tirsdag 8. mars 2016

Er dette kvinnefrigjering?

I dag er det 8.mars som i Norge blir markert som kvinnedagen. Denne markeringa vekker blanda følelsar i meg. Kampen som rødstrømpene fører er så langt i frå mine verdiar. Eg spør meg om dette eigentleg er kvinnefrigjering eller om det i bunn og grunn gjer det vanskelegare for oss kvinner til å vere dei me er skapt til å vere.

Eit av punkta som står som fanesak i lokallaget for kvinnekampen her me bur er: Barnehagar i alle skulekrinsar. Kvinnene må for all del få mulighet til å plassere bort dei små barna sine. Noko anna ville jo vore heilt forferdeleg. Tenk å måtte gå heime heile dagen med skrikerungen sin? Berre tørke tårer og snørr og ikkje få utført noko skikkeleg arbeid? Eg er einig i at det er betre med fleire mindre barnehagar i kvar skulekrins enn store barnehagar med fleire 100 barn plassert i same park, og det kan hende denne lokalsaken har noko med det å gjere. Likevel har me gjennom årenes løp skjønt bodskapen: Kvinnene ut av heimen, barnet i barnehage. Å vere heime med barn øydelegg for karriæren og er heller ikkje det beste verken for barnet eller samfunnet, meiner dei.  

Eg skjønar det berre ikkje. Etter at den store draumen om å få oppleve å bli mamma har gått i oppfyllelse, skal ein like snart levere det frå seg. Ein har kjent det vesle livet spire og gro i magen og gleda seg stort til å treffe det. Samtidig var svangerskapet tøft, både emosjonelt og fysisk. Kvalme og oppkast, trøtthet, bekkenplager og kanskje fleire ubehag. Ein lengta etter å få det overstått og endeleg få halde vesleskattten i armane. Fødselen er overstått. Hardt, ubegripeleg vondt, som ein evigvarande maraton. Likevel, ikkje noko ein ville bytta mot noko anna. Etter ein fødsel kjenner ein på at ein kan klare det meste i livet. Tenk at eg klarte det! Og for ein premie! Men pass på å nyt tida som kjem no, for du har ikkje god tid på deg. Dei 3 fyrste månadane kjem du til å hugse svært lite av. Det er masse kos, nuss og gode stunder, men det høyrer med nattevåk og ammetrøbbel for dei fleste. Når barnet er blitt 4-5 mnd kjenner ein seg sterkare. Endeleg kan ein nyte dagane litt meir og kome litt tilbake til det normale livet der ikkje alt dreier seg om den vesle. Ein får meir overskudd til å få og ha besøk, gå på turar med andre og ta del i sosiale aktivitetar. Oi, oi, tida går! Hugs å nyte det no! Berre 4 mnd igjen av permisjonstida di. 4 mnd sa du?! Ja, om du har permisjon frå jobben din med 100 % dekningsgrad og tar max av foreldreperioden som kan delast mellom mor og far, så er det far sin tur til å ta sine 10 veker når barnet er 9 mnd. (Tidlegare var fedrekvoten 14 veker, så det går etter mi meining rette vegen på den måten). 

Eit lite barn på 9 mnd er ikkje stort. Mange ammer enda, og barnet er forsatt heilt avhengig av ein vaksen heile døgnet. Så hjerteskjærande å forlate sitt elskede dyrebare vesle barn, som ein har drømt om, bært i magen og født til verden? Det største som har skjedd i livet, og så skal ein måtte forlate den lille og overlate det til andre vaksne? No meiner eg ikkje at pappaen ikkje er god nok, men det kjem ei tid etter at pappen er ferdig med sine 10 veker. Då er det tid for barnehagestart. Og dette er altså kampen til rødstrømpene. Å tvinge mødre til å levere fra seg sine 1 åringer til meir eller mindre tilfeldige vaksne, i ein institusjon med ein masse andre ungar på same alder. Det finnes veldig mange dyktige barnehagearbeidarar, men det som er dumt er at du får ikkje velge kvafor vaksne som skal ta seg av dine barn. Det er tilfeldig. Og etter mi erfaring kan det vere eindel vikarar som ikkje alltid virker like entusiastiske i arbeidet sitt. Ikkje minst er det alt for mange barn pr vaksen, noko som igjen fører til  høg belastning på personalet og til slutt sjukemeldingar. Dermed er det stor fare for ustabilitet. Dette er dei harde fakta. Barnehage er ikkje rosenrødt i det heile tatt.

Ut i arbeid. Barnet i barnehagen. Alle andre gjer det jo. Dessutan må me det for å klare å betale lånet. Ja, slik er det for dei fleste. Utanom slike utskudd som meg og nokre andre som velger å vere heime på fulltid. Det har tatt meg ei tid å kome dit eg er no. Mammahjerta mitt har snakka til meg mange gonger, men no lytter eg meir til det. Men ifølge rødstrømpene som går i tog på kvinnedagen er det ikkje godt nok å berre vere mamma. Ikkje utan barnehageplass iallefall. Dei meiner kvinnene har det best om dei vekker babyen sin kl 06.30 kvar morgon og leverer han/henne i barnehagen (ikkje bry deg så mykje om at barnet ditt griner når du går, det går fort over likevel), er borte frå barnet mesteparten av dagen for deretter å hente barnet sitt igjen etter ein lang og krevande arbeidsdag. Då er klokka blitt ca 16.00. No er det tid for kosen. No skal me heim å kosa oss og laga god middag ilag. Me kan lesa bøker og finna på kjekke ting saman. Pappa er der og. Ja det skal bli så kjekt altså. 





Kanskje finnes det nokre supermammer der ute, men sjølv er eg ikkje skapt slik. Etter ein lang dag på jobb er eg trøtt. Det er også barnet mitt om det må vere i barnehage med masse lyd og støy og vaksne ein ikkje kjenner likegodt som mamma og pappa. Det seier seg sjølv at dersom både mor og barn er trøtte så blir det ikkje fullt så koseleg ettermiddag som ein hadde håpa på. Og slik går no dagane. Det dårlege samvitet slit og drar i ein, men me fortset på same måten likevel. Det er jo slik kvinnene skal leva livet sitt i 2016. Det er blitt naturleg å søkje om barnehageplass samstundes som ein registrerer namnet på den nyfødte. Er det verkeleg slik me mammmer ynskjer å ha det. I så fall blir me fattige. Me gir frå oss ei tid som me aldri vil få tilbake. Me blir frarøvd noko av det mest dyrebare som er gitt i livet. La oss heller kjempe for å få lov til å vere saman med barna våre, utan å måtte kjenne det så innmari vanskeleg å ta det valget. 

Hurra for alle mammer der ute som gjer ein formidabel jobb kvar dag, enten du er i jobb eller du er heime på fulltid. ♥

(Når eg skriv innlegg som dette så set eg ting litt på spissen. Ikkje meininga å støte nokon, men eg meiner det trengs fleire røster som taler denne saken og er derfor frimodig når eg skriv. Dette er mitt vesle bidrag i kampen for at mødre skal få lov å velge å vere heime med barna sine).

3 kommentarer:

  1. Synes det er flott at du skriver hva du mener og står for! Jeg er overbevist om at det er godt å vokse opp hos dere. Tid og kjærlighet er det aller, aller viktigste for barna.
    E

    SvarSlett
  2. Hei E, og tusen takk for gode ord. Eg håper at barna våre vil sei det når dei blir vaksne. Familie først, det er viktig for meg.

    SvarSlett
  3. Some of the Hermes Handbags accepted varieties of the covering versions cover smooth, bendable leathers or pebbled leathers. Even the Christian Dior suede bags, which are usually soft, and accept a accidental look, are advised chic.Cindy Crawford is part of the Omega Watches family since 1995. The flagship model of the 1990s is the oldest brand ambassador of Swiss Watches.

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...