søndag 17. april 2016

Kvardagen vår, del 3

Det er påtide med eit nytt innlegg i serien kvardagen vår

I 3. og 4. del av serien vil eg vise litt av det me gjer når me er ute om dagane. Dette handlar primært om tida fram til ca klokka 16.00 på dagane. Mikael på 2,5 og Svein på 6 mnd er heime med meg full tid, medan 5 åringen går i barnehage men har fri ca 1 dag i veka. Då er det klart me må ut! Viser her eit utval av det me gjer på. Ikkje alle dagar energien er like fullt tilstades, så ikkje tru eg er så energisk som det kan sjå ut til, hehe *smil*. Bilder kan lyge :/ Trøtthet får eg koma tilbake til i eit anna innlegg.

Desse to siste delane vil bestå mest av bileter. Obs! Maaange bileter ;)




På leikeplassen 



                                   Me testar sjølvutkøysaren på kameraet ;-)









Mountain Buggy dobbelvogn. Babyen i bag bak og det største barnet framme. No er Svein blitt for stor til å ligge slik som her, men dei kan sitte framovervendt begge to. Mikael på 2 1/2 år er både veldig flink til å gå og likar å gå, så for det meste bruker eg berre enkeltvogn.






Bileta under er frå ein ny barnehage i nærleiken, så denne kan berre besøkast når barnehagen er stengd. Ungane kosar seg her.






Besøke biblioteket




 Tur til biblioteket er ein sikker vinnar. 







På baby- & småbarnssong
Dette skjer ein gong i veka og er ein stor favoritt hos ungane. Kjekt er det for meg å
treffe andre mammer og. Fekk tilatelse frå dei andre å poste desse bileta på bloggen :)




















Tur med venner


 




 Å gå tur ilag med venner og sjå på dyra er ekstra stas. 


Dette var glimt i frå livet vårt heime. Ikkje alle bileta er heilt nye, som desse siste tre med sauene på. Dei vart tatt i fjor vår. Eg er ikkje alltid like flink til å ta med meg kamera så det måtte bli nokre av eldre dato med venner på. 

Fjerde og siste del vil koma iløpet av denne veka.

Ønsker alle som er innom ei strålande god veke. Hugs at uansett kva situasjon du står i så er det håp! Sjølv gjennom den mørkaste tunnel vil lyset koma. Mist ikkje trua, den vil bære deg gjennom alt. Ingenting er umuleg for Gud 

Kristina

9 kommentarer:

  1. Så flott å sjå kor mangfoldig kvardagen er. Flotte sysler du velge for borna dine. Godt du/dokke har høve til å prioritere livet på denne måten.
    Åra fyk av stad. Angre ikkje at eg hadde nokre år heime både på fulltid og deltid.
    Fin ny veke :-D

    SvarSlett
  2. Så flott å sjå kor mangfoldig kvardagen er. Flotte sysler du velge for borna dine. Godt du/dokke har høve til å prioritere livet på denne måten.
    Åra fyk av stad. Angre ikkje at eg hadde nokre år heime både på fulltid og deltid.
    Fin ny veke :-D

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Sigrid. Godt å høyre frå dei som har levd litt lenger at det er verdt å prioritere tid heime medan barna er små. Ja åra fyk, det er berre sånn. Gjeld å ta vare på dagane ♥ Ynskjer deg og ei god veke og Guds velsignelse og fred over det du står i.

      Slett
  3. Det er godt å kunne bruke dagen som det passer
    for store og små. Mange koselige ting en kan gjøre sammen
    Bare det å ha piknikk i hagen kan være en opplevelse
    for både barn og foreldre. Vi hadde ofte det, og det var populært.
    Ønsker deg ei velsigent god uke :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Astrid :) Takk for det du deler. Piknik i hagen, ja det skal me prøve oss på no når det vårast. ♥

      Slett
  4. Herlige barn, og heldige barn! :-)
    Velsigna god dag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Ingar, og takk for at du tar turen innom bloggen. Enig i at det er herlege barn, så får me håpe dei også er heldige ;)
      Ha ei fortsatt velsigna veke.

      Slett
  5. Koselige bilder av herlige ungar!! Kjekke aktivitetar for både store og små dette:) 2,5-åringen var jammen lik deg! Solbjørg:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Solbjørg :) Takk for gode ord, og takk for at du leser bloggen ♥ Mange som meiner at Mikael ligner meg, så du har nok rett der. Dei tre eldste har meir frå faren.
      Ønsker deg og dine ei fortsatt god veke. Klem

      Slett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...