onsdag 26. juni 2013

Me syr U G L E R

For nokre veker sidan hadde me koseleg lunch-besøk av Mari med bloggen "Bestefars trèsko", og hennar to skjønne små. Med seg hadde ho blant anna ei søt ugle. Denne synes eg var så fin, så eg fekk lyst til å prøve å sy ei slik. Sara jento mi ville også prøve, så det enda med ein sykveld for oss to. 





Både eg og Sara liker godt å halde på med kreative aktiviteter. For at Sara, som snart er storesøster til 3, skal få litt eigentid med meg har eg tenkt å sette av ein kveld i veka der me kan gjere slike ting som dette ilag. Strikke, sy eller noko anna kjekt. Kanskje publiserer eg noko av det me kjem til å halde på med her på bloggen. Kjekt viss me kan inspirere andre.

Klippe, lime (med vliselin) og sy.




Ugle-frøkena er ikkje einsam lenger. Ho har fått seg ein make og ein liten venn på lån.

Her er uglefamilien samla.








Sara valgte å gi ugla si i sommarpresang til læraren sin (den i midten). Fint synest eg. Lærarane gjer ein fantastsik jobb og treng å bli sett pris på. Å få noko som ein elev har laga sjølv må jo vere koseleg. Og så prøver eg å lære henne at det er større glede ved å gi enn å få, og det trur eg ho verkeleg fekk erfare då ho gav læraren sin denne skjønningen. Ho kom strålande heim og fortalte om kor glad ho hadde blitt for presangen.

No er det berre herr og fru Ugle igjen på hylla vår. Kanskje blir det familieforaukelse etterkvart, for desse var kjekke å lage. Eg laga enkle maler til uglekropp, vinger og auger. Sei i frå om det er noko de vil eg skal legge ut på bloggen. Litt prøving og feiling vart det, men tilslutt fann me ut ein fin størrelse. 




Ynskjer deg som er innom gode sommardagar. Me har det fint og nyt skulefri og sommarmodus. Eg er no blitt 100 % sjukemeldt og kjenner det er godt å berre kunne tenke på det eg har heime. Med 3 små heime går dagane fort. Ein får ikkje tid til å kjede seg. I tillegg til å vere med ungane, prøver eg å rydde og gjere klart til babyen kjem. Omorganisering av klesskap og stellekommode er noko av det som står på tapetet. Og så prøver me å få minstemann på 2 1/2 til å bli bleiefri. Eit heilt prosjekt i seg sjølv :) Men eg trur han er moden for det, og så er det så mykje lettare no når det er sommar og me er heime om dagane alle saman. Ønsk meg lukke til ;)




Desse to vil tilslutt ønske deg ein god sommar ♥


torsdag 20. juni 2013

Kontramelding og nokre bruktfunn

Livet er fullt av overaskingar. Ultralyd i går viste at me ikkje får ei jente likevel, men ein liten gutt! Legen, som er ein rutinert og flink lege, var 200 % sikker i si sak. 

Me måtte omstille oss litt i tankane våre, for no var me så innstilt på jente. Det viktigaste er jo at babyen er frisk og har det bra, og det kunne dei bekrefte på UL. Me gledar oss veldig til ein ny liten guttepjokk. Dei er jo så herlege desse små gutane. 




Eg var innom GJENBRUK i går og då fann eg eitpar ting. Eit fint retrostoff med hjerter som eigentleg er eit bomullslaken. Dette skal først i vaskemaskina og deretter har eg lyst til å sy noko fint av det. Den andre tingen eg fann, er ein lysestake i den mest herlege pastellfarge. Blå-grønn-turkis aktig. Den lyste imot meg og vart min for 30 kr. Lakenet kosta 15 kr.




Lysestaken har fått seg ein plass i sin nye heim. Nellikane ved sida av kjøpte eg til mannen sin bursdag for 2 veker sidan. Det er noko av grunnen til at eg likar nellikar veldig godt. Dei er så enkle å halde fine og står seg veldig lenge.






Lampen på veggen er også eit bruktfunn. Den har eg malt og trukke om skjermen på. Gøy å fornye gamle ting. Det er både økonomisk, miljøvennleg og det skaper personlegdom i interiøret. Hurra for gjenbruk!






Ynskjer alle ein fin dag!

Kristina


tirsdag 18. juni 2013

Mitt tenåringsidol...

som eg fortsatt liker veldig godt.

Trykk på linken og høyr Rebecca St. James. Dette er ein song ho skreiv for leeenge sidan, då eg var tenåring :)






Dette er ei jente som verkeleg lever det ho synger. Eit stort førebilete for meg og mange andre rundt om i verda.

Her er ein av hennar nyare songar. Utruleg fin song, berre høyr:



Be blessed !

Klem fra Kristina

Ps: Ein beskjed til deg som har kontakt med meg i det daglege. Eg gløymde mobiltelefonen min i Bergen då me var der i helga og blir derfor vanskeleg å få kontakt med via den i dag og i morgon. Forhåpentlegvis får eg den i posten i morgon eller på torsdag. Me snakkast :)

fredag 14. juni 2013

Det indre og det ytre, kva betyr mest?

Denne gongen poster eg eit anna type innlegg. Her deler eg tankar om det som betyr meir enn fint interiør. Takk for at du tar deg tid til å lese.




Når du får ei gåve, er innpakkinga det første du ser. Den kan vere innpakka med fint gåvepapir og band som matcher i farge og stil. Likevel er det det som er inni presangen som er viktig. Kva har det vel å seie at presangen hadde eit fint og tøft papir om det som var inni berre var til å kaste?

På same måte kan det vere i ein heim. Det kan sjå fint og flott ut interiørmessig, men kva betyr det om du ikkje blir møtt med varme og gjestfrihet? Estetikken i ein heim kan vere med å skape ein lun og fin stemning, og er i seg sjølv ikkje noko negativt. Eg synes likevel det er deilig å komme inn i heimar der leiker ligg på golvet og ikkje alt er strøkent. Eg blir også inspirert av å vere i heimar med god orden, kjekke løysingar og fine tips til både å halde orden og gjere det koseleg. Det ytre, altså korleis ein heim ser ut og er orginasert reint praktisk, kan vere med å understreke verdiar og atmosfære. Det er ikkje noko gale i fint interiør. Likevel er det menneska som bur der som er det viktige. Hjartevarme, oppmerksomhet, tid, ro, forståelse. Det er slike ting som verkeleg set spor i oss. Som gjer at me føler dette er ein god plass å vere. Ein føler ikkje at ein er til bry, men tvert om er det ein stad ein gjerne vil kome igjen. Og når ein går der i frå føler ein seg rikare enn når ein kom.

Me mennesker består også av  eit indre og eit ytre. Når me først møter eit anna menneske, er det personens ytre me ser først. Me danner oss eit inntrykk av personen utifrå korleis han/henne ser ut og er kledd. Når me prater meir med personen blir me verkeleg kjend med vedkomande. Vidare vil personens handlingar og veremåte bety mykje for oppfatninga vår av kven han/ho er. Etterkvart som venskapet utviklar seg, vil det ytre bli mindre og mindre viktig, medan det er personens indre kvalitetar som verkeleg tel. Kva hjelp det vel om ektefellen din er verdas flottaste å sjå til, dersom veremåten hans/hennas er vanskeleg å leve med? Det ytre bleiknar fort samanlikna med det indre. 

Tenk om me kunne fokuser litt meir på dei indre kvalitetane i dagens samfunn. Ein treng ikkje gå lenger enn til blogg-verda for å forstå at alt for mykje fokus ligg på det ytre i livet. Tenk så trist at me pynter og steller for å ta bilde og legge ut på blogg, medan tusenvis av mennesker sit einsame rundt i heimane sine? At måten me besøker kvarandre på er gjennom blogg-innlegg? Der kan me vere akkurat så gjestfrie som det passer oss, og sjølvsagt alltid vise huset frå si beste side. Kommentarane kan vere så rause og gode at ein blir rørt til tårer av det, men kor djupt stikk det? Eg trur me treng å bryte fasadane i livet vårt og bli meir nære, ekte og sanne. Våge å møte kvarandre alle slags dagar, og våge å invitere kvarandre inn i heimane våre også dei dagane då ikkje alt er på stell. Kva er det me er redde for? Kanskje det at folk vurderer og avgjer si meining om kven me er utifrå det ytre. Det er jo det me blir proppa fulle av gjennom media og samfunnet i dag. Sjå flott ut (viss ikkje så er det berre til å ta ein operasjon), ha eit stort og fint hus (fokuser på karriære så er det enkelt å oppnå), sørg for å vere i rett vennekrets (ver up-to-date så får du venner i same gate). 

I Bibelen finn me heilt andre verdiar, og eg er så glad for at eg kan ha det som står der som ei rettesnor i livet mitt. Jesus lærer oss 1)å elske Gud, og 2)å elske vår neste som oss sjølv. Dette er to sider av same sak, elsker me Gud så elsker me menneska rundt oss. Det er frukta av å ha fått Guds liv inn i oss. Jesus ber oss ta oss av dei svake, "disse mine minste", og oppfordrer til å invitere mennesker inn i heimane våre som gjerne ikkje kan invitere oss tilbake. Det er ubetinga kjærleik i praksis. Jesus vil me skal gi utan å forvente å få noko igjen. Sjølvsagt kan me også ha vener som er resurssterke og som inviterer til besøk, men Jesus vil at me skal ha hjarterom stort nok også for dei svake i samfunnet. 

Eg blir også overvelda av verdien Jesus set på mennesker. Han møtte alle mennesker med ein inderleg varme, respekt og nestekjærleik. Kvinna som vart tatt i utroskap, og som alle andre spotta og ville sjå død, den kvinna tok Jesus i handa og gav ny verdighet. Jesus ser til det som er inni mennesket, vårt eigentlege eg. Skjønnhet og ytre forgår, men det som er inni oss har mulighet til å bli vakrare og vakrare med åra. For nokre gode nyheter! Du treng ikkje vere misfornøgd med korleis du ser ut, ditt indre er så nydeleg! Det er det som bur inni deg som betyr noko, det er det som set spor i andre. Du har alle muligheter til å vere ein fantastsik skjønn og god person! Kanskje er det hakk i personlegheten vår som må slipast bort, men tenk, det er faktisk mogleg å gå imot dei biologiske aldringskreftene og bli skjønnare med åra! Finn den rette kilde som får fram det gode i deg. På same måte som me pleier vårt ytre for å ta oss godt ut, bør me pleie vårt indre for at den gode vellukta skal strøyme ut i frå oss. Eg har funne mi kjelde til å pleie mitt indre liv. Han har armer opne for alle. Også for deg. "Sjå eg står for døra og banker...". 

Mi erfaring er at dersom det blir for mykje fokus på det ytre, vil det gå utover kvaliteten på dei indre verdiane i livet, både når det gjeld utsjånaden og i heimen vår. Ytre fokus fører med seg egenstrev, eit jag etter det perfekte og misfornøgdhet. Vidare fører dette til at ein har mindre å gi til menneska rundt seg. Det vil stjele kreftene som eigentleg var meint til å vise omtanke og godhet til ektefellen din, barna dine, naboar, venner og andre du møter. 




Gi rom for dei indre verdiane i livet ditt. Det er dei som etterlet seg spor av varig verdi.

Klem fra Kristina



Budskapet i innlegget er like mykje retta mot meg sjølv som til deg som les. Eg kjenner meg ofte dratt i begge retningar. Eg veit kor eg har verdiane mine, samtidig er det så mykje som frister og virker forklokkande rundt omkring. Eg lurer meg sjølv til å tru at eg blir lukkeleg av ytre faktorar, men må krype til korset igjen og igjen.  






mandag 10. juni 2013

Nymalt tak i stova

Det var for eitpar-tre veker sidan det skjedde. Eg fekk ånda over meg til å ta fatt på stovetaket. Heilt sidan me slo det opp for 4 år sidan har me snakka om å male det. Det er eit rimeleg 2.sorteringstak med eindel skavankar og sprekker. No har det fått 3 strøk med kvitmaling og resultatet ser du her.

Taket før me begynte:






Her ser du forskjellen etter eit strøk:


 
 
 






Og til slutt vart det slik:






Utruleg kva ein klarar når ein har motivasjon til det. Eg hadde berre ein dag på jobb den veka, så då gjekk eg på for fullt. Eg klarte nesten eit strøk kvar dag, dei resterande borda tok mannen. Toppstrøket tok me ilag. Å vere to når ein maler tak er absolutt det mest effektive. Då går ein med pensel i mellom borda og ein med rulle. Me brukte ca 3 timar på det siste strøket når me var 2.

Me malte dei to første strøka med INFRA sperregrunning for tak/panlel (vannbasert og lite lukt, kjøpt på Coop) og siste strøket, altså toppstrøket, med Sense-maling glans 30. Fargen er eggekvit. Me måtte også fuge langs kvart bord for å dekke sprekker, det tok mannen seg av.

No er me godt nøgde med taket i stova. I fjor tok eg kjøkkentaket og taket i mellomstova, så no er alt likt. Etter fødselen blir det andre ting å tenke på. Derfor veldig kjekt å klare å realisere prosjekt ein har tenkt ein ville fått gjort no i forkant.

Det er ikkje slik at eg sprudlar av energi heile tida, berre så det er sagt. Siste veka har eg vore veldig trøtt og ikkje orka gjort meir enn nødvendig. No framover kjem eg til å jobbe mindre (på sjukehuset), ca 1-2 vakter i veka, og det kjenner eg skal bli godt. Det byrjar å bli tyngre å vere i aktivitet heile tida og jobben eg har som sjukepleiar kan vere ganske heftig. Enten så er du på jobb eller så er du der ikkje. Tilrettelegging er ikkje så enkelt på ein sjukehuspost. Eg tenkjer at det ikkje er verdt å køyre seg heilt ut no på tampen. Som jordmora mi sa så har eg eit godt stykke arbeid liggande framfor meg òg. Ho fortalte at ho ser ein samanheng mellom for mykje jobbing i slutten av svangerskapet og fødselsdepresjon. Det er eit tankekors. Samfunnet og politikarane vil jo gjerne at gravide skal gå i jobb heilt til 3 veker før termin, men det er viktig at ein kjenner etter når det er på tide å trappe ned. Å vere gravid er også ein jobb.  

Ønsker deg ein fin dag ♥

Kristina

fredag 7. juni 2013

Gratulerer med dagen kjære



I dag fyller verdens beste pappa og ektemann 35 år.

Hurra for deg!






Alltid så god, snill og tolmodig. Morsom er du òg. Ungane elsker når du tuller, tøyser og herjer med dei. Eg er så uendeleg glad for at du er den du er.








Me gler oss til feiring i morgon.

Eg må berre nevne eitpar ting i forhold til bildene. Eldstejenta vår har no mista fire tenner i overkjeven på kort tid. Ikkje lett å verken snakke eller ete, og at det ser litt artig ut er vel heller ikkje til å legge skjul på. Dei to minste ber preg av å nettopp ha inntatt nybakt sjokoladekake. Mine fire skjønningar. Alle like gode.


God helg til deg som kikker innom.




torsdag 6. juni 2013

Magen veks!

Snart er eg 30 veker på veg, det vil seie ca 7 mnd. Og magen veks, det er det ingen tvil om.





Stor og fager, og eg har ingenting imot det. Eg gjekk opp ca 18 kg i vekt sist eg var gravid , og det same vil eg nok gjere denne gongen. "Skal eg byrje å tenke over kor store porsjonar eg et, og kanskje slutte litt før eg er mett?" Dette måtte eg spørje jordmora om ein dag. "Kos deg", svara ho. "Dette er ikkje tida for å tenke slanking. Det ekstra som legg seg rundt omkring på kroppen er fine ammelager. Det vil renne av deg når du ammer den vesle". Betryggande å høyre, tenkte eg. Så eg kosar meg med min gode appetitt. Prøver jo å halde meg unna søte drikker, snop og slike ting, sånn til kvardags i alle fall. Men i det store og det heile tar eg jordmora på ordet, eg kosar meg *smil*  Det har vel kanskje også litt å seie at eg har erfart at dette er sant. I alle fall så funker det for meg.

Ellers så er formen fin. Kjenner lite i bekkenet og har sparsomt med andre plager. Det eg merker mest er auka søvnbehov. Det som skulle bli ein 10 minutterskvil vart plutseleg 1 time! Og sjølv om eg er i seng relativt tidleg er eg like trøtt når klokka ringer. Det blir liksom aldri nok søvn. I helgene får eg sove litt lenger, og det er godt. Min gode mann er jammen snill med meg *rørt* Han står ofte tidleg opp med ungane i helgene og har frukosten klar til heile familien når eg kjem meg opp eit par timar seinare. Tenk å vere så heldig.

10 veker igjen, det er ikkje så veldig lenge. Dette svangerskapet har gått så fort synest eg. Har liksom ikkje hatt tid til å tenke så mykje over at eg er gravid. Kvardagen med 3 små har krevd sitt *smil*. Eg kikkar innom gravideteskalenderar avogtil og leser om utviklinga, men ikkje på same måten som med dei første to. Likevel, eg gledar meg like mykje, og kosar meg med å kjenne den vesle sparke og lage liv inni meg.




Til slutt ein liten nyhet: Det blir (mest sannsynleg) ei jente! Me var på kontrollultralyd og då såg me det sjølv. Det skal bli så kjekt ♥ No kosar eg meg med å stelle istand til å få ei lita tulle i hus igjen.

Nei no må eg visst få gjort litt her i huset, det manglar ikkje på ting å ta seg til ;)

Stor klem fra Kristina

tirsdag 4. juni 2013

Eit smykke på kjøkkenet


Eg har kjøpt meg noko fint. Noko eg hadde tenkt lenge eg ville kjøpe meg. Ufornuftig kanskje, men likevel, eg kunne ikkje motstå.

Og når ein då får pengar i bursdagsgåve, gav eg meg sjølv lov. Lov til å kjøpe noko som eg hadde veldig lyst på. Det er så fort gjort at pengegåver blir brukt på mat, sko til til ungane, eller noko anna "nødvendig". Andre som har det slik?



 
 
 
 
Dette vesle skapet vart mitt.
 
 
I ein liten vase står ein bukett forglem-meg-ei, plukka av ei lita barnehand. Kanskje det aller vakraste på kjøkkenet mitt nett no....
 
 
 
 

 
 
 
 
 
Det var akkurat stort nok til å romme Green Gate serviset eg samlar på, og eit anna blått servise eg har fått.
 
Foreløpig står det på kjøkkenbenken, og der skal det få stå ei god stund.
 
 
 
 

 
 
 
 
 
Den store te-koppen, som like gjerne kan brukast som ei skål, var eg heldig å vinne inne hos "Huset ved fjorden". Pakken fekk eg i posten på bursdagen min. Eg vart så glad for den.
 
 
 
 

 
 
 
 
 
Det blir visst litt meir reine interiørinnlegg hos meg no. Sjølv om det er det eg publiserer her på bloggen, er det absolutt ikkje representativt for det eg held på med om dagane. Skuleavslutning, arbeid, sortering i klær, vasking av klær, besøk av venner, nyte sola, lukte på syriner, spraye grønnsåpe på roser som er innvadert av lus,- ja det er mykje som fyller dagane. Interiør er eigentleg ein perifer ting i livet mitt, men eg får lyst iblandt til å piffe opp litt og eg likar å ha det fint rundt meg. Derfor går det litt i rykk og napp her på bloggen også, både når det gjeld tema og kor ofte innlegga kjem.
 
Takk for at du kom innom, det gjer det kjekkare for meg å blogge. Takk også til alle de som legg igjen kommentar. Det blir eg glad for.
 
Ha ein fin dag kjære deg!
 
Klem
 
 
 
 
 
 
 

søndag 2. juni 2013

Fornying av småmøbler



Eg fekk lyst til å sette litt meir farge på stova og kjøkkenet vårt og då er jo litt maling eit fint middel å bruke.

Tallerkenhylla har blitt flytta inn i kjøkkenstova og malt med fargen KYST.




 
Det kvite bordet er blitt malt med slitesterk maling og dei to barnestolane har fått seg eit oppfriskningsstrøk med fargen Hammerschøy, som eg malte bokhylla med i innlegget under her. Ungane brukar stolane og bordet mykje, og flekkar kjem det, også av det slaget som ikkje er er så lett å vaske bort. Med eit strøk maling blir møblane skinnande reine att *smil*.
 
 
 
 
 


Kjøkkenstova sett frå ein anna vinkel:


 
 
 






Den vesle hylla på veggen er også blitt malt i fargen KYST. Den har eg fått av besto mi. Bror hennar hadde laga den. Koseleg å tenkje på synest eg.

Før eg malte dei hang dei på sjølve kjøkkenet. Tallerkenhylla var lysegrå og den andre hylla var kvit, eller det vil seie gul. Noko anna har fått kome opp på denne veggen no. Forandring fryder som dei seier :)




Dett var dett. Eg har fleire innlegg liggande på lur no, så følg med om du vil.

Ta vare på deg sjølv og dei som er rundt deg. Tida er dyrebar ♥

Klem fra Kristina
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...