onsdag 29. mai 2013

A V O K A D O

Eg har fått dilla på denne skjønne grønne frukten i det siste. Så nydeleg å sjå til, og så god på smak. Med eit dryss salt og pepper på er dette eit fint mellommåltid. Den er også fin å ha i salat eller til å lage guacamole av (sistnemde har eg ikkje prøvd endå).







Måtte google litt om avokado og då fann eg enda fleire gode grunner til å få i seg denne frukten. Den inneheld både vit A, C og E, og fleire typar B-vit som folat, tiamin, pyroksin, riboflavin og niacin. Den skal også visstnok vere ei kjelde til kostfiber, magnesium og kalium. Det er lite sukker i den, men massevis av sunt einumetta feitt. Det høge feittinnholdet gjer at ein får ein god metthetsfølelse etter ein har ete den.

Med andre ord, ingen tvil om at dette er noko å satse på for dei som ynskjer å glede kroppen sin med gode næringsstoff.

Kjelde: Matavisen.no

Stykkprisen for avokado kan vere ganske dyr, men kjøper du eit nett kan ein få 7-8 stk for 29 kr. Det betalte eg på Coop. Omtrent den same prisen som ein kroneis kostar :). Eg legg nettet i kjøleskap og tar ut ein og ein som eg lar ligge på kjøkkenbenken. Avokadoen er best når den er litt mjuk utanpå, då er den moden.

Dette vart dagens tips frå meg :)

Kristina

Fleire innlegg om maleprosjekta mine kjem iløpet av helga, om alt går etter planen. 


mandag 27. mai 2013

Bokhylle før/etter

Malelysta er tilbake!

Eg trur det må vere ein kombinasjon av årstida og det at det byrjar nærme seg fødsel for meg. Slik har eg hatt det i dei andre svangerskapa også. Eg får veldig lyst til å ferdigstille prosjekt, systematisere, ordne og stelle istand. Om kort tid kjem det ein liten baby som vil kreve mykje tid og krefter, og då blir det null tid til slike ting. Eg er i redebyggingsmodus og kjenner at det får fram ekstra energi i meg. 


Bokhylla var mørk brun. Den stod i huset då me kjøpte det for fire år sidan. 

Før:








Etter:










No er den blitt pastellgrøn. Fargen heiter Hammerschøi.

Det blir litt mykje fargesprak med alle bøkene i hylla, men eg vel å ha det slik likevel. Synest det er kjekt å ha barnebøker lett tilgjengeleg og dessutan likar eg å innrede på ein praktisk måte. Ein skal sjå at ting blir brukt, at det bur nokon her, istadenfor at alt berre ser ut som eit butikkvindaug.

Lenestolen er blitt fornya med trekk i frå Ellos. 

Med den grøne hylla, ein nymåla lyseblå lampe og litt anna pastell, vart kroken i stova med eitt litt meir sommarsleg. Maling kan gjere mykje.

Dette er eit av fleire maleprosjekt eg har halde på med i det siste. Skal prøve å legge ut innlegg av dei andre tinga etterkvart. Eit glimt av eit anna møbel som har blitt fornya med måling. Her etter første strøk: 




Takk for at du tok turen innom meg. Blir glad om du vil legge att eit lite spor, så veit eg at du har vore her :) 

Klem frå Kristina

Gravid og maling, dårleg kombinasjon? Eg maler med sense-maling som er anbefalt av norges astma-og allergiforbund. Den er heilt luktfri og veldig god å male med. 

søndag 19. mai 2013

Smak av sommar

To dager med strålande fint ver har vore heilt fantastisk godt. Betre enn syden vil eg påstå :)

For nokre dagar sidan kledde ungane seg med vottar på hendene, medan dei no spring rundt i badetrusa. Det kom brått på med sommarvarmen kan du seie. Uansett kor dårleg ver det har vore før i vår, må me berre nyte slike dagar som dette. Husarbeid innandørs har fått ligge og me har berre nytt dagane ilag. Viser glimt i frå dagen i dag.


Ein lyserosa pelargonia har fått plass i ei sinkbøtte



Min kjære mann slappar av med ei god bok i sommarvarmen.



Sara og Jonas nyt livet med kvarsin is.



Leikehytta klar for ny sesong. Den satte me opp i fjor.





Me måtte ha oss ein liten tur på stranda i dag. Leite etter krabbar og vasse litt. Deilig.


Håpar du også har hatt fine dagar. 

Kristina

fredag 17. mai 2013

Dagen i bileter

Her kjem eit lite bilderas i frå dagens 17.mai-feiring.


Klokka er litt over 8 om morgonen og me er klare for å gå i barnetog på Sara sin skule.

 

Me traff ein god nabo på vegen opp til skulen som var snill og tok familiebilete av oss. Bunaden min måtte henge i skapet i dag. Her måtte det meir romslege klesplagg til i år :)

 

Hipp hipp hurra! Me går i tog og syng så godt meg kan. Her går me forbi sjukehuset og vinkar til kollegeane mine. Fint at toget svingar innom der, til stor glede for mange som er sjuke og ikkje får deltatt i feiringa.

 

Tid for leik! Sara kjem i full fart over målstreken.

 

Jonas spring med potet på skei.

 

....og sit i trillebår...


...medan pappa spring så fort han kan.

 

Etterpå vanker det premiar. Benjamin har valgt seg eit par fine solbriller.

 


Rømmegraut! Mamma hadde med seg deilig rømmegraut som me spiste ilag til lunch hos oss. Her er nesten heile familien min samla. Mangla berre søss Helene og svoger Arvid.

Klokka 17 var det tid for 17.mai fest i menigheten vår. Her vart det servert betasuppe (håper ingen såg kor mange skåler eg spiste :/ Ingenting i vegen med matlysta fortida) Etterpå var det kaffi og kaker.

Ungane leika og kosa seg ilag.

 


 
Og på tampen av dagen er store og små godt fornøgde. Her er Benjamin trøtt og klar for å kome seg heim til senga si.









 
Det er fint å feire nasjonaldagen vår og minne oss sjølve på kor heldige me er som får leve i eit fritt land. Barnetog, korpsmusikk, ulike bunader, masse is, kaker og leik. Alt dette er med på å gjere 17.mai feiringa i Norge unik og spesiell for oss. Må innrømme at det er veldig godt når dagen er over og ein kan sette seg ned, få finstasen av, og legge beina høgt. No er ungane sovna (det tok ikkje lag tid i kveld) og me har ei langhelg med lite program framfor oss. Herleg!

God pinsehelg til alle som er innom :)

Klem fra Kristina

torsdag 16. mai 2013

God 17.mai!

Vil ynskja deg som er innom ei god 17.mai feiring!






Me er heldige som lever i eit fritt og godt land. Det er det grunn til å feire.

Har jobba litt meg meg sjølv denne gongen, når det kjem til innstillinga mi til dagar som dette. Ein kan lett tenke på alt strevet og orket som høyrer med, istadenfor å fokusere på det fine og positive. Skjorter og forklede skal strykast, og det er fint med litt blomar på trappa, men alt treng ikkje vere etter høgaste standard. Eg har måtta legge lista lågare i år, då eg kjenner jobben og det daglege i grunn er meir enn nok for meg fortida. Heldigvis har eg ei god mamma som har ordna med bunadane til ungane. Dei kom ferdig justerte og strokne no i ettermiddag. Istadenfor å lage ei flott kake, lager eg brownieskake til i morgon (heimelaga vel og merke:) Minimalt er gjort i hagen. Det eg har fått til med blomar har eg klart å fange i eit bilete som eg publiserer på bloggen. Så ser alt så fint og bra ut, liksom. Sanninga er at eg dette året ikkje har hatt energi til å gjere det eg ellers ville gjort. Men 17.mai blir det likevel. Finstasen skal på og me skal løfte flagga og rope hipp hipp hurra!

17 klemmer fra meg
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...