torsdag 24. mars 2016

Påskepynt med budskap

Me er heilt imot påskekyllingar og tenker det er ein hedensk tradisjon som ikkje har noko med påsken å gjera. Uff nei, no tullar eg godt, hehe :) Både påskeharar, påske-egg, kyllingar og tulipanar høyrer med når det er påske. Likevel er det noko som betyr endå meir for oss, og det er påskens eigentlege budskap: Jesu død og oppstandelse!




Etter litt opprydning og beskjæring i hagen hadde me nokre lange kvistar (ein busk liknande Spirea, men veit ikkje namnet på den) som eg tenkte var fine å lage kransar av.



















Ungane vart med.

Me surra litt stålstreng rundt og forma så godt me kunne til små kransar.












Etterpå klypte eg ut kors av kremfarga stivt papir. Trykte ut eit hol oppe og fann fram lim og paljettar. Dette var ein fin liten aktivitet for alle 4 hos meg. Kranselaginga passa best for dei to eldste, Sara og Jonas som er 10 og 7 år.














Kransar pyntar no opp i både gong, stove og kjøkken.





















Kransane minner oss om tormekransen Jesus måtte ha på seg langfredag. Jesus vart pint for vår skuld.
Korset minnar oss om Jesu død. Han bar ALL verdens synd på korset.
Paljettblomane på korset minner oss om oppstandelsen. Jesus vann seier over døden og stod opp igjen tredje dag. 

God påske ♥





OBS! Det gjekk litt gale med bilderedigeringa denne gongen. Valgte lys gul istadenfor kvit rundt bildene, asj, ikkje så fint og såg det først lenge etterpå. Har prøvd å fikse det, men eg trur eg må slette innlegget og legge det ut på nytt om det skal virke. Håper de bærer over med det :)

13 kommentarer:

  1. For ein fin blogg :D tusen takk for fin kommentar på bloggen min! Ynskjer deg og dine ei velsigna påske!

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt at du synest bloggen min er fin. Eg vil definitivt koma tilbake til din :)

      Slett
  2. For ein fin blogg :D tusen takk for fin kommentar på bloggen min! Ynskjer deg og dine ei velsigna påske!

    SvarSlett
  3. Nydelig!
    Godt du minner oss om det viktigaste. .
    Kvifor valgte du ei tornekrone Jesus?
    God Påske!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, ja me må ikkje gløyme det påsken eigentleg handler om. KviFor ei tornekrone ja? Det kan ein spørre seg om...

      Slett
    2. Takk, ja me må ikkje gløyme det påsken eigentleg handler om. KviFor ei tornekrone ja? Det kan ein spørre seg om...

      Slett
  4. Nydelig!
    Godt du minner oss om det viktigaste. .
    Kvifor valgte du ei tornekrone Jesus?
    God Påske!

    SvarSlett
  5. Flott blogg her hos deg! Ønske deg/dere en god påske.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Christina Mari, og takk for oppmuntring. Ønsker deg og ein fortsatt god påske.

      Slett
    2. Hei Christina Mari, og takk for oppmuntring. Ønsker deg og ein fortsatt god påske.

      Slett
  6. Koselig påskepynt.
    Ønsker deg og dine ei velsignet god påskehøytid :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det, og ei god og velsigna påske ønskes dåke og ♥

      Slett
  7. Veit ikkje kvifor kommentarer kjem dobbelt her. Muleg det er dei som er skrive frå mobil.

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...