torsdag 10. desember 2015

Ungane sin julekrok

Bli med inn i biblioteket vårt!
Det som før var eit lukka kontor med dør i frå gongen og utan vindu, har no blitt ein del av stova vår. Me slo ned veggen i frå stova og inn til kontoret og resultatet har blitt eit bibliotek/kontor som ein integrert del av stova. Der døra før var settte me inn eit ca 100 år gamalt vindu.





Tildaengelen kom ein dag med beskjed til ungane (les dei to forrige innlegga mine) om at det var komen fram julehefter, julebøker og julefilmar inne på på dette rommet. Eg satte inn ei expedithylle frå Ikea og satte alt fint fram.






Å kor dei har kost seg med dette i dagane etter. Så fort dei har fått anledning har dei funne seg eit julehefte eller ei julebok og satt seg godt tilrette for å lese. Dette gjeld særleg dei to eldste. 

I bokhylla over julebøkene rydda eg plass til zinkhus og ei lyslenke. Her skal ungane få sette alt dei lagar sjølv av julepynt på skulen og heima. No er det komen små raude nissar rundt husa, og eitpar krybber med Jesusbarnet i. Salig blanding med andre ord. Dette er mitt lille tips til småbarnsmødre som er opptatt av å ha det fint; samle barna sine julekreasjonar på ein eller to plassar. Så får dei pynte opp og bli verdsatt utan at det treng å prege heile huset. Det må jo seiast at eindel av det ungane lagar er meir sjarmerande enn fint. Misforstå meg rett :)

Meir av "biblioteket" vårt på bildet under. Bildet er tatt i frå stova. Massevis av bøker seier du ja! Eg har ein lesehest av ein mann. Me trålar bruktbutikkar ilag, han på jakt etter bøker og eg på jakt etter fine skattar til interiøret. Alle barnebøkene har og fått plass her. Dei er plassert i hjørnehylla. Ser du det svarte huset som står der i hjørna? Her har ungane laga si eiga julekrybbe. Skal prøve å få vist det i eit eige innlegg.




Ynskjer deg og dine gode førjulsdagar. Eg er snart tilbake med nye innlegg, imellomtida må du ta vare på deg sjølv og hugse å ta deg tid til å la freden senke seg innimellom.

Kristina









1 kommentar:

  1. Dette syns jeg ble en fantastisk flott løsning!
    Flott med det gamle vinduet! Vakkert og godt skrevet!
    Salig blanding er det her i huset også. Det hører med! Æ
    Ønsker fortsatt god advent! -Margit-

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...