvitne på kva næringsstoff me fylle sinn og tankar med. Det har lett for å bli litt mykje tomme kaloriar. Andre gongar kan det rett og slett bli litt for tung kost. Å berre lese dystre nyhender dag ut og dag inn gjer heller ikkje godt. Eg kjenner på at eg treng ein pause fra den fine avisa me abbonerer på. Å lese om ny ekteskapsliturgi kvar dag verkar inn på meg. Eg kjenner mismotet koma snikande. Og må på ny søke dei rette kjeldene i livet mitt. Då blir eg minna på dette igjen  Gled dere i Herren alltid, igjen vil jeg si Gled dere. Uansett omstendighet. Trua løfter oss over det synlege.

Hausten 2014


Dette er gode kjelder for meg:

  • Guds ord! Tid på å lese Bibelen, andaktsbøker og anna kristen litteratur
  • Bloggar og Instagram kontoar som gir meg inspirasjon til å vere mamma
  • Tid med mannen min! Beste samtalepartner. Tommelen opp for deg kjære Ø
  • Turar i skog og fjell, eller berre ein rusletur i nabolaget viss det er det tida tillater.
  • Aleinetid her heime i stova. Kosar meg med å rydde og lage det fint.
  • Bra musikk. Utruleg kor musikk kan bygge opp! I skrivande stund høyrer eg på JesusCulture med Kim Walker Smith. Eg høyrer på mykje forskjellig musikk, men omtrent berre med tekstar som samsvarar med trua mi. Det er dette som gir meg noko.
  • Venner. Face to face.


Tilslutt må eg berre sei at eg er så glad for at me for ca 4 år sidan valgte å kutte TV heilt. Me har TVskjerm men utan kanalar. Eg hadde lett for å sige ned framfor skjermen og sjå tilfeldige program, særleg dersom eg var trøtt og sliten. Det er veldig få gongar me har sakna det. Og når me har nettTV er det heller ikkje så drastisk. Ungane får likevel sjå program dei vil på den måten. Me slepp det der at TVen er midtpunktet i stova og at det heilt automatisk blir slått på når kveldsroen senkar seg. Deilig. Det blir meir slik at me går til data eller Ipad dersom det er noko spesielt me ønsker å sjå. Då blir det eit medvite val, heller enn at me ser på det som måtte bli servert til ei kvar tid. 

Vær velsigna i valga du tar i jungelen av medium som florerer. 

Klem fra Kristina

Er det forresten motsignade at eg skriv dette samstundes som eg legg ut innlegg som handlar om nettopp interiør innimellom? Dobbeltmoral? 

2 kommentarer:

  1. Å, her rører du ved noe som angår oss alle! Men det er ikke selvmotsigende det du skriver, og det er ikke dobbeltmoral!
    Fortsatt velsigna god dag!

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...