søndag 29. september 2013

Meir energi av...

... å ete mindre sukker?

Ja, det erfarer eg at stemmer.

Eg er eigentleg veldig glad i alt som er søtt. Litt for glad :) Heilt frå eg var liten av har eg vore veldig glad i smågodt og alt anna som kjem innunder kategorien "snop".

For mykje sukker er jo verken bra for tennene eller kroppen. Har jo ikkje lyst til å ende opp med å få diabetes type 2 eller hjarte-og karsjukdommar heller. Eller stige i vekt. Likevel er det å få meir energi min største motivasjonskjelde til å redusere sukkerinntaket.

Mamma til fire. Fantastisk stort. Ein drøm som har gått i oppfyllelse. Då er det ikkje så kjekt å kjenne få trøtthet og manglande energi stadigvekk.

Har lyst til å vere ei tilstadesverande mor. Ei initiativrik mamma som orker å finne på ting med ungane mine og har overskudd til å ta del i kvardagen deira. Derfor er eg blitt motivert til å ta tak i dei tinga eg kan gjere for å bli mindre trøtt og få meir enegi.

Å slutte å ete snop er derfor noko eg strebar etter no. Ikkje berre snop, men generelt alt som inneheld sukker. Eg har tidlegare prøvd å berre skulle ete snop i helgene, men når eg veit det er noko godt i skapet er det berre så fristande for meg å ete bittelitt (som plutseleg blir litt meir enn bittelitt) når søtsuget blir for stort. Og det er det som er problemet mitt. Søtsug Ofte om føremiddagen, men også andre tider på døgnet. Og et eg då litt sjokolade eller noko anna sukkerhaldig fører det berre til eit større søtsug og ein vond sirkel er i gong. Hadde det berre vore det at det gjekk ut over meg sjølv så hadde det vore ei anna sak, men det største kortsiktige problemet med sukkeravhengighet (ja det vil eg kalle det) er den enorme trøttheten som følger på. Blodsukkeret stig fort og høgt og synk deretter veldig lavt. Det er det same som skjer med andre raske karbohydrater som kvitt brød, kvit ris og pasta. Maten gjer noko med oss. Me kan ikkje putte i oss kva me vil og tru at me ikkje blir påverka av det.

Derfor: mindre sukker og meir grønnsaker, nøtter, frø, grove kornprodukt og reint kjøtt. Eg prøver å ete faste og sunne måltid, med masse næring. Til frukost et eg gjerne ei skål med ei blanding av ulike frø som gresskarkjerner, solsikkekjerner, valnøtter, havregryn, tørka aprikos i biter og kanskje litt rosiner. Over dette heller eg surmelk. Biola smaker også godt, men biola med smak inneheld eindel sukker så det prøver eg å unngå no når eg er på "sukkeravvenning" :). Etter ein slik frukost kjenner eg ikkje på søtsug før eg byrjer å bli sulten igjen etter om lag 3 timar. Det er forresten lett å blande søtsug med sult. Eg kan kjenne at eg har lyst på noko søtt, men når eg kjenner bedre etter er eg faktisk berre sulten og treng skikkeleg mat.

Eg er langt i frå noko ernæringsekspert. Dette handler berre om kva eg erfarer i forhold til sukker og mat. Det som er viktig er å prøve å få til eit så stabilt blodsukker som mogleg igjennom dagen. Då vil søtsuget avta og til slutt bli borte. Eg prøver å få inn gode vaner med å ete sunne måltid ca kvar 3.-4. time. Måltida bør innehalde både protein, feitt (umeitta) og karbohydrat. Eg spør meg sjølv om me et for mykje brød i Norge. I alle fall bør det vere grovt og med proteinhaldige pålegg og grønnsaker til for å bli eit fullverdig måltid som meittar. Kneipbrød med syltetøy held ikkje mål liksom. Da må vera skikkelige greie :)

Ein anna ting eg er blitt gjort merksam på er viktigheita av å drikke nok vatn. Eg starter dagen med å drikke eit stort glas vatn (helst romtemperert). Dette reinser kroppen og organa og gir kroppen ein fin start. For å hugse det har eg det ståande på badet og drikk det med ein gong eg står opp. Vidare er det viktig å hugse å drikke mellom måltida, helst anten 2 t etter måltid eller 1/2 før. Drikk ein mykje vatn til måltida vil det uttynne fordøyelsesorgana. Denne anbefalinga har eg i frå ei bok med tittelen "Versågod spis", som er ei ernærigsbok utgitt av Norsk bokforlag. Å drikke vatn er eit enkelt tiltak for betre helse. Vatn belaster ikkje fordøyingsorgana slik mat gjer, men reinser istaden. 2 l om dagen er bra.

Oppsummert:
  • Starte dagen med å drikke romtemperert vatn, 2 små glas eller eit stort.
  • Ete jamne måltid som inneheld gode næringsstoff.
  • Unngå for mykje raske karbohydrater (kvitt brød, kvit ris og kvit pasta).
  • Halde meg unna snop og kjeks, og begrense mengde kaker og anna bakverk.
  • Dersom eg blir sulten eller søtsugen mellom måltida et eg litt gresskarkjerner, solsikkefrø eller cherrytomater (her finnes det mykje anna som også fungerer bra).
Tilslutt må eg berre sei at eg ikkje følger dette til punkt og prikke. Der er eg ikkje komen endå. Eg jobbar med saken og blir motivert når eg merker at det virker. Eg blir meir opplagt, meir stabil i humøret og eg får meir energi. Trøtt kan eg kjenne meg innimellom alikevel, så vel er det ikkje. Kosthald er jo ikkje det einaste som speler inn på energinivået vårt. Søvn tildømes, er ein anna viktig faktor. 

Håper dette kan inspirere andre også til å kutte sukker i frå kosthaldet.

Ha ei velsigna veke kjære lesar ♥ Klem

tirsdag 17. september 2013

1 mnd

I dag er litleguten vår 1 mnd gamal!

Her er eit bilete av han tatt i dag. Vår gode skjønne skatt som me koser oss glugg med.


Mikael er ein fredeleg baby. Vil ha ofte mat, men utanom det er han ikkje så kravstor. Eg er veldig glad for at han ikkje er plaga med luftsmerter. Å ha kolikkbarn er ikkje noko enkelt. Me har vore innom det med forrige mann. Det verste med det er at babyen kanskje har vondt, og det gjer ikkje godt for eit mamma hjerte å sjå. Me vil jo over alt på jord gjere det slik at barna våre har det godt. Eg er derfor så takksam for at me istadenfor å bekymre oss kan ha anledning til å verkeleg kose oss med vesle nurket. Plutseleg er han ikkje så liten lenger, så det gjeld å nyte tida.

Storesyskena koser seg også, og spør stadig om å få halde broren sin.


Her var han berre ei veke gamal. Gyllen og fin i huda grunna gulsott, men det gjorde også til at han var litt for søvnig. No veit han å vakne når han vil ha mat, og det er betryggande. Er jo deilig når dei sover mykje, men ikkje når det blir sånn at dei ikkje legg på seg tilstrekkeleg. No er heldigvis gulsotten borte og vekta stig fint.
 
 
Å ha baby er mykje kos, men sjølvsagt også litt strevsamt tiltider. Det som er mest slitsamt er vel kanskje å ha fleire avbrudd i nattesøvnen kvar natt. Men likevel, i det store og heile synes eg det går veldig fint i grunn. Det er rart med det, ein får styrke til det ein står i. Det har mykje å seie kva innstilling ein har til ting. Og så ha eg funne ut ein måte å få meir energi på. Meir om det seinare.

Takk for at du tok turen innom bloggen min :)

K

tirsdag 10. september 2013

Tripp-trapp-stol før&etter


Frå det eine til det andre.
Slik blir det litt her på bloggen min.
Ein dag eit alvorleg og seriøst innlegg, ein annan dag kort og lettlest underholdning.

Eg likar sjølv veldig godt å lese før/etter innlegg på andre bloggar. Tenkte derfor at eg ville vise dåke tripp-trapp-stolen til mellomsteguten vår som fekk seg eitpar malingsstrøk før sommaren.

Den gjekk frå å vere nedsliten og gul til å bli skinnande svart

før:


(eg hugsa ikkje på å ta bilde før eg var midt i maleseansen : )



etter: 






Fargen heiter KOKS og er ikkje heilt kolande svart.
Det var praktisk å velge denne fargen med tanke på dei svarte stengene og skruane. Gjorde ikkje mykje utav maskering denne gongen. Ein kontrast mot alt det ellers så lyse på kjøkkenet gjorde heller ingenting.


Ynskjer deg som er innom ein strålande dag.
"Bak skyene er himmelen alltid blå"

Klem


lørdag 7. september 2013

Stem for livet!

Du som har blogg, har du det slik at du avogtil får innlegget detaljert i hovudet før du eingong har sett deg ned for å skrive det? Då eg var ute å gjekk tur med minsteguten i dag så dukka det eit innlegg opp i hovudet mitt. Det handlar om eit alvorleg og viktig tema som eg berre må få ut.

På mandag er det valdag. Har du bestemt deg for kva du skal stemme? Ja, for du skal vel stemme?

Eg vil slå eit slag for menneskeverd her på bloggen min i dag. Alle mennesker har same verdi og alle mennesker i eit samfunn treng å bli ivaretatt. Det er ikkje fare for at ressurssterke folk blir neglisjert. Dei har eit talerøyr og får som oftast sagt i frå dersom det er noko som er urettferdig. Det er dei svake i samfunnet som treng å bli løfta opp og få hjelp til eit verdig liv. Eg tenkjer på alle dei eldre i samfunnet, og på dei som slit med avhengighet til narkotika, og på alle dei som er utviklingshemma eller pårørande til desse. Mest av alt tenkjer eg på det ufødte liv. Barna i mors mage. Ein stad der det skulle vere trygt å vere, men slik er det ikkje. Over 15 000 små babyar blir drepne kvart år. Abortert bort er ein anna måte å seie det på, men det er like fullt det same.



Dei kan ikkje seie i frå sjølve, desse små. Derfor må nokon gjere det for dei. Eller har dei ikkje livets rett kanskje? Er dei ikkje fullt og heilt mennesker slik som du og eg?

I forrige innlegg skreiv eg om ei bok som omhandlar svangerskap, fødsel og barseltid. Boka vart gjeven ut på 50 talet, og som du kanskje leste i innlegget så har mykje forandra seg sidan den tid. Me har fått ny kunnskap om mange ting, noko som er bra, men når det kjem til menneskeverd er eg ikkje så sikker på om kunnskapen går i rett retning. I første kapittel av denne boka står det om befruktning, og i skildringa av befruktningsforløpet har forfattaren brukt denne ordlyden:

"Foreningen av den kvinnelige eggcelle og den mannlige sædcelle utgjør befruktningen og betegner det betydningsfulle øyeblikk da et nytt menneskeliv skapes"





Slik ville det aldri vore skrive i dag. I 2013 er barnet i mors mage nedgradert til å vere eit embryo, eller endå verre, ein celleklump. På kva stadie embryoet, som har pronomen eit og nærast kan karaktiserast som ein ting, går over til å bli eit menneske veit eg ikkje. Embryoet utviklar seg etterkvart til å bli eit foster, og først heilt i slutten av svangerskapet vågar dei å kalle fosteret for barnet i mors mage.

Hjarta til barnet byrjar å slå etter 3 veker. Etter 12 veker er alle organa danna og babyen skal kun vokse og modnast resten av tida. Likevel har dei ikkje livets rett, desse små menneskebarna. Det er så ufatteleg trist. Ein heil skuleklasse med born blir tatt livet av kvar dag rundt om på sjukehusa i Norge. Samtidig må me importere arbeidskraft i frå utlandet, same antall som er tatt i abort sidan abortlova kom på 70 talet. 

Det er klart det er fleire partar i ein slik situasjon, og det kan vere mange vanskelege situasjonar rundt om. Men kvifor skal ikkje livet til denne vesle ha noko å seie i saka? Kvifor skal dei alltid kome sist i rekka? Me har då barnevern for barn som er fødte. Det skulle me hatt for dei som er ufødte også, skulle me ikkje?

Kanskje har du som les dette sjølv foretatt ein provosert abort. Eg vil berre seie til deg at dette ikkje er meint som kritikk til deg som enkeltperson, men til politikarane og dei som lagar lover og styrer i landet. Eg skjønar at det ikkje er lett for deg som har stått, eller no nettopp står i ein slik situasjon. Ting kan sjå håplaust ut mange gonger. Likevel, velg livet, det vil du ikkje angre på.

Dette fekk bli mitt politiske engasjement for denne gong. Det finnes så mange viktige saker å kjempe for og eg beundrar alle som engasjerer seg og står på i valkampen. Me som veljarar kan i alle fall gjere oss bryet verdt å gå til valurnene på mandag. Det skylder me demokratiet.

Stemma mi går til det partiet som set menneskeverd i høgsetet, og som kjempar for å behalde dei kristne verdiane i samfunnet vårt. Knut Arild Hareide og Krf, eg heiar på dåke på mandag.

Godt val, og hugs å stemme med hjarta ♥

Kristina

onsdag 4. september 2013

Barseltid før og no

Mi kjære søster kom med ei bok til meg ein dag. Boka er utgitt på 50 talet og tar for seg svangerskap, fødsel og barselstid. Denne herlege nostalgiske boka er faktisk ganske interisant og mest av alt veldig morsom å lese. Det er så mange ting  som er ulikt slik det er i dag.




Du har sikkert høyrt utrykket "sengemat". Me seier det endå, men legg noko heilt anna i det enn dei gjorde før. Før hadde dei med mat til den nybakte mammen for ho måtte jo halde senga (derav sengemat). I denne boka står det f.eks "i de første 3 dagene skal ikke moren sitte i senga, men ligge... ved normal barselseng kan hun sitte litt opp 3.dag og øke litt forsiktig etter hvert, en kort spasertur i rommet 6.-7. dag, men de første 8.-10 dagene skal hun for det meste holde senga. s57-58). 





I dag fungerer ting heilt annleis. Det er ikkje lenger snakk om å halde senga, men derimot ha ein god ballanse mellom aktivitet og kvile. Kanskje kan det bli litt vel mykje aktivitet tiltider? I dag er lagt opp til at ein skal klare seg sjølv så snart ein er ute av fødestova, og fortast muleg komme tilbake til det vanlege liv. Eg høyrer eldre damer seier dei synest synd på dagens nybakte mødre som må heim i frå føden allereie 3.dag. Før låg dei i ei veke og vart stelt og dulla med. Dag 3 etter fødsel er ofte den dagen ein får ein nedtur psykisk, melka har ikkje komme skikkeleg  i gong og vekta til barnet har veldig ofte ikkje snudd. Heim skal ein likevel. 

Det er mykje ein kan smile av i denne boka, men kanskje har me likevel litt å lære av dei lærde på femtitalet? Respekten for barseltida og litt mindre hastverk hadde vore fint synest eg. 

Dei gjer stadige framsteg i nivå av aktivitet på fødeavdelingane. Denne gongen fekk eg lære korleis eg kunne begynne å trene mage frå dag 1. Eg som trudde eg kunne blåse i magetrening dei fyrste 6 vekene! No er det ned på matta kvar kveld. Ikkje berre berre å vere barselkvinne i 2013 skal eg seie deg!

Tusen takk for alle dei fine gratulasjonshelsingane. Alt står bra til med den vesle. Me kosar oss med skjønningen. Fleire bilder kjem.


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...