tirsdag 1. mars 2016

Les og forstå barnet ditt

Her ein dag oppdaga eg små petekkier i ansiktet til babyen min på 5 mnd. Han var jo ellers heilt frisk og rask så eg syntes det var veldig merkeleg. Petekkier er jo noko eg kikkar etter når ungane har høg feber med tanke på muleg hjernehinnebetennelse(tenkjer alltid verste scenario, slik er det å vere mamma). Ingen feber, ingen forkjølelse, berre desse bittesmå blodutredelsane i ansiktet. Men likevel ikkje kjekt. Eg måtte finne fram pediatriboka mi frå sjukepleiestudiane. Denne gongen skulle eg vere flink å unngå å google problemet mitt. Det gjer meg ofte unødig bekymra. Snakk om verste scenario! Det får ein iallefall servert då.

Akkurat då gjekk det opp for meg kor fint det er at kroppen stiller inn temperaturen høgare og gir feber når det er ein infekjson på veg. Sjølv om feber er ubehageleg så er den likevel nyttig. I mitt tilfelle med litleguten som hadde petekkier i ansiktet vart det ekstra tydeleg for meg. Eg visste at dette ikkje var hjernehinnebetennelse, både på grunn av manglande feber og ellers god almenntilstnad. Eg vart takksam for feber i dette øyeblikket.

Tankane mine gjekk vidare til andre meir eller mindre ubehagelege signal som er svært nyttige for oss. Ta for eksempel dårleg lukt. Det kan hjelpe oss å finne ut om mat er god eller forderva. Brann kan også avvergast ved at me oppdagar faren tidleg ved å kjenne svidd lukt. Så ubehageleg, likevel så utruleg nyttig for oss!




Barna våre gir oss også stadig vekk signal. Nokre av dei kan vere svært irriterande og frustrerande. Sinte, sure og vrange barn kan vere ein stor prøvelse. Andre gonger kan dei vere mutte eller svare frekt og ufint. Som regel ligg det noko underliggande bak desse reaksjonane hos barna, og det krevst av oss vaksne at me er sensitive imøte med barna våre for å kunne forstå dei.

Det er veldig lett å reagerer med sinne tilbake. Det eine kan vere at ein orkar ikkje å høyre på ungen som er i ulaget. Det fører til krangling med søsken og me seier berre tydeleg i fra om at "no må dåke slutta å krangla sånn!". Andre gonger kan det vere at det fører til ein følelse av mislykkethet i oss sjølv. Me vil jo helst ha glade og trygge barn, og noko anna kan lett få fram sinte og bekymringsfulle tankar i oss. 

I ein travel kvardag er det ikkje alltid lett å ta seg tid til å sjå lenger bak enn berre det som kjem til overflata i barnet. Likevel, det er SÅ viktig at ein set sitt eige tilside (avisa, Ipaden, strikketøyet) og viser barnet interesse. Korleis var det på skulen idag? Har du hatt ein god dag? Kven leika du med i friminuttet? Har nokon vore stygg med deg? Spørsmåla ein kan stille for å opne ein god samtale er mange. Brått forstår ein at barnet som var sint og ute av seg eigentleg bar på vonde følelsar av ein eller annan grunn. Kanskje var det etter at noko ubehageleg skjedde tidlegare denne dagen. Slik kan det vere i nokre tilfellet. Barnet treng å få snakka med ein vaksen om det som var vanskelg, lette hjarta sitt og etterpå vere mykje meir harmonisk.

Eg er ingen ekspert på dette området. Berre ei vanleg mamma som lærer etterkvart. Det eg har erfart er at barn er veldig ulike. Medan nokre barn forteller alt som har skjedd heilt av seg sjølv, må andre barn ha hjelp til å koma igong med å fortelle. Det er kanskje sistnevnte kategori som viser oss desse ubehagelege signala iform av frustrasjon og sinne når det ikkje har det så bra. Her kjenner foreldrene barna sine best og veit kor skoen trykker.

Barn er også ulike når det kjem til humør og sinnelag. Nokre barn treng hjelp til å korrigere adferd. Kanskje er dei mutte, sure og lite imøtekomande fordi dei har medfødte eigenskapar som gjer at dei lett kjem i eit slik humør? Ved å ta barnet til side og snakke med det i ein god tone (på tomannshand!) kan ein speile barnets adferd og hjelpe det til å sjå at det ikkje er så lurt å oppføre seg på den måten. No meiner eg i konkrete situasjonar og det er viktig at det blir gjort med respekt og varsomhet. Etter vår erfaring veks barna og eigenskapane endrer seg til det positive ettersom barnet utvikler seg i alder og modenhet. Men dei treng ofte litt hjelp på vegen.




Ved å sette av tid til å lese og forstå barnet ditt trur eg relasjonen blir styrka, og barnet vil lære å kjenne seg sjølv og sine behov betre. Det vil også gi meir harmoni i familien når alle har det bra og vonde ting får koma til overflata. For det er nettopp det som er farleg om ein ikkje set av tid til barnet. Dei vonde følelsane som ligg skjult under dei ubehagelge signala, blir liggande der som ein surdeig som øydelegg både for barnet sjølv og omgjevnadane. Dette kan føre til negative ringverknader ved at "problembarnet" får enda meir kritikk og desverre samtidig enda fleire indre sår. Det er jammen mange barn som lider under at dei ikkje har vaksne rundt seg som klarer å forstå og møte dei slik dei treng.

Då er det alt i alt svært bra at barna våre gir oss signal når noko ikkje er som det skal. Så gjeld det berre for oss å vere modne vaksne som søker å forstå og hjelpe dei. Eg har mykje å lære her og har ein lang veg å gå, men etterkvart ser eg berre meir og meir av kor viktig dette er imøte med barn, tenåringar og alle andre mennesker me omgås i livet. 

Mykje meir kunne vore sagt. Kom gjerne med innspel om du har noko på hjarta som du vil tilføye eller kommentere.

Når det gjeld petekkiene litle Svein fekk på kroppen sin her om dagen så er dei heldigvis borte no. Dei har mest sannsynleg kome i forbindelse med eit magevirus som han vart råka av. 

6 kommentarer:

  1. Her var det mange fotte innlegg som jeg ikke har fått med meg før.
    Har vært bortreist uten nett og har problemer med nettet heime.
    Så jeg sliter litt, hehe, Er jo litt avhengig av dette nettet.
    Både til blogging/facebook og jobb.
    Koselig tur dere hadde i vinterferien. Herlig emd slike dager
    for hele familien. Ønsker deg en fortsatt veldignet god vinter :)

    SvarSlett
  2. Tusen takk skjønne Astrid. Så kjekt at du vil følge med oss. Ja nettet er ein litt avhengig av i dag. Det ordner seg nok. Me og hadde problem ei stund men no er det iorden, så eg satser på å blogge litt meir regelmessig framover. Ønsker deg og velsigna dager framover ♥

    SvarSlett
  3. Det er så koselig at du har begynt å blogge igjen!
    Og dette innlegget var ekstra fint. Enig i det du skriver, det er også mine erfaringer. At det er så viktig, men vanskelig å se etter det som ligger BAK adferden..
    Takk for påminnelsen!
    Ser fram til videre innlegg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjære Maria. Takk for at du tok deg tid til å skrive nokre ord her på bloggen min. Ja eg kjenner ein ny iver etter å blogge, med meir fokus på verdier og det som betyr noko for meg.

      Håper du har gode dager med din kjære Ruben og dei 6 velsignelsane dåke er så heldige å ha fått. Savner dåke så masse ♥

      Slett
  4. Some of the Hermes Handbags accepted varieties of the covering versions cover smooth, bendable leathers or pebbled leathers. Even the Christian Dior suede bags, which are usually soft, and accept a accidental look, are advised chic.Cindy Crawford is part of the Omega Watches family since 1995. The flagship model of the 1990s is the oldest brand ambassador of Swiss Watches.

    SvarSlett
  5. As the beat of fashion,?Hermes Handbags absolutely fabricated abundant accession for avant-garde travelling culture. All of Christian Dior affluence covering appurtenances and accessories are abounding with acceptable superior adroitness and broadly celebrated all over the globe.In addition, Cindy Crawford invests 100% in all its projects. Therefore it is true to Swiss Watches. It not only participates in advertising campaigns for the Omega Watches brand, but it has a say in the development and communication products.

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...