torsdag 25. april 2013

Pillowcase dress

 
 
 

Tenkte eg ville vise dykk to kjolar som eg har sydd. Pillowcase dress, som oversatt til norsk heiter putetrekk-kjole, er enkle å sy for ein nybegynnar som meg. Det er det første klesplagget eg har sydd, og eg har fått heilt dilla. Det er så gøy!

Takk kjære B for at du tok deg tid til å lære meg det. Oppskrifta er funnen på denne nettsida . Her er det detaljert og god framgongsmåte (forusatt at du kan engelsk godt). Som namnet tilseier kan kjolen lagast av eit putetrekk. Eg har derimot brukt gamle dukar, i tillegg til nytt stoff. To stk dukar frå 70 talet vart denne vesle retrokjolen.


 
 
 
 














Den andre kjolen sydde eg av nytt stoff.































Kjolane er ikkje til meg sjølv. Eg er med i ein misjonsforening og me driv å produserer forskjellige ting som me tenker å selge. Planen er å ha ein kafèdag med salg av både mat og ting som me har laga. Det blir til hausten, så til alle de som bur på Stord; ha gjerne dette i tankane (og i bønene dersom du ber:). Eg kjem til å skrive meir om det seinare.

God helg til alle som er innom :)

Klem frå Kristina
  

tirsdag 23. april 2013

Happy lights!


I dag må eg vise dykk noko eg var så heldig å vinne i ein give-away nyleg. Det var skjønne Lillian med bloggen Millas Blåbærtua som lodda ut denne fine premien, og tenkt, eg var så heldig å vant! 





Happy lights!
 




Det er ei lysrekke med 30 baller laga av økologisk bomull. Ganske dekorative. Eg har hengt dei opp rundt eit speil i stova men er ikkje heilt sikker på om det er der dei skal få henge. Minstemann på 2 1/2, som er heime med meg i dag, lurte på om me ikkje kunne pynte juletre,*smil*. Dette var når eg holdt på å henge opp desse kulene, så han assosierte dei nok med jul, noko som ikkje er så heilt unaturleg. Hihi, dei får oss til å smile og le mykje desse små.




 
Kanskje det er andre måtar å henge dei opp på som er finare. Nokon som har tips?
 
Takk for at du tok turen innom bloggen min.
 
Klem fra Kristina

søndag 21. april 2013

Meir soverom og lufting av planar

 
 
Her kjem ei litt meir om same tema som mitt forrige innlegg handla om:
Søsken deler soverom.
 
Takk for alle gode innspel i kommentarfeltet. Dette er nok eit tema som er aktuelt for mange, og derfor også opptar fleire enn meg. I forrige innlegg var eg litt einsidig positiv til tematikken og rosemalte kanskje litt det at mine tre deler rom.
 
 
Me gler oss til rommet til Sara er klart til å takast ibruk igjen. Det blir kanskje innan 2 veker, så det er ikkje så lenge dei tre skjønningane mine skal dele rom. Godt er det, for det er ikkje berre fryd og gammen når 3 barn skal dele rom. Det er jo ikkje berre om natta dei deler rom, men også om dagen. Eg er veldig einige med de som kommenterte at det er lettare for søsken av same kjønn å dele rom. Jenter og gutar har ulike typer leiker og leker kanskje på litt forskjellige måter. Medan jentene typisk leiker med dokker, barbie eller petschopper, driv gutane med legobygging, togbane, bilar og sjørøverleiker. Det som mine barn likar å drive med på tvers av kjønn er utkledning/rolleleik, perling, teikning, pusling, for å nemne noko. Når dei er ute er det anneis. Då er det mindre forskjell på måten barn av ulikt kjønn leiker på. Det er derfor meir utfordrande med felles barnerom når barna leiker inne og då særleg når dei har vener på besøk.

Eg ser desse problemstillingane, men samtidig tenker eg på at me har det så altfor godt i Norge. I mange land er det heilt naturleg og ingen alternativ til at barn deler soverom. Det er også mange som søv heile familien på same rom, og enda verre er det dei som ikkje har ein stad å sove. Derfor skreiv eg slik eg gjorde i forrige innlegg.
 
 
No er jo me heldige som lever i rike Norge. Og når me bur i Norge så har me lett for å oppføre oss som nordmenn flest. Me bruker store deler av kvardagen og livet vårt på å jobbe slik at me får kjøpt oss dei tinga me vil ha *smil* Ja, det skal noko til for ikkje å bli dradd med i det materielle jaget som herjar her i vesten.
 
  
Me er ikkje så veldig ulike folk flest skal eg seie deg. Eg skreiv at me ikkje bekymra oss i det heile for kvar fjerdemann skal sove når han/henne blir eit år elller to, og skal ut i frå mamma og pappa sitt soverom. Det er sant at eg ikkje bekymrar meg, men det betyr ikkje at me ikkje har tenkt ! *smil* Me tenkjer stadigvekk på huset vårt og at det byrjar bli for trangt.

I sokkeletasjen vår har me ein leilighet som me leiger ut. Den er nesten 80 km2 og har tre soverom, så me er takknemlege for at me kvar mnd får inn ein god sum på den. Spørsmålet no er om me skal ta ibruk det arealet, eller om me skal bygge på huset. Det er ikkje heilt enkelt å bestemme seg, for det er ulemper og fordeler med begge deler. Me heller vel mest mot å bygge litt på den eine enden av huset, slik at me får eit ekstra soverom, utvidelse av eit soverom og fleire bodar (ein matbod, ein redskapsbod og eit lite lintøy-rom). Dette vil også frigjere eit rom som me no bruker til bod, men som eigentleg kan brukast til soverom. Dermed vil me kunne få to ekstra soverom i tillegg til at eit av soveromma blir eindel større. Tanken er å bygge ut huset 2,4 m, over 2 etasjer. Ikkje så stort tilbygg, men trur me likevel kjem til å få mykje igjen for det.

Me tenkjer slik at det me må legge ut på tilbygg av huset vil me på få år tene inn igjen med inntekta frå utleigedelen av huset. Det hadde jo vore deilig å hatt heile huset for seg sjølv, men den økonomiske fridommen som ei slik bi-inntekt gir er gull i vår fase av livet. Det er lettare for meg å jobbe redusert eller vere heimeverande når me har utleigedel på huset.
 
Andre som har stått i same dillemma?
 
Me er berre i planleggingsfasen enno, men eg tenkte eg ville dele tankane våre med dåke. Eg er aldri i så stort redebyggingsmodus som når eg er gravid! *smil* Det er vel slik me er skapt.
 
Ønsker deg ein fin dag ♥

Bileta frå dette innlegget er reprisebilder frå Sara sitt rom.
 
Kristina

onsdag 17. april 2013

3 søsken deler rom

I huset vårt har me tre soverom, men fortida blir det eine brukt til oppbevaring av ting som eigentleg skulle vore på loftet. Me held på å isolere og legge golv på loftet for å få betre plass til lagring. Bodplass har me alt for lite av og det blir stadig meir klær og diverse som skal lagrast ein stad. Gledar oss derfor til me blir ferdige med det prosjektet.

Gamal skuleplakat og skattekiste som rommer utkledningskle

Det betyr at me no har kun to soverom. Korleis kan det fungere for ein familie på fem? Ganske fint faktisk. Alle tre ungane søv på same rom, og det har til no gått bra.

Slik eg ser det, er det mange positive sider ved det at søsken deler rom. Små barn vaknar ofte om nettene og føler seg utrygge, men med eit søsken eller fleire på rommet vil det roe seg lettare igjen, eller best av alt ikkje vakne i det heile tatt. Det er koseleg å kunne ha ei felles kveldsstund ilag der me les, syng og ber saman med borna. Det er sjølvsagt utfordrande med aldersforskjell, men eg ser at dei innrettar seg etter ting etterkvart. Dei minste lærer at dei må sitte stille når me les bok, og dei største føler ansvar for dei små. Bandet mellom søsken kan bli tettare og dei veks på mange måtar ved at dei må ta hensyn til dei som er mindre og større enn seg.

Det er kanskje ikkje like lett å få alle tre til å sovne samtidig. Me har gjort det slik at minstemann sovnar fyrst, før dei andre to legg seg. Eg har lyst til å prøve å få til at alle kan legge seg samtidig etterkvart. Når klokka er halv åtte er det sengetid for alle barn her i huset. Foreldre treng pusterom og barn treng nok søvn. Så får dei heller stå opp når dei er utkvilt, uansett kor tidleg det er. *smil*. I det siste har me alle stått tildegare opp og eg har (endeleg) funne ut at morgonstund er gull i grunn. Det er veldig fint å få litt tid i lag før eldstejenta skal på skule, mannen på jobb og dei to minste i barnehage dei dagane det gjeld. 

At alle tre deler rom er ei mellombelsløysing for oss. Så snart loftet er ferdig flytter Sara (snart 8) inn på sitt rom igjen. For dei eldste barna kan det vere kjekt å ha eige rom, spesielt når dei har vener på besøk. Men eg meiner barn kan fint kan dele rom heile oppveksten og vere like lukkelege som andre barn. Det er ofte me som skaper behova for dei *smil*. 

Litt av poenget mitt med dette innlegget er å seie at ein MÅ ikkje har like mange soverom som ein har barn. At me venter nr 4 og ikkje har eit ledig soverom til han/henne stressar oss ikkje i det heile tatt.
  

Om natta slår me ut senga til dobbeltseng. Då ser det slik
ut:



 Om dagen slår me den inn igjen slik at det blir meir boltreplass. Rommet er ca 10 m2.






Minstemann på 2 har fått ny soveplass i skuvsenga. Han har sove saman med oss på vårt rom heilt til no.

Mi gamle dokkevogn.



I nokre månader framover får eg og mannen rommet vårt for oss sjølv. Grindesenga står no tom, og me kan prate ilag om kvelden utan å vere redd for å vekke eit barn som søv. Det er fint og me nyter den nye sovetilværeselsen. Snart kjem det ei lita jente eller ein liten gut som vil kreve oss mykje. I mellomtida ladar me opp batteria med god nattesøvn. *smil*





Klem frå Kristina 

mandag 1. april 2013

Halfway

Tida går og eg er no 20 veker på veg i svangerskapet. Det går fint med meg og den vesle i magen. Formen er god og eg nyter den beste delen av svangerskapet, som vanlegvis er den midterste delen. Ferdig med kvalmen og endå ikkje så tung at det begrensar meg til dagleg. Eg er veldig takknemleg for å vere i så god form, det gjer alt så mykje lettare.



Eg har no begynt å kjenne spark omtrent dagleg, også utanpå magen. Det er fantastisk å kjenne livet bevege seg inni meg. Det er akkurat som han eller ho seier "her er eg mamma", og så blir eg fylt med ei enorm glede. Livets gåve, det største underpå jord, det er det det er.




Å vente fjerdemann er annleis enn å vente sitt første barn. Reaksjonane har vore mange og ikkje utelukka positive. "Orkar du det altså!", eller "Har dåke høyrt om prevensjon?", eller "Var det planlagt?"

Ja, det var planlagt
Ja, me veit kva prevensjon er    og
Ja, me orkar eit barn til, eller rettare sagt så gledar me oss veldig til å få eit barn til.

Mange er også positive og det gjer ein så godt, sårbar og hormonell som gravide flest er. Det skal så lite til for at ein blir oppmuntra. Det er noko eg må hugse på sjølv også, imøte med alle slags mennesker. Eit godt ord, ei enkel handling eller noko anna fint kan utgjere forskjellen på dagen til dei me møter på. Tenk at me kvar dag har mulighet til å bringe glede inn i mennesker sine liv! Me kan også velge å forsure og bryte ned med haldningar og ord, men la oss heller velge det første. "Gjer nokon glad, ja skund deg gjer det nå i dag! Det er så mykje du kan gjere om du vil. Og når du gjer det skal du sjå, at det er betre gje enn få. Det største er å gjere andre mennesker glad." Andre som song den på skulen då dei var små? *smil*

Kristina



Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...