tirsdag 8. desember 2015

Kommentar til forrige innlegg

Det er ikkje berre rosenraudt med aktivitetskalender. Medaljen har ei bakside. Dess meir eg tenkjer på det dess meir blir eg klar over det, og eg kjente derfor for å dele tankane her.

Utfordringane eg opplever med aktivitetskalender er at det fort blir for høge forventningar frå ungane på kva neste aktivitet er. Eg opplever at dei mellomstore ungane her i huset kan reagere med skuffelse dersom det ikkje var noko dei hadde så lyst til. Ikkje alt appelerer like mykje til alle, og dermed kan det fort bli litt sure miner. Det merkar eg igjen legg litt press på meg, for eg vil jo gjerne at alle skal synast det er kjekt det me skal gjere. Planlagde aktivitetar gjer at ein får gjort det ein ønskjer å få gjort, derimot kan det vere vel så koseleg med spontane påfunn. Dersom det ikkje blir annonsert på førehand kva me skal gjere denne dagen, kan gleda bli større over det ein finn på ilag. Kanskje. Om eg berre klarar å vera strukturert og motivert nok til å gjennomføre aktivitetane sjølv utan å ha ein kalender på det. For det er jo ikkje tvil om at det å gjere kjekke ting ilag betyr mykje for ungane. Litt ambivalent her som de skjønar ;) 

Eg skulle ønske at ungane mine var såpass takksame og modne at dei kunne glede seg over det som skal skje kvar dag, men her har eg visst ein jobb å gjere. Eg skal sjå vidare korleis det fungerer resten av adventstida, men det er godt mogleg eg vil gjere det annleis neste år. Tildaengelen må få bli med oss, men då kan det hende ho kjem med noko anna i eska si enn beskjedar om kva aktivitet me skal gjere i dag.

Bilete er frå tidleg ein morgon no i desember. Aktiviteten denne dagen var å fargelegge eit julemønster med nye tusjar dei hadde fått.




3 kommentarer:

  1. Ikke lett å finne aktiviteter som passer for alle
    Det er jo litt sprik i alderen på de.
    Fikk en tanke da jeg les det du skrev, Hva med å la
    de eldste være med å bestemme aktivitet for det minste.
    Så de dagene de to yngste skal åpne er det noe de
    eldre har vært med å bestemme. Kanskje det er litt mer spennende?
    Med de to yngste mener jeg ikke den aller minste.
    Tror kanskje ikke har åpner kalender i år :)
    Lykke til og ha ei velsignet god adventsuke fortsatt :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var kanskje ikkje så dumt. Skal vurdere det :)

      Slett
  2. Eg kjenner igjen tankane du skriv om. Eg har sjølv gått i den fella. Eg syns adventskalenderar kan vere vansklege. Det er no vorte veldig stort press på at ein skal gjere mest mogleg ut av det, og alle pakkekalenderane og alle pengane som vert brukt. For meg vert det feil fokus. I år har mine fire born ein sjokolade kalender på deling, og dei vel sjølve å dele den vesle sjokoladebiten som er i med den dei åpnar i lag med. Det vart slik i år fordi eg held på med vidareutdanning og eksamen og vi har haldt på med oppussing fram til no. (snekkaren vart ferdig i går) Mannen min har nedlagt forbod mot aktivitetskalender, då han syns det vart for mykje stress. I tillegg vert borna leide seg dersom det ikkje vert tid likevel til det vi hadde tenkt, eller at dei ville gjere noko anna den dagen. Men vi prøver å ha aktivitetar i helgene, og ikkje i vekene, då dei er ganske fulle frå før, itillegg til at eg jobbar turnus. Men eg har kjøpt nokre hobbypakkar på Nille som dei syns har vore kjekke, som vi lagar i helgene. I tillegg vert det film og popkorn, og enkle ting. Eg trur jula hanldar om å gi og ta, og legge lista litt lågare, men mest av alt om å vere ilag og bruke tid på kvarandre.

    Ønsker deg og dine ei riktig god adventshelg.

    Anita Kristin

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...