fredag 26. juli 2013

Tid for blåbær


Blåbæra begynner å bli modne, så no er det berre til å ta med seg eit spann og gå ut i skogen for å plukke.

Blåbær er kjempegodt, og så kan ein bruke dei til så mykje forskjellig, f.eks:

Syltetøy
Dessertar
Saft
I muffinsar og kaker
Med melk og sukker

og 

Smoothie, som me hadde laga oss her.





Viss du ikkje vil ut og plukke bæra sjølv kan eg tipse om at dei har billege frosne blåbær i frysedisken på REMA 1000. 6 kr for 400 gram søte nordiske blåbær (ikkje sånne amerikanske). Eg kan love deg at eg har hamstra inn litt til vinteren. Er usikker på om prisane kan variere rundt om i landet. 

Ønsker deg som er innom fine sommardagar.

Kristina

fredag 19. juli 2013

Eg vil så gjerne, men får det ikkje til.

Livet er fylt av mange spørsmål og ikkje alt er like lett å vite svar på. Noko eg tenkte på her om dagen vil eg prøve å skrive litt om i dette innlegget. Eit innlegg som vil handle om min relasjon til barna mine, og korleis eg ofte kjenner at eg ikkje strekker til som mamma. Eg skriv dette fordi eg synes det er godt å sette ord på alle sider ved livet, også det som ikkje er rosenrødt. Kanskje kjenner nokon seg igjen og kan dra nytte av det eg skriv. Relasjonsutfordringane eg tar opp, kan like gjerne gjelde i andre mellommenneskelege forhold, ikkje berre mellom mor-barn.






Eg er så uendeleg glad i barna mine, men kvifor er det likevel slik at eg ofte føler meir overfor dei når dei f.eks sover, er bortreist eller er sjuke? Då tenker eg, "å, for nokre herlege små barn eg er velsigna med". Eg blir rørt når eg tenker på dei og føler meg berre så heldig. Vidare tenker eg at eg skal verkeleg nyte dagane og tida eg får med dei framover. Me skal kose oss sånn, og eg skal vere den beste mammaen for dei.  

Avstand skaper lengsel. Eit ordtak med mykje sant i. Når ungane er borte frå oss, på overnatting hos besteforeldre, kjenner eg på eit enorm sakn etter dei. Men kva hjelp det med sakn om eg ikkje klarer å vere nær, tilstades og kjærleg med dei når me faktisk får tid saman? Det er eit så stort paradoks som eg undrar meg over.

Livet er ikkje ein dans på roser og eg kan ikkje forvente at stemninga alltid skal vere på topp i familien min. Men likevel, eg er ikkje nøgd med å ha det slik. Eg blir stadig skuffa over meg sjølv og måten eg takler ting på. Eg kan bli stressa over småting og resultatet er at eg blir sint på ungane. Eller så oppfører ungane seg dårleg og eg reagerer med å bli sint på dei. Alt anna enn slik pedagogane anbefaler. Eg får dårleg samvit og det heile blir endå verre. Eg veit jo så godt at dette ikkje er bra. Det eg gjerne vil gjere, gjer eg ikkje, og det eg ikkje vil gjere, gjer eg. Frustrerande.


Du tenkjer kanskje at, "ja men dette er jo heilt normalt, slik er det jo for alle mødre". Det kan godt hende at det er mange  som opplever det på denne måten frå tid til annan. Eg kjenner likevel at eg ikkje er nøgd med å ha det slik. Eg vil finne ut kva som gjer at det blir eit så stort sprik mellom det store ønsket eg har om at me skal ha det fint ilag, og slik det faktisk blir.

Eg har til dømes vore på arbeid. Der har eg møtt ei eldre dame som fortel meg litt om livet sitt. Ho snakkar om dei mange borna sine, og om den fine tida dei hadde då ungane var små. Eg kjenner på eit veldig sakn etter mine eigne.
Tenker i morgon, i morgon, når ungane og eg skal vere heime, ja då skal me verkeleg få det fint saman. Eg tenkjer at eg kunne sagt opp jobben med ein gong, berre for å fått meir tid saman med mine søte små. Dei betyr jo så mykje for meg, borna mine som eg elskar så høgt.

Neste dag. Eg er kjenner eg er trøtt etter kveldsvakta dagen før. Vil så gjerne at me skal ha det kjekt ilag, men den tanken avtar i takt med at ungane ikkje ser ut til å møte meg på min idè om å ha det harmonisk og fint ilag. Småkrangling, skriking for at det er noko dei ikkje får lov til, vil ikkje ete maten dei får servert. Barn er barn og går igjennom mange fasar som kan vere krevjande å takle for oss foreldre. Når eg då ikkje klarer å takle utfordringane med dei på rett måte, blir alt endå verre. Dei fine tankane eg hadde i går då eg var på jobb er knust. Ingenting vart slik eg ville det skulle bli.

Det er helst når eg er trøtt at det blir på denne måten. Eg tenkjer derfor at å sørge for å få nok søvn er ei viktig forutsetning. Like viktig er det at ungane er utkvilte. Har dei vore for lenge i barnehagen eller det har vore for mykje som har skjedd om dagane, er dei ofte slitne. Viss dei då får for lite søvn er dei mykje meir grinete og "umulege" enn ellers. Det er jo naturleg. Nok søvn og kvile for voksne og barn er heilt klart ein viktig del for at ting skal fungere.

Kva fokus ein har i livet, kan også ha mykje å seie for relasjonane me er i, anten det handlar om foreldre-barn forholdet eller andre relasjonar me står i. Som eg skreiv i innlegget "Det ytre og det indre, kva betyr mest", så trur eg at for stort fokus på det materielle og dei ytre faktorane i livet vil stjele krefter og energi som skulle vore brukt på menneska rundt oss. Eg for min del kjenner eg blir innadvent av å tenke for mykje for interiør og utsjånad. Eg får nok med meg sjølv. Ser ikkje andre på same måte. Å velge å prioritere og investere tid på barna sine, ektefellen sin, venner og familie er viktig for at kvaliteten på relasjonane skal bli slik ein gjerne har eit ynskje om. Det går an å bestemme seg for at tid saman med kvarandre skal kome før andre ting. Sjølv om eg eigentleg etter mine gamle tankemønster burde gjort unna eit eller anna, vil eg VELGE tid saman med dei rundt meg. Kva gjer eg til dømes om nokon skriv ei melding og spør om det passer at dei kjem ein tur innom på besøk, medan eg hadde planlagt å ta ein ryddesjau på loftet den dagen? Eg hadde ei lang liste over gjeremål eg ville fått gjort unna og no kom det ein forstyrrelse i planen min. Men eg har tatt eit valg. Eg velger tid med mennesker framfor tid på andre meir uviktige ting. Sjølvsagt er det viktig å vere ærleg. Er eg til dømes veldig sliten ein dag eller det av andre grunnar ikkje passar med besøk, synes eg det er viktig å sei ting slik som det er. Eg meiner me må vere ærlege med kvarandre om korleis me har det. No tenkte eg meir på mi innstilling og haldning i møte med mennesker
 
 
Sist men ikkje minst! Dersom eg skal fungere som mamma, kone og ven på best mogleg måte må eg ha gode rutinar på bønn og bibel-lesing. Her får eg styrke og visdom til dagen som møter meg. Guds ord hjelper meg til å sjå ting i rette perspektiv og eg blir meir harmonisk og oppløfta inni meg. Om eg føler meg svak i meg sjølv, kan eg gjennom å gjere meg avhengig av Guds nåde få kraft til å snu på det som er vanskeleg. Han har tru på oss, tid til oss og mot til å forme oss. Som ein pottemaker former leire til noko vakkert, former Gud oss til å bli heile mennesker. Det er fantastisk! Hans nåde er nok for meg. Hans nåde er nok for oss alle.

Eg er altså ei ufullkomen mor, men ønsker å jobbe med saken. Tre ting trur eg er viktig for å fungere i rolla som mamma:
  • Nok søvn og kvile
  • Rett fokus i livet. Prioritere tid med barna framfor å ha alt på stell.
  • Ha det godt med seg sjølv og Gud. Fylle på den indre tanken slik at ein har fred i sinn og tankar
  • I tillegg vil eg nevne kosthald og fysisk aktivitet. Dette har eg ikkje kome inn på i dette innlegget, men det er noko som arbeider i meg og som eg trur er viktig.
Kanskje virker det som stress for nokon å skulle prøve å "forandre" seg sjølv. Eg ser heller på det som å strekke seg etter noko betre. Akkurat slik ein i andre jobbkarriærar heile tida vil prøve å utvikle seg og bli meir dyktig, ser eg på mi rolle som mamma som ei så viktig oppgåve i livet til at eg verkeleg har lyst til arbeide med ho.

Dette vart eit langt innlegg, men slik er det når eg skal tømme hjarta mitt for noko eg synes er viktig :)

Set pris på kommentarar og innspel. Sikkert mange som har erfaringar og tankar å dele når det gjeld dette temaet.

Kristina


















-



Kristina

onsdag 17. juli 2013

Telttur på fjellet med pappa

Dei to eldste har vore på telttur med pappen sin. Eg og minsten var heime og kosa oss. Sjølv om eg hadde lyst, var det ikkje aktuelt for meg å vere med. Ikkje trur eg eg hadde klart den bratte stigningen og ikkje ville eg ta sjansen på å fø på fjellet. Best å halde seg på trygg grunn i desse tider.

Ørjan, Sara og Jonas kosa seg veldig på fjellet. Saman med to andre jenter og pappaen deira gjekk dei opp til Tysevatnet på Stordafjellet og slo leir der ei natt.




Sove i telt
                                   Pannekaker på stormkjøkken
                  Fiske
                             Steike fisken ein fekk
Frisk fjellluft
                                                            Våkne til blå himmel
                   Høyre fuglesong

                                              Være lenge oppe
           Stillhet
                     
                                                    Drikke vatn rett i frå elva




























Slike opplevingar er gull verd for barn. Ofte er det slike minner barna hugser best i frå barndommen. Når ein er saman ute gløymer ein alle andre bekymringar som kan prege kvardagen, og ein kjem nærare kvarandre. 

Eg gledar meg til meg og dei to minste også kan vere med på slike turar. Friluftliv er noko både eg og mannen min har lyst til å bruke meir tid på i framtida.

Ha det fint så lenge :)


mandag 15. juli 2013

Ugler, trinn for trinn

Her kjem oppskrift på korleis eg har laga uglene som eg viste i dette innlegget.

Det er mange forskjellige måter å gjere det på. Her er korleis eg gjorde det (litt ulikt måten eg gjorde det på første gong). Det går selfølgeleg an å justere oppskrifta slik at du får uglene i den fasongen du liker. Kanskje med breiare kropp og mindre spisse øyrer? Litt større vinger? Du bestemmer.

Dersom du kopierer det første biletet ut i A4 format får du same str som meg på ugla. Dei stripla linjene på vingene viser kor du skal sy.




Klipp ut kroppen og tegn av på stoffet. Du skal sy på streken du tegnar av på. Du må tegne av på begge sider av stoffet for å kunne sjå kor du skal plassere auger, nebb og vinger før du skal sy den saman til slutt.




Du må ha stoff til framside og bakside.




Når du har skissert ugla på begge sider, kan du begynner å klippe ut dei andre delane og plassere. Eg brukte blyant når eg tegna av. Eg såg strekane rimeleg godt igjennom stoffet slik at eg fekk merka av på akkurat same plass på begge sider av stoffet. Grunnen til at du må merke av ugla på baksida er at du skal sy etter dei strekane til slutt.


Plasser vingene. Det er med sømrom på malen, slik at ca 0,7 cm av vingene ligg utanfor dei avmerka strekane. Sjå på dei to bileta under.







Legg inn ein blondekant. Neste gong eg syr ei ugle vil eg legge blondekanten høgare på ugla.


Klipp ut auger og nebb. Eg fann ut at filt egner seg best til nebb og "pupillar", då dette berre blir limt på og at filt då egnar seg betre i og med at det ikkje flussar opp så lett.




Denne gongen gjorde eg det enkelt og rett og slett limte delane på med limstift før eg var klar til å aplikere. Vliselin er også ein fin måte. Det finnes sikkert limar som er egna for stoff også. Sidan dette er noko eg har tenkt skal stå på ei hylle til pynt, trur eg limstift også er heilt ok å bruke.



Sy sikk-sakk saum rundt det kvite og det blå på augene, og på vingene og blondekanten.



Eg satt med dette ein litt sein kveld og gjorde selfølgeleg ein feil. Det pleier å høyre med ;) Så oppspretterkniven har eg alltid tilgjengeleg. Då eg skulle applikere på framsida låg baksida av ugla under. Eg gjorde det lettvint og lot vere å ta opp igjen. Derfor ser det litt rart ut på bildet under. Eg klipte ut ei ny bakside og har her lagt framsida og baksida rette mot rette. Eg har festa nokre knappenåler rundt om.

Sy deretter etter dei avmerka strekane. Obs! La det vere igjen ein opning på sida (eller oppe mellom øyrene).


Reinklipp rundt der du har sydd (ikkje for nær saumen, ca 0,7 cm utanfor).


For at ugla skal kunne stå når den er ferdig, må du sy ein saum i kvar nedre del. Brett stoffa som vist under og sy ein saum tvers over. (Beklager uklart bilete).



Klipp deretter av spissen utanfor der du har sydd.




Vreng ugla og finn fram ris og vatt. Fyll ugla med ris i botnen og vatt i resten av kroppen. Sy igjen for hånd der du har opningen.







Voila! Ugla er ferdig!





Søte ugler som kan lagast i utallege variasjonar og størrelsar. Det er berre til å prøve seg fram. På denne valgte eg å feste på ei sløyfe til pynt.



Lukka til :)





søndag 14. juli 2013

Lengter...



I dag då eg var på butikken, såg eg ein liten babygut på berre to veker. Han var så bitteliten og så fantastisk nydeleg. Eg kjente berre kor eg lengta så veldig etter å få halde deg i armane mine, vesle gullet mitt. Snart er det berre ein månad igjen, så er du her hos oss. Vår elskede vesle skatt. Du er så dyrebar og mamma er allereie blitt så veldig veldig glad i deg. 




Bilde lånt frå google





Jammen er Far i Himmelen god som ville gi deg til oss. Betre gåve kunne me ikkje fått. Vår elskede vesle ven.  

mandag 8. juli 2013

Fornying med tapet

På tide med eit innlegg her i frå. Eg har vore i ein god bloggeperiode i det siste, der det ikkje har gått så alt for lenge mellom kvart innlegg. Men som før så seier det brått stopp og så kan det gå lang tid. Dumt for dei som kikkar innom og kanskje ventar på innlegg, derfor har eg lyst til å prøve å poste ca 1 gong i veka. Avogtil kan det bli oftare, og nokre gongar sjeldnare. Det er farleg å love noko, men eg skal i alle fall gjere eit forsøk :)

Eigentleg har eg mykje på hjarta som ikkje handlar om ineriør, men eg strevar med å få det ned på "papiret". Det krever meir tid. Så i mangel av verdi-innlegg viser eg ein vegg eg har fornya i gangen vår mellom soveromma i hovedetg.

Eg falt sånn for denne tapeten i frå Borge og tenkte eg ville fornye ein vegg i gangen vår med den. Det var inne hos Husfruas Memoarer eg såg den, og vips så var den bestilt på nett. Me har kvite panelplater på resten av veggane i gangen, med ein "fond"vegg som skiller seg ut.

Eit lite inntrykk av korleis det var før eg tapetserte kan de sjå på biletet under. Då var veggen malt lysegrå:









Slik vart det etter:

 
 
 
 


 

Ser for meg at denne tapeten kunne vore fin på eit soverom også. Dei har den og i grønn. Eg vart veldig nøgd med resultatet. 


Eg har aldri tapetsert medan listene er på veggen før. Det gjekk overaskande bra. Men sjølvsagt enklare og endå finare reslutat når ein kan gjere det før lister blir festa.


Restane av tapeten har eg brukt til å fornye eit møbel. Det skal eg vise i eit komande innlegg. Under kan de sjå eit hint av kva det dreier seg om.






Ynskjer deg gode sommardagar :)

PS. Maler på ugler kommer snart.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...