torsdag 14. april 2016

How to draw...

 


..... an eagle. Til dømes.

Har du barn som likar å teikne?
Eit tips då er å bruke youtube og skrive how to draw etter fulgt av det ein ynskjer.

Jonas på 7 år likar veldig godt å teikne ørnar.

Her får han step by step forklaringar. Ser ei stund, set på pause og teiknar, ser litt meir og teiknar vidare. Til slutt blir det ei flott teikning.





Her har me flytta oss ut på terrassen ein dag det var så fint. Veslebror Svein er nysgjerrig på kva storebror held på med :)






Fotball er tingen for denne guten! Då søkjer me how to draw a football. Veldig kjekt dette her. Må berre følge med så dei ikkje søkjer på ord dei ikkje skal. Eg er veldig skeptisk til mykje av det som ligg ute på nettet så eg passar godt på. Har ein regel om at dei sit i stove og kjøkken når dei bruker internett og at me er med å søke med dei, enten det er youtube eller google. Synest og det er viktig å ha ein god dialog med ungane. At me snakkar om dette og forklarer kvifor ein skal vere forsiktig. Vil at ungane skal ha ei indre drivkraft for å la vere å gjere saker dei trur og veit ikkje er rett. At det ikkje er slik at så fort mamma er ute av syne så gjer me nett det me vil. Tenker det er så viktig å bevare eit tillitsfullt og nært forhold med barna. At dei skjønar me vil dei det beste, og at me saman finn gode ordningar. Stort tema som eg ikkje hadde planlagd å skrive om no. Eg har ikkje kome fram til noko fasit på dette. Vil gjerne høyre andre si erfaring.




Kva tankar har de om barn og bruk av internett?


God klem fra Kristina



4 kommentarer:

  1. Må si jeg er glad det ikke var så lettvint med internett da
    mine var små. Ikke bare, bare alt som serveres der nei.
    En skal være ganske så bevist. Lurt å ha det som regel at de
    driver med det i nærheten av voksne.
    Han er jo kjempeflink til å tegne. Lurt med slike program.
    Jeg likte også å tegne, såg etter andre teikninger å tegna
    etter de.
    Ønsker deg og dine ei herlig helg :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja det er verkeleg ei heilt anna tid me lever i no. Leste i Dagen at eit stort prosentanntal barn ned i 9-10 års alder var innom porno sider. Mykje grunna at barn ofte har eigen smarttelefon. Her trengs visdom og gode rammer.
      Så gjeld det å bruke det som er positivt med nettet, og best mulig styre unna det andre. Takk for kloke ord Astrid. Klem til deg ♥

      Slett
  2. Jeg var ikke klar over tegnemuligheten via youtube, det hørtes kjekt ut! :-)
    Men å ha gode nettbrukregler for barn er helt nødvendig, kombinert med søkefilter. Og har man klart å få gjensidig tillit og respekt for dette på barnestadiet har man sannsynligvis lagt det beste grunnlaget for god nettbruk når barna blir tenåringer, men her er det mange utfordringer!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja det er mange utfordringer, det er sikkert. Ikkje minst når det gjelder nettbruk på skule og når dei er hos venner. Eg liker å ha kontroll sjølv, men desse plassane har eg ikkje mulighet til følge med på kva dei er inne på. Då gjeld det å bygge inn ein indre drivkraft i barnet til å velge det som er rett. Gjensidig tillit og respekt som du seier, det er avgjerande. Takk for innspel Ingar. Glad for å ha deg som leser av bloggen :)

      Slett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...