søndag 3. april 2016

Når mamma treng tilgjeving

Eg feilar så ofte. Spesielt dersom eg er ekstra trøytt, enten det er blitt dårleg med nattesøvn eller det har vore mykje som har skjedd siste tida. Temperamentet mitt tar overhand og eg reagerer heilt feil på ting. Svarer ungane sint, kommenterer alt mannen gjere feil. Ja det er så mykje. Og sjølvsagt går det mest utover dei næraste. Slik er det alltid. Det er ikkje berre når eg er trøytt eg har lett for å feile. Det kan vere ord som har blitt sagt i sosiale settingar som har såra eller skapt negative følelsar i meg. Då kjenner eg meg meir "nede" på ein måte. Den lave sjølvkjensla snik seg fram att og skaper noko surt. Og dessverre så har dette sure så lett for å koma ut igjennom orda eg seier og spreie seg vidare. Det tar ikkje lang tid før eg merker at "ein hauster det ein sår". Heile familien er prega av mammo som ikkje er ilage. 

Kva gjer ein då? Sette seg ned og synast synd på seg sjølv? Gje opp? Nei, ingenting av det er vits i.

Tilgivelsens kraft er stor. Me treng å audmjuke oss sjølv. Innrømme våre feil. Be om tilgjeving.

Eg øver meg på å vere snar å snu når dette inntreff. Fyrst reflekterer eg over kvifor dette skjer. Er det trøtthet som er årsaka? Eller er det vonde følelsar som er blitt skapt av sårande ord? Noko heilt anna? Deretter ber eg til Gud, om tilgjeving, nåde og hjelp. Dette gjer eg heilt enkelt der eg er, om det er på kjøkkenet eller på do spelar ingen rolle. Gud ser til hjarta.

Det er verkeleg kraft i det med tilgjeving. Me treng å tilgje og å motta tilgivelse. Når eg har oppført meg dumt søkjer eg alltid å be ungane om å tilgje meg. Eg seier konkret kva eg ber om tilgjeving for. Barn er fine på den måten, dei er ikkje vanskelege å be. Det varer ikkje lenge før armane er rundt halsen og alt er heilt fint igjen. Sjølv i dei små ting trur eg det er viktig å gjere opp. Kor denne hårfine smertegrensa går for kva som er greit kan nok variere veldig fra familie til familie.  






Om ungane ikkje fekk ei mamma som alltid sa og gjorde ting på rette måten, så skal dei iallefall hugse at mamma ba om unnskyldning når ho gjekk over streken. Forhåpentlegvis har dei også lært kva dei sjølve skal gjera når dei feiler og gjer gale ting. Me er mennesker alle isaman ♥

Tilgivelse er inga kvilepute for å gjere det som er ikkje rett. Derimot er det eit fantastisk middel for å kunne rette opp igjen det som gjekk gale. Me er syndige mennesker alle isaman og me er avhengige av å motta tilgjeving, både frå Gud og frå mennesker. Når Gud har tilgitt oss SÅ mykje så skylder me å kunne tilgi kvarandre.



Del gjerne tankar du har omkring dette temaet i kommentarfeltet. Eg set pris på innspel.

Med desse bibelversa vil eg ønskje deg som er innom bloggen ein god og velsigna dag:



Og dette ber jeg om, at kjærligheten deres må bli rikere på erkjennelse og på all evne til å skjelne.  Filiperne 1,9

Og vær gode mot hverandre, vær barmhjertige og tilgi hverandre, slik Gud har tilgitt dere i Kristus. Efeserne 4,3


Kristina  

4 kommentarer:

  1. Eg kjenner meg veldig igjen i dette! Hadde jo ønska at eg kunne vore på topp heile tida, men har med åra innsett at alle har ting dei strevar med, bak fasaden:)Det er dessverre dei heime som får sjå meg når eg er aller mest sliten og sur, men heldigvis får dei også sjå det aller beste av meg:) Eg prøver også å vere rask med å sei unnskyld når eg har vore urimelig, sjølv om eg av og til kjenner at det er vanskelig! Syns det er fint at du "ufarliggjer" det å måtte jobbe med seg sjølv for å kunne bli bedre! Klem fra Solbjørg N. <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Å tusen takk Solbjørg for at du deler dette. Veldig godt å høyre at andre kjenner seg igjen i det eg skriv. Du har eit poeng i det at det er dei næraste som tross alt og får oppleve det beste av oss! Viktig å hugse på. Det gjorde godt for meg å tenke på.

      Klem til deg

      Slett
  2. Veldig viktig å med tilgivelse og ikke
    minst det å kunne be om det for alle.
    Gjør mor og far det så lærer også ungene det.
    Den daimkaka skal eg prøve å lage. Har litt
    krem i kjøleskapet som jeg må gjøre noe med.
    Greit å ha i frysen til en anledning.
    Ønsker deg og dine ei velsignet god uke :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Så koseleg med helsing i fra deg Astrid, som alltid :) Ja tilgivelse er så viktig her i livet. Både å gi og å motta. Håper kaka blir god. Klemmer din veg ♥

      Slett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...