fredag 25. mars 2016

Kva veg tar bloggen?

 Hjelp meg! Eg er litt rådvill, og tenkjer mykje om dagane. Tenkjer på bloggen og kva veg den skal gå. Føler eg står ved eit vegkryss no. Har lyst å blogge meir og få fleire lesarar etterkvart. Eg sit inne med så mykje som eg brenn for (om det er interisant og klokt er ei anna sak) og ser bloggen som ei fin arena å få lufte saker og ting på. Som heimearbeidande mamma er det godt å ha eit pusterom der ein driv med noko anna ann klesvask og oppfølging av barn. Å vere kreativ er noko eg er skapt for. Gjennom bloggen får eg brukt det og. Som de veit er eg personleg kristen og er glad i Gud og alt Han har gjort for meg. Eg klarer ikkje legge lokk på den delen (som er altomfattande eigentleg), men er usikker på kor tydeleg kristen profil eg skal ha? Vil jo at dei som ikkje er kristne og skal finne det kjekt å lese bloggen. Kanskje taler livet meir enn orda? At det forhåpentlegvis vil lyse igjennom kva eg står for og meiner? Utan at eg treng å annonsere at dette er ein "kristen blogg"? Eg er ikkje redd for motgong. Kan hende eg må innføre godkjenning av kommentarar før publisering, men det er eg klar for. Likevel er det ingen grunn til å vere kjempetydeleg på det eg trur på viss det berre fører til at det kun er ei lita samling folk som har glede av å lese bloggen.

Så mange spørsmål. Så rådvill. Eg ber og tenkjer. Og no luftar eg det her.


Kven er målgruppa mi? Andre småbarnsmødre iallefall. Men skal eg tenkje breiare enn det? Blogge variert slik at fleire finn det interessant å kikke innom?

Og så har me denne Jantelova då. Du skal ikkje tru at du er noko. Dei tankane dukker og stadig opp. Ingen vil følge bloggen din uansett. Men nei, det vil eg vere ferdig med. Ikkje det at eg er perfekt, så langt i frå. Men godt nok? Er ikkje det bra nok? Alle har potensial i seg, og det kan det hende denne bloggen og har. Får tida vise....







Til deg som les dette. Ikkje la deg tråkke ned av andre sine kommentarar eller meiningar om deg. Når nokon seier noko dumt til deg, eller du sjølv tenker noko negativt, så spør deg sjølv; Er det sanning i dette? Som oftast er det løgner me går rundt og lar styre oss. STOPP! Kan du sei til dei tankane. Eg er meg, og eg er bra nok. Ja tilogmed meir enn det, eg er faktisk ei unik utgåve av eit menneske Gud har skapt. Med heilt eigne eigenskapar og kvalitetar, og med ein uvurderleg stor verdi heilt uavhengig av alt det eg får til og ikkje får til.


God klem til deg frå meg

Redigert. Om du vil lese innlegget eg har skrive i etterkant om kva veg bloggen faktisk tar kan du trykke her.






7 kommentarer:

  1. Ja det er ikke alltid lett å vite hva en skal
    legge vekt på i bloggen. Men tror din kristne
    tro vil skinne gjennom uansett hva du vektlegger ellers.
    Jeg liker godt det du skriver, både om ungene og
    de daglige gjøremålene dere har for dere. I tillegg til
    tips til enkle hobbyaktiviteter.
    Ønsker deg lykke til med dine valg. Tenker du vil
    føle hva du skal blogge om.
    Gud velsigne deg :)

    SvarSlett
  2. Takk for kloke ord. Dei tar eg med meg.

    SvarSlett
  3. Takk for kloke ord. Dei tar eg med meg.

    SvarSlett
  4. Eg hadde ikkje fått med meg at du hadde begynt å blogge igjen før Barbro tipsa meg i går! Så utrolig kjekt! Har savna bloggen din med dei koselige innlegga og den naturlige og hjertevarme måten din å skrive på. Var fleire innlegg som traff meg midt i hjerte og handla om ting eg kjenner på sjølv. Takk for at du deler! -Sigrid

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei kjære Sigrid, og tusen takk for denne fine meldinga ♥ Varmer å vite at andre bryr seg om å lese det eg skriv. Kva veg bloggen tar veit eg ikkje heilt, men eg er motivert for å poste meir regelmessig. Godt me kan legge alt i Guds hender ♥ Go klem

      Slett
  5. Eg er og ei av dei som gleder meg over bloggen din, Kristina. Dine val likner dei og og min mann gjorde på 90-talet. Ungene fyrst, me får aldri dei åra igjen. Og når det gjeld trua som brenn i deg, vil den skinne i bloggen, enten du sett få eller mange ord på den. Fordi den er i deg! Laila Nordhaug

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Laila :) Tusen takk for oppmuntrande ord, det betyr mykje. Godt å høyre andre som har tatt likande val og ikkje angrar på det. At eg kan treffe folk i alle aldrar og livsepokar med det eg skriv er meg ei stor glede. Eg har gitt bloggen til Gud så får Han bruke den til det Han vil. All ære til Han ♥ Klemmer din veg

      Slett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...