tirsdag 19. april 2016

Kvardagen vår, del 4




Her kjem fjerde og siste del i serien om kvardagen vår. Eg tenkte kanskje det kunne vere kjekt for andre få eit lite innblikk i kva me driv med, me som berre går heima ;) Me sitter nemleg ikkje heima. Ei heller står me ved kjøkkenbenken heile dagen. Slik visse politikarar får det til å høyrast ut til :) Eg trivst godt med å vera heima, og det gjer resten av familien min og. Trivst med å ha ei heimeverande mamma altså. Sara seier det ofte. Ho er så glad for at eg er her når ho kjem frå skulen. Å gi dei aller minste ein roleg start på livet er også uvurderleg meiner eg. Det er fordelar og ulemper med alt, og ingen familiar er like. Å velge å leve utanom A4 er ikkje alltid berre fryd og gammen, og derfor synest eg det er viktig å løfte fram at det faktisk er ein mulighet å vere heime med sine eigne barn. Også i 2016. Me blir ikkje rike på pengar og gull, men me får dele tid, opplevingar og kvardagar ilag. Det er gull for oss.   




I skogen


 




Desse turbileta er vel tatt medan det var helg, då eg ikkje hadde nokre andre tilgjengelege. Dette med skogsturar er noko eg har planar om å gjere meir av framover. Held på å trene Svein på 6,5 mnd til å sitte i bæresele på ryggen inne. Så kan me ta turar der det ikkje er så lett å ha vogn med og. Berre våren kjem for fullt no så blir det endå enklare. Å vere ute i naturen er fantastisk. Med niste i sekken og gjerne ein termos med noko varmt i er det noko som er veldig verdifullt å benytte tid på. Forhåpentlegvis er det opplevingar ungane vil hugse. På det øverste bildet steikte me pannekaker på stormkjøkken. Stas.









Terrasse-liv



Her spikker gutta. Benjamin og Jonas har sin eigen speiderkniv medan Mikael bruker ein vanleg smørekniv med taggar.


Teiknesaker blir tatt med ut på terrassen ein fin vårdag.










Hente storebror i barnehagen

Det er også eindel av kvardagen vår. Pappen leverer når han går på jobb i 8 tida og me henter som regel. Det varierer litt når me henter, vanlegvis mellom 1400 og 1500 ein gong. 





 På veg heim






Dette var siste del av serien kvardagen vår. For å lese dei andre delane kan du:




#Selfie på leikeplassen
 Klem frå meg og gjengen min ;-)

#hjemmeværende #heimeverande #hjemme med barn #heime med barn 

1 kommentar:

  1. Your blog is very impressive and have the useful information it is really caught my attention.


    great work

    تصميم مواقع




    amazing

    شركة تنظيف بالرياض




    good job Beautiful! :)

    حراج السيارات

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...