søndag 10. april 2016

Ny header og vegen vidare med bloggen



Eg har skifta ofte i det siste. Vore usikker på korleis eg ville ha det. Headeren eg no har laga håpar eg kjem til å stå ei stund. Iallefall heilt til eg må endre om til seksbarnsmamma :) Neida, hehe ;) Det trur eg ikkje noko på. Eg kjem nok til å lage ny header lenge før det ;) *smil*

For nokre veker sidan skreiv eg innlegget Kva veg tar bloggen? Eg har fått tilbakemeldingar både på mail og i kommentarfeltet som har hjulpe meg til å sjå kva retning eg skal prøve å styre bloggen.







For det fyrste: Eg bloggar oftare. I det siste har det blitt annakvardag eller oftare. Eg prøver å halde meg nokolunde der og vil heller sei i frå om eg ser at det blir sjeldnare innlegg i periodar. Håpar jo på å halde oppe intensiteten. Det kjem litt an på motivasjonen eg har. Der kan de lesarar hjelpe til, både med kommentarar og med at de i det heile tatt kikk innom. Likevel, eg bygger ikkje movitasjonen eine aleinepå responsen eg får, men eg kjem ikkje bort i frå at det har litt å seie. Eg bloggar primært fordi eg er opptatt av familieverdiar og gjerne vil dele tankar, idèar og inspirasjon med andre. Eg vil ut med eit budskap. Noko som handlar om meir enn berre ytre fasadar. Interiør er ikkje det eg brenn mest for. Brenn ikkje for det i det heile tatt eigentleg. Men det krydrar kvardagen min og det er med på å skape det koseleg for oss som bur her heime. Slik tenkjer eg om det i forhold til bloggen og. Det er forhåpentlegvis med på å skape variasjon, inspirasjon og god stemning her på bloggen. Å innrede ein heim på ein fin måte er ein god ting tenker eg. Kan ein nytte seg av gamle møblar eller fornye brukte ting er det endå betre. Eg ynskjer å fokusere på å bruke det ein allereie har, istadenfor å henge seg på siste mote og kjøpe nytt heile tida. Eg er ingen fanatikar på det området. Det snik seg inn litt nytt her og altså ;) Men eg er imot bruk og kast mentaliteten som rår i dag. Det ynskjer eg å vere ei motvekt til. 




Family first. Eit av mine motto. Barna våre og dei nære rundt oss er det kjæraste me har. Dei er verd å bruke tid på og investere i. Eg har valgt å vere heime med barna no når dei er små, og deler i frå kvardagen me har med våre 5 små. Me er i tillegg ein stor familie, og kanskje kan det vere fint for andre store familiar å få innblikk i korleis me gjer ting. Tips og idèar er alltid kjekt, og eg finn sjølv mykje inspirasjon på andre bloggar. 





Kreativitet. Ikkje alltid det blir tid til så ufatteleg mykje av det, men innimellom slår eg til. Eg likar å lage ting. Strikkar, heklar og syr iblant, men det er litt periodevis. Maling av interiør og småmøblar held eg og tidvis på med. Då prøver eg å få tatt før/etter bileter som eg postar her. Nett no er det ein skjenk som får gjennomgå med malarkosten. Det gir meg energi og glede å få halde på med oppussingsprosjekt. Ein hobby eg har. Alle treng å ha ein hobby av eit slag. Også småbarnsmødre, det er berre sunt tenker eg.






Og så var det trua mi då. Det at eg er kristen kjem fram i mange av innlegga mine. Det er noko eg ikkje legg skjul på. Eg ønsker at andre kan få innblikk i korleis ein kristen familie lever livet sitt, og skape nysgjerrighet og kanskje også lengsel etter å få ta del i det samme. Å tru på Gud og ha Jesus som Herre i livet er noko eg anbefaler. Den freden Han gir overgår alt anna. Dette vil eg ut med. Samstundes veit eg at det er mange som les bloggen som ikkje er kristne, og eg ønsker ikkje å støte nokon bort med alt for mykje kristen forkynning. Eg håpar at både kristne og ikkje-kristne kan ha glede av å lese det eg skriv. Eg har valgt å ta bort "kristen tru" i headeren. På same måten som at det ikkje er det fyrste eg seier når eg tar ein annan person i handa og helser på han/henne for første gong, så er det ikkje naturleg at ordet kristen er det første ein ser når ein besøker bloggen. Det er betre om det får koma fram etterkvart som ein les det eg skriv tenker eg.






Når det gjeld målgruppe hadde eg i hovudsak tenkt at det må bli andre mødre i same livsfase som meg sjølv, men eg merkar meg at eindel av lesarane mine er litt eldre og kanskje i ein ny epoke av livet. Det gjer meg glad om eg kan vere til oppmuntring også for dei i generasjonen over meg. Ekstra hyggeleg er det når også menn les bloggen. Ein hyggeleg kar med navn Ingar har lagt igjen fleire fine kommentarar. Overaskande og kjekt synest eg.

Bloggen min er i år 5 år! (kanskje verd ei markering?) Og som de ser så har eg hatt mange ulike headerar iløpet av dei åra :) 

Det har gått i rykk og napp med blogginga, og eg har hatt fleire tørkeperiodar. Det gjekk eit heilt år utan blogging frå 2014-2015. Då var eg iferd med å slette heile bloggen. Eg mista nok lesarar på vegen der, og innser at eg no må bruke tid på å bygge opp igjen det som brast. Veit sjølv kor kjedeleg det er å kikke innom bloggar som aldri oppdaterer. Til slutt gir ein opp. No er eg inne i ein god trend og eg håpar eg får blogga like ofte som eg gjer no vidare framover. Det beste av alt er om eg gjennom bloggen kan inspirere, oppmuntre og glede andre. Eg håpar du vil følgje med oss ♥




Utan deg hadde det ikkje vore noko nord i bygdo blogg.

God klem, Kristina
  




2 kommentarer:

  1. Gleder meg til på følge deg videre.
    Syns det er koselig å lese det du skriver.
    Ønsker deg ei velsignet god uke :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for gode ord♡ Velsigna veke til deg og Astrid.

      Slett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...