onsdag 11. juni 2014

The eigth of us

Tida fyk og me er alt komen godt ut i juni. Tenkte eg ville dele eit bilete av oss oss og den fine barneflokken vår.





6 barn mellom 0 og 9 år. Me har lite tid til å kjede oss :) Dagane er innhaldsrike og fyllt av masse gode øyeblikk, men kan sjølvsagt også vere slitsame og krevande. Me synest me lærer mykje om oss sjølve og mellommenneskelege relasjonar gjennom vår nye livssituasjon. Mange behov skal ivaretakast, og ikkje minst skal me sørge for at våre 4 biologiske har det greit oppi alt. Eg og Ørjan er nødt til å stå saman og vere trygge vaksne. Me arbeider i team som aldri før. Eg er heldig som har verdens beste samarbeidspartnar. Og med Gud på laget blir tråden tretvinna og sterk. Utan Han hadde me ikkje klart det. I vår svakhet kjem Hans styrke oss til del. Han gir oss ord i rette tid som er med å gi oss pågongsmot, og han sender mennesker i vår veg som gir oss nytt pågongsmot. Ikkje minst så frir han meg frå materialisme gjennom oppgåva me no står i som fosterforeldre. Det har eg ikkje tid til å tenke på ein gong. Eg kjenner det befriande. Interiør skiftar, og om 10 år er det ut det som er inn i dag. Er det då verdt å bruke mykje tid og pengar på dei tinga? Eg vil alltid kome til å like å ha det fint rundt meg, men det skal ikkje få eiga hjarta mitt. Borna våre, og dei rundt oss er mykje meir verdifulle. Menneskesjeler er verdt meir enn alt. Jesus viste oss det så tydeleg då han levde på jorda. Han løfta opp dei som låg nede og brukte tid saman med dei som alle andre skubba vekk. Bruk tida di på noko som er verdifullt. Noko som varer og som har betydning for andre mennesker. Det er det som til sist gir den indre roen og gleda i livet som alle eigentleg ynskjer seg.




No har ein liten skrott vakna etter kvilen sin og eg må lukke att pc-en for denne gong. Eg kikkar stadig inn til dåke andre fine bloggarar, men dessverre blir det lite av kommentering.

Ynskjer alle ein nydeleg fin sommar :)

tirsdag 18. mars 2014

Ei ny tid

Her kjem ei lita oppdatering i frå oss. Det er gått fleire månadar sidan forrige blogginnlegg og det er derfor kjanskje på tide å seie litt om ståa. Det har skjedd store forandringar i familien vår etter jul. Me er nemleg blitt fosterforeldre! To skjønne jenter på 7 år er blitt eindel av familien vår. Dei er tvillingar, men likevel veldig ulike. Kvar sin personlegdom, kvar sine kvalitetar og kvar sine utfordringar. Me har kjent jentene sidan dei var fødd og me er veldig glad i dei.

6 barn! Ja, det kan virke overveldande. Det har vore ei stor overgang, det er ikkje til å legge skjul på. Men ved Guds nåde og hjelp går det bra. Ørjan, mannen min, har redusert stillingen sin og er mykje heime. Det trengst. Særleg om morgonen vekedagar og ved kveldsstell er det nødvendig å vere to vaksne. Alle seks treng nærleik, tryggleik og omsorg, i tillegg til praktisk hjelp. Me prøver å få det til slik at alle får litt aleinetid med oss. Mykje skal på plass, både praktisk og i forhold til rutinar. Struktur er heilt nødvendig. Me må vere i forkant av ting heile tida. Lage istand nister, kle og sekkar dagen i forvegen. Ved hjelp av gode rutinar morgon og kveld sklir dagane betre. Det merkar me godt.

Det er 3 veker sidan familieforaukelsen og enno er mykje ikkje komen på plass. Me har opna opp til leiligheten og fått mykje betre plass, noko eg set stor pris på. opninga har ført med seg arbeid og eindel står uferdig. Det er travle dagar og helst skulle døgeret hatt fleire timar.  Mannen min sa det veldig fint: "Me har lite tid til unyttige ting fortida". No er det ei tid for å prioritere borna og heimen. Me jobbar med å finne gode måtar å gjere ting på. Det inneber meir struktur i form av faste tider for måltid, liste for kva som skal gjerast før frukost, fast dag for handling etc. Me har f. eks skrive ned 2 handlelister på data. Den eine kallar me standardliste og er ei liste for varer me må handle kvar veke. Den andre er ei lagerliste og inneheld mat og andre husholdningsvarer som me kan handle inn i stort og ha ståande.

Strukstur, orden og rutinar er heilt nødvendig, men utan omsorg og kjærleik blir det ikkje noko god frukt. Me kjenner oss avhengig av Gud i denne nye situasjonen me er komen i. Berre Han kan gi oss den styrken, tolmodet og kjærleiken me treng for å gi våre 6 skattar det dei treng. Kan me klare å ivareta alle 6 sine behov? Dette er det store spørsmålet som det gjenstår å sjå svaret på. Det er nok av ting å bekymre og uroe seg over. Då er det viktig å halde fokuset på det som er viktig. Gi borna det dei treng av emosjonell og materiell omsorg, så vil fruktene og resultata koma seinare.

Kristina

tirsdag 7. januar 2014

Pause

Godt nyttår alle saman! Her har det blitt lite blogging i det siste og det ser ikkje ut til at det vil snu med det første. Derfor vil eg berre meddele at det blir ein liten bloggepause her hos nord i bygdo. Eg har ikkje heilt inspirasjonen til å lage innlegg fortida, og eg blir stadig usikker på kva eg skal blogge om. Ikkje utlevere oss for mykje, og ikkje loggføre ungane sin barndom. Ei heller for mykje materialistisk fokus. Det blir fort mange ting ein ikkje skal/vil skrive om. Då kan fort motivasjonen og stoppe opp. Blogging skal vere lystbetont og muligens kjem inspirasjonen tilbake saman med at det blir lysare ute :)

Kva synest du eg burde blogge meir om? Tar gjerne imot tips :)

Tusen takk til alle de skjønne som stikk innom bloggen min, og ein ekstra takk til alle de som legg igjen spor. Utan dåke trur eg det ville blitt bloggestopp for gått!

Klem fra Kristina <3
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...