tirsdag 18. mars 2014

Ei ny tid

Her kjem ei lita oppdatering i frå oss. Det er gått fleire månadar sidan forrige blogginnlegg og det er derfor kjanskje på tide å seie litt om ståa. Det har skjedd store forandringar i familien vår etter jul. Me er nemleg blitt fosterforeldre! To skjønne jenter på 7 år er blitt eindel av familien vår. Dei er tvillingar, men likevel veldig ulike. Kvar sin personlegdom, kvar sine kvalitetar og kvar sine utfordringar. Me har kjent jentene sidan dei var fødd og me er veldig glad i dei.

6 barn! Ja, det kan virke overveldande. Det har vore ei stor overgang, det er ikkje til å legge skjul på. Men ved Guds nåde og hjelp går det bra. Ørjan, mannen min, har redusert stillingen sin og er mykje heime. Det trengst. Særleg om morgonen vekedagar og ved kveldsstell er det nødvendig å vere to vaksne. Alle seks treng nærleik, tryggleik og omsorg, i tillegg til praktisk hjelp. Me prøver å få det til slik at alle får litt aleinetid med oss. Mykje skal på plass, både praktisk og i forhold til rutinar. Struktur er heilt nødvendig. Me må vere i forkant av ting heile tida. Lage istand nister, kle og sekkar dagen i forvegen. Ved hjelp av gode rutinar morgon og kveld sklir dagane betre. Det merkar me godt.

Det er 3 veker sidan familieforaukelsen og enno er mykje ikkje komen på plass. Me har opna opp til leiligheten og fått mykje betre plass, noko eg set stor pris på. opninga har ført med seg arbeid og eindel står uferdig. Det er travle dagar og helst skulle døgeret hatt fleire timar.  Mannen min sa det veldig fint: "Me har lite tid til unyttige ting fortida". No er det ei tid for å prioritere borna og heimen. Me jobbar med å finne gode måtar å gjere ting på. Det inneber meir struktur i form av faste tider for måltid, liste for kva som skal gjerast før frukost, fast dag for handling etc. Me har f. eks skrive ned 2 handlelister på data. Den eine kallar me standardliste og er ei liste for varer me må handle kvar veke. Den andre er ei lagerliste og inneheld mat og andre husholdningsvarer som me kan handle inn i stort og ha ståande.

Strukstur, orden og rutinar er heilt nødvendig, men utan omsorg og kjærleik blir det ikkje noko god frukt. Me kjenner oss avhengig av Gud i denne nye situasjonen me er komen i. Berre Han kan gi oss den styrken, tolmodet og kjærleiken me treng for å gi våre 6 skattar det dei treng. Kan me klare å ivareta alle 6 sine behov? Dette er det store spørsmålet som det gjenstår å sjå svaret på. Det er nok av ting å bekymre og uroe seg over. Då er det viktig å halde fokuset på det som er viktig. Gi borna det dei treng av emosjonell og materiell omsorg, så vil fruktene og resultata koma seinare.

Kristina

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...