mandag 7. desember 2015

Adventskalender 2015

For nokre år tilbake sydde eg denne Tilda engelen. Ved å sy på 24 ruter vart det ein kalender engel. Frå 1. til 24.desember kjem engelen med beskjedar i eska si som ungane kvar morgon byter på å lese opp. Det kan t.d vera at me skal baka, eller lage julepynt, eller gå og sjå på pepperkakebyen. Aktivitetskalender med andre ord. Det er ikkje fritt for at det avogtil snik seg inn ein liten sjokolade til kvar av ungane istadenfor ein lapp med beskjed. Det blir løysinga på ekstra travle dagar.





Det er er kjekt med ein kalender som ein tar fram år etter år og som ungane hugsar og gledar seg til. Eg brukar om att all julepynt og kjøper lite nytt. Hugsar sjølv kor stas det var som lita jente å finne fram den same adventsstaken, den same stjerna og dei same figurane år etter år. Barn knytter minner til gjenstander og likar godt det som er kjent.  
Når det gjeld Tilda-englar så har eg først kjøpt eit ferdig kit med alt eg trong for å sy ein engel. Deretter bestilte eg meir Tilda hudstoff (det er ikkje lett å finne noko anna liknande stoff som egnar seg), for så å kunne sy mange fleire englar til ein mykje billegare penge. Tilda hår kjøpte eg og utanom, ellers brukar eg andre stoff eg har til kjolar og vengjer. Då kan ein sy mange englar utan at det blir så dyrt. Dette er fine gåver å gi bort.





I kveld har eg og to av gutane vore på juleavslutning for Jonas. Me fekk sjå flott teaterframstilling framført av ungane og eg vart reint rørt over kor flinke dei var. Alt hadde dei lært utenat enda dei berre går i 2.klasse.

Det er ei tid med eindel på programmet for oss med små barn. La oss ikkje gløyme å det viktigaste av alt, Han som tok på seg ein menneskes skikkelse og kom til jorda vår. Jesus, Guds son, vår frelsar som vart fødd i ein stall. Han lever og er nær, om me berre tar oss tid til å høyre etter. Meg og mannen min snakkar eindel om korleis me kan få meir fokus på juleevangeliet og hovedpersonen Jesus i julefeiringa vår. I ei tid der kristendommen får mindre og mindre plass treng me å løfte budskapet fram meir enn nokon gong. Som englane sa til hyrdene på marka "sjå! eg forkynner dykk ei stor glede", på samme måte klinger Jesu budskap i dag. "Kom til meg de som strevar og har tungt å bære". Den freden og gleda det følgjer med å ha Jesus i hjarta kan ikkje forklarast. Eg er så takksam til Gud for alt Han er for meg. "My rock and my salvation".



La oss ta tid til det viktigaste og la det mindre viktige kome i andre rekke. 

Jula handlar og om tid saman til å gjere koselege ting. Då er denne typen kalender der ein finn på ulike aktivitetar ei hjelp til å få gjort det ein har lyst til. Eindel av det me gjer ilag her hos oss ville me gjort uansett, men ein slik kalender pressar meg litt til å finne på enda litt meir ilag. Eg har skrive ei lita liste som ein slags "idè bank" med forslag til aktivitetar. Her er nokre av dei: Lage julamann, lage pepperkaker, pynte pepperkaker, dryppe lys, ta turen i badebasseng, sjå julefilm ilag, lommelykt tur i skogen, lage julepynt, lage julesnop (marsipan, karamellar mm). 

Har du andre forslag til kjekke ting å finne på? Legg gjerne igjen ein kommentar.

Be blessed ♥










2 kommentarer:

  1. Så god idè å bruke ein Tildaengel som adventskalender. Veldig koseleg her inne hos deg. Kva med å la borna lage pakkelappar? Det er veldig populært her i heimen, og er enkelt og krev ikkje so mykje. Litt glitterlim, klistremerker, glansbilete og litt stiv kartong i dei fargane ein vil ha. La borna sette i gong. Vert mange flotte kunstverk av det.
    Fortsatt fin førjulstid!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Anita Kristin:) Så kjekt at du liker bloggen min, og tusen takk for god idè. Den skal eg nytte meg av.

      Slett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...