mandag 21. oktober 2013

Himalayatorg 26.oktober 2013


 



 
 På fyrstkomande laurdag vil eg oppmode deg til å ta turen til Leirvik og besøke Himalayatorg!
 
Me er ein gjeng damer som annakvar veke samlast til misjonsforening. Her lagar me ulike ting som me no vil selge til inntekt for Himalpartner sitt arbeid i Nepal. Pengane går uavkorta til menneske som verkelg treng vår hjelp. Det er stort å få vere med å bety ein forskjell for dei som har minst her i verda. Det kan du også få lov å vere med på denne dagen. På Himalayatorg blir det blandt anna:
 
Sal av heimelaga produkt (tova vottar og hjerter, kjøkkenklutar, kjolar, syltetøy og knekkebrød, for å nemne noko)
 
Kafè med sal av kaffi og kaker
 
Lotteri med fine gevinstar
 
 
 
 
Her kan de sjå bileter av fleire ting me kjem til å selge på Himalayatorget: 
 
 





 

 
 









Ta med deg ein ven eller to og kom :)
 
Dette er forresten veldig fine ting å gi i julegåve!
 
Stad: I lokalet der "Leirvik Vin og Fetevarer" tidlegare heldt til. Det ligg på andre sida av Triobygget, vis a vis gullsmed Underhaug.
 
Det opnar klokka 10.00 og stenger kl. 14.00
 
 
 
K


tirsdag 15. oktober 2013

Nydelege haustdagar og ord til ettertanke

For nokre fantastiske haustdagar me har hatt! Sola skin frå knallblå himmel og haustfargane kjem verkeleg til sin rett. Lufta er klar og frisk og det er nydeleg å vere ute og gå tur, for deretter å gå inn ei varm stove. Hausten gir meg ei sånn ro inni meg. Det er noko fredfullt og vakkert over denne årstida.

Her er nokre bileter frå då me var i Ølve i helga, ei lita bygd ytst i Hardanger. Her kjem mamma i frå og besteforeldra mine bur her. Den finaste stad på jord, det har eg alltid sagt. 








Det er med livet som med naturen, den består av ulike årstider. Det er lett å tenke når det er vinter; å om det berre kan bli vår, eller om våren; om berre sommaren kan koma litt fort og når sommaren er her lengter me etter den vakre hausten... Er det ikkje oss menneske i eit nøtteskal? I alle fall kan eg kjenne meg igjen i det.

Nett no er det vår i livet mitt. Barna er fortsatt små og det er mykje som endå er ved sin spede start. Eg er på mange måtar uerfaren i livet og har mange år framfor meg. Vår er også årstida der me sår. Seinare vil me hauste det me sådde. Slik er det med barna våre også. Me vil sjå igjen seinare det me invisterte i dei når dei var små. Det er no me kan gi dei tryggleiken, nærheten og varmen dei treng. Det fundamentale grunnlaget vert lagt ned desse viktige barneåra.

Det er med livet som det er med årstidene. Det er så lett å leve der framme og tenke at alt skal bli så mykje betre etterkvart. Me ser fram til å bli ferdig med bleieungar og nattevåk. Me gler oss til mindre rot og meir orden. Kleshaugen får fram eit sukk i oss og all oppvasken tar knekken på oss. Trur me. Nokre år seinare forsto me at me tok feil. Det var sjølve livet, dagane me hadde den gong. Ei tid me aldri får att. Ei vakker årstid som må nytast så best den kan. Sommaren og hausten kjem fort nok. No er det dagen i dag som må levast, her og no.

Tante Grethe i Ølve sa det så fint; tida då ein kan breie på barna kjem aldri att. Sistemann i huset hos dei har nett flytta heimanfrå for å gå på skule. No er det berre to sett gamlingar igjen her på garden, la ho til. Det kan vere krevjande med små barn og ein kan ofte kjenne seg trøytt og sliten. Samstundes er det ei så vakker tid, som me berre må ta vare på. Å få ta del i barna sine liv frå dei er i magen til dei blir fødd, utviklar seg frå å vere små og totalt avhengige til å bli store og sjølvstendige, er verkeleg ei spanande og fin epoke i livet. Denne tida då ein kan legge dei i senga si om kvelden og breie dyna godt over dei, med visshet om at her er dei trygge, får ein ikkje att. Dei er så skjønne, desse små menneskebarna. Ingen får fram i oss så mange smil som barna gjer. Dei representerer glede med stor G.

Foreldra mine har også nettopp sendt yngstemann ut i verda. No er det berre dei to igjen. Me er 5 søsken i familien så det har vore tider med mykje liv i huset som er min barndomsheim . Og med 5 barn følger det også med mykje arbeid. Det vere seg rydding, klesvask, køyring, matlaging, leksehjelp, for å nemne noko. Men så kjem dagen då alt ligg på akkurat den staden der du la det i går kveld. Når ein vaskar og reingjer og det held det seg ryddig heile veka. Oppvask for 2 er gjort på null komma niks. Ettermiddagane er rolege og ein lurer på kva ein skal prate om no som ikkje ungane opptar ein på same måten lenger. Alt er annleis. Sommaren er på hell og hausten er på veg fram. Ein vakker haust der ein skal få hauste det ein har sådd. Er det ikkje fint laga til? Livet, med fire årstider, alle med sin sjarm.

Ta vare på dagane, livet og det du står i akkurat no. Klarar du å setje pris på den årstida du befinn deg i, vil du vere klar for ei ny epoke i livet når den tid kjem.


Endeleg fekk eg posta innlegget, etter å ha hatt litt problem med blogspot. Fekk ikkje lasta opp bilder i går. Andre med same problem? Ikkje like strålande haustver i dag, men slik kan det jo alltid vere anten det er vår, sommar haust eller vinter. Det er ikkje alle dagar sola skin frå blå himmel :)


Klem K

fredag 11. oktober 2013

Fotosession

I dag prøvde me oss på ein aldri så liten fotoseanse her i huset. Eg har ikkje lukkast i å få alle fire borna med på same bilete endå, så eg fann ut eg måtte sette av tid til nettopp det. Ungane fekk på seg nokolunde fine og matchande klede (shorts er favoritten til gutane her i huset) og med litt hårvoks i tillegg var dei heilt med på det som skulle skje. Storesøster fekk kle seg med den nye blusen sin som ho er så nøgd med. No trur eg at bilete til avis og takkekort er tatt. Her kjem ein liten smakebit:

 








 
Mikael snart 2 mnd
 
 
 
Tankane mine går i dag til alle dei som er involvert i den tragiske drapssaka som hende på Stord i går. Ufatteleg trist når slikt skjer. La oss tenne eit lys for dei og hugse på dei i bøn.
 

 
Kristina

onsdag 2. oktober 2013

Øv deg på å tenke positivt om deg sjølv

Er du som meg som har lett for å dømme deg sjølv for hardt? Tenker meir på det du gjer dårleg enn det du gjer bra? Føler du aldri når opp til dei forventningane du har til deg sjølv? Eg har eit lite og enkelt tips til deg.

Når du legg deg om kvelden skal du ta deg tid til å tenke over 5 ting du gjorde som var bra den dagen. Det du ikkje var så fornøgd med skal du prøve å la vere å tenke på.

Eg fekk faktisk lagd middag til heile familien i dag! Eg klarte å takle situasjonen med eit strassigt barn på ein god måte! Eg sette meg ned på golvet og pusla puslespel med nestminsteguten! Eg ringte til veninna mi som har det litt vanskeleg no! Eg fekk ei fin kveldstund med jenta mi då ho skulle legge seg!

Dersom eg ikkje hadde vore bevisst på dette ville tankar som at du svara sint til jenta di i dag og er ei dårleg mor dominert sinnet, eller du burde vore ute i hagen og rydda, vaska klær, lest meir, smilt meir, gjort alt så mykje bedre meir... Lista er lang.

Kva fører det til, å tenke på alt ein burde og skulle ha gjort? Kan eg ikkje likegodt berre innrømme at eg ikkje er eit supermenneske? Det beste eg kan gjere er å godta meg sjølv og vere god nok med meg sjølv til å la det positive dominere. Det trur eg vil framelske det gode i oss. Dømmer eg meg sjølv for hardt vil eg også dømme andre hardt. Slike mennesker er ikkje så godt å vere saman med. Derfor vil både eg og dei rundt meg ha det best om eg klarer å vere glad i meg sjølv. Det vil gjere meg trygg, glad og klar til å møte ein ny dag med ei positiv innstilling. Eg vil ha det bedre sjølv og eg vil ha meir å gi til andre. 5 positive kvar kveld, hugs det! :)


Eg treff stadig på folk i nærmiljøet som seier dei les bloggen min. Det er kjekt å høyre, for eg lurer jo avogtil på kva det eigentleg er eg driv på med. Skriv for meg sjølv liksom? Det er kjekt å skrive, men utan lesarar blir det ikkje det same. Eg set veldig pris på ein kommentar i frå deg som les bloggen. Du treng ikkje har blogg for å kommentere, du berre hakar av på anonym ved kommentarfeltet.


God klem frå meg.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...