fredag 8. april 2016

Barn gir livsglede

Så mange smil iløpet av ein dag. Så mykje glede. Barn er ei fantasisk kjelde til liv og latter, smil og glede. Men kan det hende at me voksne blir altfor opptatt av daglege gjeremål og voksenlivets bekymringar til å i det heile tatt legge merke til denne livsgleda? Langt mindre ta ho innover oss?





Barn er opptatt av heilt andre ting enn oss. Dei bryr seg t.d ikkje om kva klede me har på oss, kor ryddig huset er eller kor mange likes me har fått på bilete me la ut på Instagram. Barn har så mykje å lære oss!

Eg prøver å ta meg tid til å tre inn i deira verd nokre gonger iløpet av ein dag. Stoppe litt opp og ta innover meg den impulsiviteten, gleda, ektheten som barna ber med seg. La bekymringar og andre tankar tre tilside for nokre augneblink, og berre vera tilstandes ilag med dei. Då kan eg kjenne at eg lever på ekte. Eg, barna, oss her og no. Alt som høyrer voksenlivet til må ta pause ei lita stund. No får tida stoppe opp og skuldrene senkast. Ein lever seg tilbake til sin eigen barndom. Kjenner litt på assosiasjonar, minner og steminingar. Overfører det til her og no med mine eigne barn. Å kor fint det er å vere barn, tenker eg. La meg vere barn litt oftare. Ikkje minst er det godt for barnet å oppleve at mamma set seg ned på huk og lever seg inn i historien som den lille forteller. Eller tar seg tid til å bygge hytte av kvistar og kvastar i skogen. Eller blir med på te-selskap i leikehytta ein dag. Tegnar ilag. Spelar lotto ilag. Kler seg ut ilag. Lista er lang.

Barn lever etter heilt andre normer og reglar enn oss voksne. Dei tenkjer ikkje komplisert om ting, nei dei er ganske så rett fram. Dei er opptatt av det relasjonelle meir enn det materielle. Sensar fort om nokon er lei seg eller sinte. Bryr seg lite om kjøkkenbenken er full av rot. Dei har ei enkel barnleg tillit til dei rundt seg. Det same om Gud. Dei trur så enkelt og fint. Jesus sa det sjølv at me må bli som små barn for å koma inn i Guds rike. Han løfta fram dei minste ungane og satte dei som førebileter for disiplane sine. Me er alle barn. Barn av Gud. Og med ein god Far i himmelen så kan me få lov til å stadig vekk senke skuldrene og legge av oss alt som tynger. Så kan me få komma til Han, me som strever og bærer tungt. Han vil gi oss kvile.

Barn gir oss så mykje. 
Må me berre ha augene opne for det og la livsgleda dei har smitte over på oss.

Ønsker alle som er innom ei flott helg. Er så glad for at det er folk som gidder å lese det eg skriv. Viss ikkje hadde det ikkje vore meining i å skrive blogg. Eg har mykje på hjerta, og då er det greit å ha ein plass å "få det ut" på ;) Eg set og veldig pris på innspel. Då blir eg både glad, oppmuntra og faktisk får eg ofte idèar til nye innlegg å skrive av det som de lesarar skriv i kommentarane. Håpar at DU har det bra der DU er. Varme tankar din veg ♥♥


2 kommentarer:

  1. Så fine refleksjoner, og som jeg kjenner meg veldig igjen i <3
    Nydelig skrevet!

    Fin lørdag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Å tusen takk Malla. Varmer med slike fine ord ♥ Klem til deg.

      Slett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...