søndag 13. mars 2016

Dette er kontantstøtte

Ei veninne fortalde ho hadde vore hos frisøren nyleg. Frisøren hadde nettopp komme tilbake i jobb etter fødsel og far var no byrja på si persmisjonstid. Om knappe 2 mnd var det klart for barnehagestart. Frisøren grudde seg til dette og uttrykka, slik eg forstod det, at ho syntes det var for tidleg for barnet å vere borte frå mamma og pappa. Då veninna mi fortalde henne at det finnes noko som heiter kontantstøtte og kva det inneber, vart ho overraska. Eg for min del vart forundra over uvitenheten rundt dette tilbodet og fann straks ut at eg måtte skrive eit blogginnlegg kring temaet. 

Kontantstøtte er ei økonomisk støtteordning du kan få dersom du ønsker å vere heime med barnet ditt etter endt permisjon. Du kan få kontantstøtte fra og med månaden barnet ditt fyller 13 månader, til og med barnet fyller 23 månader. Per dags dato er summen 6000 kr /mnd. Dette er skattefrie kroner. Les meir om ordninga på NAV sine heimesider. 

Kontantstøtta blir ikkje framstilt som eit reelt alternativ. Folk veit mest ikkje om at det finnes noko som dette! Det er skremmande. Etter mi meining er dette ei flott ordning for alle som ynskjer å la barna få ein litt rolegare start på livet og utsette barnehagestart ei stund. Veldig mykje skjer frå barnet blir fødd til det eit år, men jammen er det mykje som skjer i utviklinga til barnet i tida frå det fyller 1 til 2 år og. Spesielt er denne tida svært viktig for ei trygg tilknytning mellom foreldre og barn. Det er ei så dyrebar tid som ein aldri får att. Eg trur mange kjenner på eit sakn etter å vere heime lenger enn permisjonstida varer. 

Kvifor informerer ikkje jordmødre og helsesøstre om dette tilbodet? Folk er uvitande om kva kontantstøtte eigentleg er, og vurderer derfor ikkje eingong det som eit alternativ.

No er kontantstøtta utryddningstrua, desverre. Høyrde at både Høgre og dei fleste andre parti går mot ei avvikling, og at det berre er KrF som sit att som forkjemparar for ordninga. Dette er trist. Foreldre skal ikkje få lov til å velge det dei meiner er best for barnet og familien sin. Politikken er klar, alle skal ut i jobb. Ellers får ein klare seg sjølv.










Me er innstilt på å klare oss sjølv dersom kontantstøtta skulle bli fjerna. 
Family first, nomatter what ♥. Så får me heller leve litt enklare den tida. Gud er trofast og Han vil sørge for oss. Kanskje får me vokse i det å stole meir på Gud gjennom tider med lavare inntekt. Livet har ein tendens til å bli altfor forutsigbart og trygt her i vår del av verden. Eg og Ørjan har iallefall merka at det ligg skjulte skattar gøymd i det å leve på mindre pengar, og at t.d takknemleghet og gleden har blitt større. Eg trur at det å leve enklare fører mykje bra med seg og vil nok komme meir innpå temaer knytta til det i seinare innlegg. 



Meg og vesle Svein, ca 4 mnd gamal.


Bibelen forteller oss at me ikkje treng vere bekymra. Her er nokre fine vers i frå Matteus 6, 25-27: 

"Derfor sier Jeg dere: Vær ikke bekymret for livet deres, hva dere skal spise eller hva dere skal drikke, og heller ikke for kroppen, hva dere skal kle dere med. Er ikke livet mer enn maten og kroppen mer enn klærne? Se på fuglene i luften, de verken sår, høster eller samler i hus. Likevel gir deres Himmelske Far dem mat. Er ikke dere av større verdi enn dem? Hvem av dere kan ved å bekymre seg legge så mye som en alen til sin livslengde? "

Vers 33: Søk først Guds rike og Hans rettferdighet! Så skal alt dette bli gitt dere i tillegg."


4 kommentarer:

  1. Gud velsigne dere og valgene dere har gjort i familien!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Ingar. Det gjer godt å høyre.

      Slett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    SvarSlett
  3. Det er så godt å lese det du skriver!Gud være med dere alle sammen!
    -Margit-

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...