onsdag 11. juni 2014

The eigth of us

Tida fyk og me er alt komen godt ut i juni. Tenkte eg ville dele eit bilete av oss oss og den fine barneflokken vår.





6 barn mellom 0 og 9 år. Me har lite tid til å kjede oss :) Dagane er innhaldsrike og fyllt av masse gode øyeblikk, men kan sjølvsagt også vere slitsame og krevande. Me synest me lærer mykje om oss sjølve og mellommenneskelege relasjonar gjennom vår nye livssituasjon. Mange behov skal ivaretakast, og ikkje minst skal me sørge for at våre 4 biologiske har det greit oppi alt. Eg og Ørjan er nødt til å stå saman og vere trygge vaksne. Me arbeider i team som aldri før. Eg er heldig som har verdens beste samarbeidspartnar. Og med Gud på laget blir tråden tretvinna og sterk. Utan Han hadde me ikkje klart det. I vår svakhet kjem Hans styrke oss til del. Han gir oss ord i rette tid som er med å gi oss pågongsmot, og han sender mennesker i vår veg som gir oss nytt pågongsmot. Ikkje minst så frir han meg frå materialisme gjennom oppgåva me no står i som fosterforeldre. Det har eg ikkje tid til å tenke på ein gong. Eg kjenner det befriande. Interiør skiftar, og om 10 år er det ut det som er inn i dag. Er det då verdt å bruke mykje tid og pengar på dei tinga? Eg vil alltid kome til å like å ha det fint rundt meg, men det skal ikkje få eiga hjarta mitt. Borna våre, og dei rundt oss er mykje meir verdifulle. Menneskesjeler er verdt meir enn alt. Jesus viste oss det så tydeleg då han levde på jorda. Han løfta opp dei som låg nede og brukte tid saman med dei som alle andre skubba vekk. Bruk tida di på noko som er verdifullt. Noko som varer og som har betydning for andre mennesker. Det er det som til sist gir den indre roen og gleda i livet som alle eigentleg ynskjer seg.




No har ein liten skrott vakna etter kvilen sin og eg må lukke att pc-en for denne gong. Eg kikkar stadig inn til dåke andre fine bloggarar, men dessverre blir det lite av kommentering.

Ynskjer alle ein nydeleg fin sommar :)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...