søndag 21. februar 2016

Vinterferie 2016

Me var så heldige å få låne hytte av tanta og onkelen min denne vinterferieveka me no har lagt bak oss. Tenkte å vise dåke litt bilder frå turen vår her på bloggen. Hytta, som er meir som eit hus og heilt nytt, ligg fint til i Ølve, ei lita bygd i Kvinnherad. Her bur besteforeldra mine på morssida og me fekk då samtidig høve til å besøke dei fleire gonger medan me var der. Det er alltid så godt å vera i Ølve, mitt barndomsparadis, og ein av dei vakraste stadane eg veit om.

Det vart vinterferie utan snø, men mykje kos alikavel. Her har me fyrt opp i bålpanna utanfor hytta. Me grilla pølser med pinnebrød surra rundt. Enkel middag den dagen.








Hytta, som er i funkisstil, har store deilige opphaldsrom. Det vart mykje tid til innekos og. Her har min kjære mann dekka til frukost, noko han er veldig god på. Han står alltid tidleg opp, bruker tid på bønn og Bibel, og steller istand frukost etterpå. Eg er litt bortskjemd der :)










Litt baking vart det og. 

Appelsinkake med appelsinkrem inni

Sjokoladebollar




Og kvar kveld var det filmkveld. Me såg Istid 1, 3 og 4. Då vart det dekka med noko godt på bordet. Her hadde me nybakte sjokoladebollar (vanlege kveitebollar med bitar av kokesjokolade inni). 



Mine 5 skjønne små og min gode mann.


Mammo og minsten er inne og lagar middag medan dei andre er ute og leikar.

Babyen min er blitt stor, snart 5 mnd. ÅÅåå kor fantastisk god han er ♥


Her er bildeter frå då me var på garden til oldebesto og oldebesten (mine besteforeldre). Iløpet av ca eitt års tid har ungane våre mista 3 oldeforeldre. No har dei 3 igjen. Tid saman med dei er dyrebar.



Oldebesto saman med sitt yngste oldebarn.

Oldebesten i sitt rette element. 

Føler oss så velsigna som fekk desse dagane ilag. Både at me alle hade mulighet til å reisa ilag og at me fekk låne denne fine hytta. Det er godt å koma bort frå det vante og berre vera ilag som familie. Heime er det alltid noko som skal gjerast og eg merkar eg har lettare for å bli stressa og dermed ikkje så mykje å møta ungane med. På turar som dette får ein meir tid og overskudd til å sjå kvarandre, spela spel ilag, lesa bøker ilag, gå på turar og andre kjekke ting som knytter oss meir saman. Me har ikkje vore på overnattingstur ilag som familie sidan i fjor sommar, så det var ikkje rart at ungane var heilt i 100 då dei fekk vite me skulle på denne turen.







Takk for oss!









1 kommentar:

  1. Så fint dere har hatt det! Jeg er ikke så mye på blogg lenger, blir heller instagram og Facebook. Holdt igjen lenge, men så ble jeg da med. Likevel skal du vite at jeg tar dere alle med i min morgenbønn!Kjenner dere ikke, men kjenner dere litt likevel, føler jeg. -Margit-

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...