fredag 1. april 2016

Daimkake

Denne iskaka er kjempegod og verdt å prøve. Og så er det så greit med kaker som kan lagast og fysast ned! Då treng ein ikkje stresse i siste liten før festen startar. Kanskje skal ein lage fleire kaker til eit selskap ein skal ha. Då er det supert å ha denne klar i god tid i frysaren. Nokon lagar daimkake med mandelbotn, det går også fint an. Denne oppskrifta er med marrengsbotn. Fordelen med denne er at ein får brukt både kviten og plomma i egga. 

Daimkake er ein sikker vinnar vil eg seie. Alltid populær på kakebordet. 
































Oppskrift på Daim iskake:
1)
4 eggekviter (romtempererte)
200 g sukker
Dette piskast til marrengs. Hell utover ei stor langpanne med bakepapir under. Steik i ca 2 timar på 125 grader C. Kaka skal bli heilt stiv/hard. 

2)
4 eggeplommer
4 ss sukker
Dette piskast til eggedosis

3)
3 dl kremfløyte piskast og blandast med eggedosisen.
Hakk opp 2 doble daim sjokolader. 3 deler blandast i kremen og den siste delen har du på toppen av kaka til pynt. Eg hakker sjokoladen i litt store bitar, dvs ikkje heilt smått. 

4)
Del marrengsen i to og fordel eit lag krem imellom og eit oppå. (Eg bruker kniv og skjærer den i to på tvers. Deler den seg opp i mindre bitar er det berre til å lappe litt i saman. Kremen oppå vil dekke det. Blir marrengsen seig så skulle den vore steikt litt lenger).

Frys!

Velbekomme.




Mikael hjelper mamma med å bake.






Endeleg har eg fått til å få med 2 bilder attemed kvarandre som her. Hehe, ikkje så veldig teknisk av meg som de skjønar. Tok med bildet av serviettane for å tipse dåke om billege og fine servietter kjøpt på Spar kjøp. Trur det var 15 kr eg betalte for pakken. Matchar fint gjere dei og. Eg likar så godt gult fortida, og blått er ein evigvarande favoritt for meg. Godt nøgd med dette kjøpet. Ting treng ikkje vere dyrt for å vere fint, eller kva?


Klem frå meg til deg♥

2 kommentarer:

  1. Takk for oppskrift. Denne skal eg prøve meg på no når vi skal til med bursdagar igjen.
    Fortsatt fin søndag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Anita Kristin. Bursdagstider for dåke og no ja, då er det kjekt med nye oppskrifter. Håper det er forståeleg framgongsmåte. Sei i frå viss ikkje. Lukka til:)

      Slett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...