mandag 4. april 2016

5 roser til deg sjølv

Eg trur det er viktig at me mødre klarar å vere nøgde med oss sjølv og det me klarar å få til. Sjølv om me har ting å jobbe med så er det berre nedbrytande og destruktivt å grav seg ned og tenke at ein ikkje er god nok. For det er nettopp det du er, god nok!

For å motverke desse negative tankane som har så lett for å snike seg inn, kan du prøve dette:

Kvar kveld, enten før du legg deg eller etter at du har lagt deg i senga skal du tenke på 5 ting du har gjort denne dagen som har vore bra. Gi 5 symbolske roser til deg sjølv på tampen av dagen. Det kan hjelpe deg til å flytte fokus bort frå det du tenkjer du skulle gjort betre, eller det du ikkje fekk tid til.

Du har til dømes kanskje:

- Laga middag
- Lese ei bok med ungane
- Laga niste
- Kjørt til fritidsaktivitet
- Vist at du er glad i mannen
- Sendt ei oppmuntrande melding til nokon
- Støvsugd
- Vaska klede

Ja, det kan vere så mykje. Og sikkert ein heil del andre ting enn det eg har føreslått her. Poenget er at du gjer nok mykje meir bra enn du tenkjer over sjølv. Så kvifor ikkje ta deg litt tid til å faktisk minne deg sjølv på at du tross alt gjer mykje bra?











Deler tilslutt nokre bilete av veggen i kjøkkenstova/tv-stova. Plansjen er gamal og kjøpt via finn.no. Hyllene har nyleg komme opp på veggen. Det tok 7 år å finne ut kva eg skulle ha der :)haha, ting kan ta tid. Andre stader i huset har me ørten spikerhol etter at eg har endra meining om veggpynt litt for mange gonger *smil*.

God klem, Kristina  
Tusen takk til alle dåke som legg igjen kommentarar her inne. Varmer og blir satt stor pris på :) Ser jo på statistikken at bloggen blir lest, men det er ekstra kjekt med spor i form av ord.

4 kommentarer:

  1. Det der gjelder faktisk far og bestefar også! ;-).
    Velsigna god dag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Ingar :) Heilt sant! Dette er nok viktig for alle å hugse på. Er så lett for at me tenker meir på det me IKKJE fekk gjort den dagen enn det me faktisk har fått utretta. Velsigna dag til deg og ;) Veldig glad for at du kikker innom bloggen og legger igjen nokre ord ♥ Tusen takk.

      Slett
  2. Eg trengte denne i dag. Tusen takk for påminninga.

    SvarSlett
    Svar
    1. Så bra at dette kunne vere til hjelp. Ønsker deg ein god dag vidare Anita Kristin ♥

      Slett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...