torsdag 21. mars 2013

Det spirer!

Det er tidleg vår og det er tid for å så karse.
På søndagsskulen sist søndag fekk ungane lage kvar sin boks kor dei sådde karsefrø i. Boksane er små tomme tomatpurè blikkboksar som me limte fine ark utanpå. Ungane putta deretter bomull oppi og til sist ein liten barneneve med frø. Ein enkel og grei aktivitet som er både rimeleg og fort gjort.



No er ungane ivrige etter å sjå kor mykje dei har vokse frå dag til dag. Dei likar også smaken og synest det er godt f.eks saman med kvitost på skiva. Ser dei treng påfyll av vatn kvar dag for å ikkje tørke ut. (Karsen altså :)



Takk til alle dåke som gav så fin respons på forrige innlegg. Avogtil er det godt å sette ord på ting som har skjedd på slutten av ein dag, men det er klart at å legge ut personlege erfaringar på bloggen kostar litt. Eg vel likevel å gjere det for at de ikkje skal få inntrykk av at alt er perfekt i livet mitt. Me er alle undervegs og eg vil helst ikkje legge sjul på mine svake sider. Og så trur eg det er lettare å vokse som mennesker dersom ein klarer å sette ord på det som går skeis. 



Om du opplever noko som er vanskeleg i ditt liv så del det med nokon. Ikkje gå rundt og tru at det beste er å halde det for deg sjølv. Ved at du deler hjarta ditt med ein annan person kan du få hjelp til kome vidare, og kanskje sjå saka i eit litt anna lys.

Eit frø må dø før det kan byrje å spire. Avogtil må noko dø i oss og for at noko nytt og vakkert skal kome tilsyne i oss. 

Ha ein god dag 


Klem fra Kristina

søndag 17. mars 2013

Tilgivelse

 
Satan har makt over dem som ikke tilgir andre.
 
Det er tidleg søndags morgon og eg er på veg for å gjere meg klar til å gå. Eg skal ha ansvar for søndagsskulen i menigheten vår og har ikkje brukt nok tid på å forberede meg. Er vel eigentleg litt stressa. Trøtt er eg også, etter ei natt med dårleg søvn. Søndagsfrukosten er overstått og eg rotar fram tinga eg treng til dagens samling for barna. Rundt meg spring mine eigne barn, og jenta mi på snart 8 spør meg om forskjellig. Eg blir enda meir stressa. Klokka er over halv ti og eg må gå no for å få nok tid. Ho spør meir, og eg blir irritert. Eg blir sint og svarer på heilt feil måte. Jenta mi blir såra og det ender det med at ho forlet meg grinande. Skuffa over meg sjølv tenkjer eg: "Og du skal lede søndagsskulen i dag". Fordømmelsen er der med ein gong. "Du klarer jo ikkje å vere ei god mamma ein gong".
 
Ein liten gåtur er over. Frisk og kald marsmorgon. Eg takkar Gud for dagen og for det som ligg føre . Godt å ha ein som er med meg. Ein hjelpar, trøstar og venn. Eg nynnar på lovsongar og kjenner at det som skjedde før eg drog bleiknar. Likevel ligg det der som ein dempar på ein ellers fin dag.
 
Eg set meg ned i rommet me har søndagsskulen i og slår opp i søndagsskuleboka. Dårleg strukturert som eg er så har eg ikkje lest igjennom teksten før no. Helsigvis har eg ein time for meg sjølv no, aleine med Gud i eit rom som snart blir fullt av born. Teksten for i dag handler om Peter. Det er snart påske så barna skal få høyre litt om påskeevangeliet, med hovedvekt på Peter som svikta Jesus. Tittelen og minneversen for andakta treff meg med ein gong : "Er vi troløse, så er Han trofast".  Peter ville vere Jesus sin bestevenn. Han lova at han aldri skulle svikte Jesus, han kunne tilogmed gå i døden for Mesteren om han måtte. Likevel svikta han. Han nekta på at han  kjente Jesus 3 gonger. Hanen gol og Peter skjøna med eitt kva han hadde gjort.
 
I dag svikta eg, men heldigvis har eg ein god Gud som er rik på miskunn. Jesus tilgir alltid når me ber Han om det. Det er Hans sinnelag. Ingenting me gjer av feil og mistagelser kan endre på Guds kjæleik til oss! Når Jesus tilgir så gjer Han det av eit heilt hjarte, Han tilregner oss det aldri meir, det er utsletta for Han. Peter fekk også møte Jesus sin store tilgivelse og vart ein av dei mest sentrale apostlane som levde etter at Jesus drog opp til Himmelen igjen. Jesus veit om at me berre er mennesker, men Han ser likevel potensiale i oss. Han løfter oss opp igjen om me faller og vil alltid lede oss vidare på vegen.
 
"Jeg vil leve i lyset", var ein av songane me song på søndagsskulen i dag. Å leve i lyset med livet sitt kan avogtil koste litt, men det er utruleg befriande. I dag, som så mange andre gonger, måtte eg be om tilgivelse, først til Gud og så til jenta mi. Det er ikkje slik at eg går og leitar og gransker etter mulige feiltrinn, men eg kjenner det inni meg når eg har såra nokon og treng å spør om tilgivelse. 
 
Tilgivelse er fantastisk. Det gir mulighet til ein restart. Eit ark som er tilsmussa og skittent blir kvitt igjen. Det kan koste flesket i oss, knekke stoltheten, og nettopp derfor vere så vanskeleg. Likevel er det ein fantastsik nøkkel til frihet og forsoning.
 
 
 
Gud, hjelp meg til å ha ein attitude av tilgivelse i livet mitt. La meg både søke å be om tilgivelse og vere snar med å tilgi andre. Takk for at du har tilgitt meg alt eg har gjort feil. Du har gitt meg blanke ark med fargestifter til. Eg er deg evig takknemleg.
-Kristina


Bilder lånt fra google

lørdag 16. mars 2013

Alternativt lørdagsgodt

I dag vart me enige om å gjere ein liten vri på lørdagskosen. Vanlegvis er godteri ein fast del av denne dagen, og det kjem det nok sikkert til å bli framover også, men i dag ville me prøve ein sunnare variant :)



Youghurt, oppskjært frukt, rosiner og litt hakka sjokolade. Nam nam seier berre eg! Eldstejenta likte det veldig godt, medan dei to minste ikkje var fullt så begeistra. Dei liker jo frukt veldig godt, men det var kanskje samansetninga som ikkje fall heilt i smak. For dei var det kjekkaste å skjære opp frukt.  I grunn ein fin ting å gjere saman ein lørdags ettermiddag.





Tusen takk for koselege helsingar på forrige innlegg ♥

Klem

fredag 15. mars 2013

Ein ny liten skatt



Me venter barn nr 4!

Foto: Lennart-Nilsson        


På onsdag var me på ultralyd og fekk sjå glimt av vårt minste familiemedlem. Heilt fantastisk å sjå den vesle velskapte skapningen ligge å krølle seg rundt inni der. Eg var veldig spent på førehand, for eg har ikkje kjent særleg med liv (er i veke 18 no). I dei to forrige sv.skapa kjente eg veldig tidleg liv, så dette bekymra meg litt. Men eg har trøsta meg med at det sikkert har med morkaka si plasering å gjere, og det stemte. Den ligg frampå magen denne gongen og fungerer som ei støtpute. Når eg då fekk sjå ti fingrar og ti tær, og eit hjarte som slo og banka var eg berre så utruleg GLAD! 

Dette er noko av årsaken til at det har vore stille her på bloggen i det siste. Eg var veldig trøtt og kvalm i frå veke 7 til veke 14, men kjenner at eg no er i ein betre periode. Likevel er det jo travelt å vere trebarnsmamma, sjukepleiar og gravid samtidig. Sofaen er god og ha ;) Og ein hjelpsom mann er gull akkurat no. 

Mest av alt gledar me oss veldig til vesle skatten kjem til verda. Termin er 20.august.

Viss nokon lurer på kjønn så har me valgt å ikkje ville vite det denne gongen. Spennande synst me :)

Kristina
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...