onsdag 30. januar 2013

Me lager vimpelrekke

Dagane kan bli lange når ein er heime grunna sjukdom. Då er det kjekt å ha noko å sysle med. Ja, for når ungane sin form er i bedring er det ikkje snakk om å halde seg på sofaen. Då er dei klare for action (noko ikkje mammo alltid er like klar for:/). 

Å lage vimpelrekker vart ein passande aktivitet ein av dagane me var heime, eg og ungane mine på 7 og 4 år.



Eg var på Panduro-hobby på Åsane storsenter på lørdag (ein butikk til å anbefale) og då fekk eg kjøpt med meg litt hobbyting som er passande for barn. Ein av aktivitetane er det eg viser i dette innlegget, altså: Vimpelrekker (berre for å vere sikker på at alle har fått det med seg ;)

Utstyret me brukte ser du her:




Tegne av, klippe og lime. Både 4 åringen min og 7 åringen min klarte dette bra. Og resultatet vart ikkje så verst heller:




No har me ei fin vimpelrekke som me tenker å ta fram og henge opp på kjøkkenet vårt kvar gong det er bursdagsfeiring her i huset. Eller ved andre spesielle anledningar der me skal feire noko.



Tusen tusen takk til alle de som kommenterte på forrige innlegg. Det er veldig kjekt med respons. Uansett om du kommenterer eller ikkje så var det kjekt at du ville ta turen innom her :)

Ynskjer alle ein fin dag!

Kristina




mandag 28. januar 2013

Sjukdomstider

Influensa type A, svineinfluensa, forkjølelse, magesjau og mykoplasma-pneumoni. Neida, me har heldigvis ikkje hatt alt dette her, men det er høgsesong for sjukdom og alt mogleg florerer rundt oss. Her i familien har me sluppe unda (så langt) med luftvegsinfeksjon. Til gjengjeld har me no vore sjuke dei siste 2-3 vekene. Det viser seg nemleg å vere noko seige greier som ikkje er så lett å bli kvitt. Bleike og hanglande strevar me oss igjennom kvardagane, for noko behandling kan me sjå langt etter så lenge det er virusbetinga.



Når ein tilbring heile dagane innandørs, er sjuk sjølv og har sjuke barn, er det lett for å bli litt nedstemt. Det kjenner iallefall eg på. Eg skjønte det for alvor då S på 7 år sa til meg ein dag: "Eg kvakk når du lo mamma". J på 4 år sa same dagen: "Du ser ut som ein svart fugl mamma, svart bukse og svart genser". Jaja, av barna får ein høyre sanninga. Den dagen var eg også innom Maria sin koselege blogg "Schytt`s hverdag"og las om bakedagen ho hadde hatt med sine 3 barn. Høggravid med tvillinger og alikevel klarte ho det, tenkte eg. I tillegg vart eg så frista av dei deilige muffinsane med skinke og ost, så eg lot meg inpirere. Den kvelden bestemte eg meg for å gjere noko med laberheten og la med det same planar for neste dag. Den skulle ikkje bli like trist og tung (og svart) som dei forrige. 

Dagen etter vakna eg med dette ordet: "Som dagen din er skal din styrke vere". "Takk Gud", tenkte eg, "for at Du gir styrke til denne dagen".



Ein dusj, andre og meir friske kle, litt sminke og orden på håret. Eg kjente med det same at dette vart ein betre dag. Me baka horn med ost,  skinke og vårløk i. Mannen kom innom frå jobben sin og fekk varm lunch. Eldstejenta det same når ho kom frå skulen. Mellomsteguten var for sjuk og orka ikkje, men eg og minsteguten kosa oss med kakao og nylaga horn. Det var så godt, å klare å vende ein ellers litt trist dag til ein meir positivt. Skulle gjerne klart å gjort det kvar dag, men der er eg ikkje enda. Eg øver meg. Som alle veit byr livet på små og større prøvelsar. Alle har nok også høyrt dette ordtaket før, men ein god ting toler å bli nevnt fleire gongar: "Det handler ikkje om korleis ein har det, men korleis ein tar det". Det kunne eg bekrefte for meg sjølv etter den dagen. Me har eit valg kvar dag om korleis me vil møte dagen. Nokre er født positivt innstilte, medan andre må jobbe litt meir for å klare å sjå lyspunkta. Eg likar å utfordre meg sjølv og kanskje har eg også utfordra deg no? 



Grip dagen!

Klem fra Kristina
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...