onsdag 27. april 2016

7 ting eg er takknemleg for no



I dag er eg takknemleg for:


  • Nytt (gamalt) kjøleskap. Me har lenge berre hatt eit kombiskap på kjøkkenet. Det blir for lite for ein stor familie. No er eg veldig glad for at me fekk kjøpt eit rimeleg og tilsynelatande godt kjøleskap på finn.no som me kan ha i boden. 
  • Årstider. Våren er nydeleg. Me har hatt fine dagar med sol i det siste. Det gir energi merkar eg, og det kan eg verkeleg trenge litt av. D-vitaminer kan me også trenge etter ein vinter.
  • Samholdet blant ungane. Krangling er det hos oss også, ingen tvil om det, men eg ser også eit sterkt samhold vekse fram imellom dei. Mammahjerta blir varma når eg høyrer dei skryt av kvarandre, spør om  dei andre vil leike med dei, eller ber kvarandre om tilgjeving. Då tenker eg, YES, dette vil me ha meir av.
  • Helse! Me er alle friske og det er noko å vere særleg takknemleg for. 
  • Har alt me treng materielt. Det er sjølvsagt ting me ønsker oss og skulle likt å hatt. Likevel har me ALT me treng for å klare oss. Takknemleg for reint vatn, hus, bil, klær og sko. Takknemleg for at eg har ein mann som forsørger oss.
  • Snopestopp! Takk familien min, for at dåke vil vera med meg på snopestopp ein månad. Eg treng å få inn meir sunne kosthaldsvanar og kutte i sukkerinntak. Kjenner allerede kor bra det er for kroppen. Ungane var med med ein gong, dei ville og ha snopestopp når mamma skulle ha det. God hjelp, då er me saman om det ;)
  • For at me skal få ha 4 veker ferie saman som familie i sommar.
Det er så lett for at klaging og misnøye snik seg inn i sinn og tankar. Å velge takknemleghet om morgonen når ein står opp er med å beskytter mot akkurat dette. Det går an å velge takknemleghet og etterkvart endre tankemønsteret slik at det blir heilt naturleg å tenke over det ein har å vere glad for. Det er så alt for lett for at me fokuserer meir på det me ikkje har enn det me har. Det kan lett stjele gleda ifrå oss og føre oss inn i eit nett av misnøye og klaging.

Det finnes alltid noko å takka for


Bildet er i frå ein tur me hadde i Røldal hausten 2014


Håpar DU har det bra der du er. Klem frå Kristina 









5 kommentarer:

  1. SÅ VIKTIG EIT INNLEGG!
    TAKK AT DU DELER :-)

    KLEM

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for at du legg igjen fine ord Sigrid. Velsigna helg til deg.

      Slett
  2. Fine og viktige ord, dette er det alltid godt å bli minna på <3 Solbjørg:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Sobjørg. Takk for oppmuntring. Ønsker deg og dine ei velsigna helg.

      Slett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...