onsdag 30. mars 2016

Å svare nei på ein god måte

Iløpet av ein dag er eg nødt til å svare nei eindel gonger. Som mamma kan ein ikkje alltid imøtekomme barnas ønsker. Sånn er livet rett og slett! Det passer kan hende ikkje å male seg i ansiktet akkurat når barnet ønsker det, eller gå ut for å leike når det er leggetid, eller få is og godteri på ein vanleg kvardag. Som forelder er eg satt til å lage gode rammer for barnet og ta kloke valg på vegne av det. Kva som er lov og ikkje lov kan variere fra familie til familie. Hos oss får dei f.eks tegne og klippe og lime stort sett når dei vil, mens dei må sitte med bordet til me har sunge etter maten. Nugatti høyrer med til helgefrukosten og litt hopping i sofaen er tillatt. Andre har det kanskje heilt annleis. Skulle eg svart ja til absolutt alt barna spør meg om veit eg ikkje kva som ville hendt. Det første som slår meg er at det ville blitt kaos i familien, endå meir enn det er i dag.

Ok, så nei må me svare iblant. Det går an å lure eit nei til å bli eit ja ved å svare at du skal få godteri på lørdag når barnet spør om å få det på ein tirsdag. Eller svare "ikkje akkurat no, kanskje seinare", eller noko i den dur. Indirekte er likevel svaret nei. Barnet får ikkje innvilga ønsket sitt.

Så kjem eg til det som eg synes er vanskeleg. Nemleg å svare nei på ein bra måte. Dei som har erfaring med barn veit at dei gir seg ikkje med å spørre ein gong (dei fleste iallefall). Dei spør igjen, og blir kanskje sinte eller hyler og skriker. Dei VIL ha det akkurat NO. Og så starter kampen. Ja viss det trenger bli ein kamp då?

Det blir ein kamp dersom eg blir sint tilbake og svarer "Nei har eg sagt! Kor mange gonger må eg sei det same igjen, NEI! Forstår du ikkje at du ikkje kan få lov til det no.... Dette har me snakka om mange gonger før.... Viss ikkje du gjer som eg seier no så får du ikkje lov til....  Slutt å grine! Kvifor må du alltid... "  Kjenner du deg att?

Når eg reagerer slik som ovanfor er eg ikkje voksen lenger. Eg går ned på eit barns nivå og seier ein masse med unødvendige ord. Eg reagerer like umodent og blir sint tilbake. Atpåtil misbruker eg makta eg har som voksen og beskylder barnet urettmessig. "Kvifor skal du alltid... Forstår du ikkje? Ta deg saman no". Dette kan skade sjølvfølelsen til barnet om det skjer ofte. 

Det er mange måtar å seie nei på. Eit nei kan også bli sagt på ein kjærleg og god måte. Mild og bestemt på same tid? Og klar til å tåle reaksjonar frå barnet utan å falle ned der sjølv? Dette er tankar eg gjer meg etter at eg sjølv erfarer kor vanskeleg dette kan vere. 

Eg prøver også ut ulike metodar for å unnlate at det blir ein kamp av den minste lille ting. Eit triks er å raskt manøvrere samtalen over på noko anna. Avledning hjelper barnet til å tenke på noko anna og gløyme det som var så leit. Vil barnet SÅ gjerne sjå på film, kan det hjelpe om mor foreslår å spele UNO ilag istaden. 

Eit sunt nei meiner eg skal vera bestemt men samtidig snilt eller mildt. Ein treng ikkje rope ut NEI, det er mange ulike måtar å få fram neiet på, men eg trur det er best at det kjem tydeleg fram kva den voksne meiner. Den voksne må  
tåle å stå i det som måtte komme av reaksjonar frå barnet utan å sjølv reagere med sinne og frustrasjon. Ikkje lett sa du? Heilt enig. Men verd å jobbe med. På sikt trur eg ein slik "nei praksis" er svært verdifullt på den måten at det lærer barnet å sjølv reagere på ein god måte, f.eks imøte med søsken og venner. Eksempelets makt er stor. I tillegg virker det positivt for barnets sjølvfølelse- og verdi å få lov til å reagere utan å måtte bli hakka ned av den voksne. Å få lov å vise følelsar som sinne og skuffelse er faktisk viktig for ei sunn utvikling hos barn. Det handler om å vise barnet respekt og bygge ein sunn og trygg egenverdi ned i barnet. Ettersom det vokser lærer barnet å regulere desse følelsane og etterkvart bruke meir ord for å forklare kva det kjenner på. Då kjem me inn på det som kalles speiling. Det trengs eit eige innlegg for å forklare kva det inneber. Kort sagt inneber det at me voksne hjelper barnet å forstå sine eigne følelsar ved å sette ord på rekasjonar barnet har. "No ser du trøtt ut lille venn. Trur det er tid for middagstid". "Eg ser at du vart skuffa no når du ikkje fekk lov å gå på kino. Eg kan godt forstå at du vart skuffa". Mykje av dette kjem naturleg for dei fleste foreldre å seie utan å tenke over det, men eg synest det er veldig interisant å lære meir om. Det året me var fosterforeldre fekk me teoretisk og praktisk erfaring omkring dette med speiling. Men for all del, eg er ingen ekspert på området, berre ei heilt vanleg mamma som strevar med dei same tinga som dei fleste andre. Heldigivis er det håp for for oss alle *smil*. Med bevisstgjering og ein dose tolmod med seg sjøl kan ein sakte men sikker endre adferdsmønster. Viss ein vil då. Det kan vere skikkeleg hardt arbeid, det kan eg skrive under på, men når ein merker resultata forstår ein at det var verdt det.

Hugs, du er SÅ så viktig for barnet ditt. Det ville valgt DEG blant alle andre. 



God klem frå Kristina 




3 kommentarer:

  1. Eit flott og viktig innlegg. Samstundes trur eg at vi av og til må seie ja, sjølv om vi i utgangspunktet ønsker å seie nei, fordi vi tenkjer at vi ikkje orkar. Men det er dei gongane vi seier ja, når borna minst ventar det som dei verkeleg hugsar. Eg veit med meg sjølv at eg ofte seier nei, dessverre litt for ofte. For dessverre er det ikkje rom ihektiske kvardagar til alt ein eigentleg vil. Men eg prøver å seie meir ja, både for min eigen del, og for borna sin del.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er sant Anita Kristin. Å imøtekoma barna på deira ønskjer er viktig. Trist og keisamt blir det om mamma alltid svarer nei, men det må til innimellom. Enkelte gonger svarer ein kanskje først nei, men så ombestemmer ein seg og svarer ja likevel. Det må og vere lov tenkjer eg.

      Slett
    2. Det trur eg er viktig, å vise at vi kan ombestemme oss, og at vi kan ta feil vi foreldre også. Vi vil jo berre det som er best for dei, uansett om vi seier ja eller nei.

      Slett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...