onsdag 17. juli 2013

Telttur på fjellet med pappa

Dei to eldste har vore på telttur med pappen sin. Eg og minsten var heime og kosa oss. Sjølv om eg hadde lyst, var det ikkje aktuelt for meg å vere med. Ikkje trur eg eg hadde klart den bratte stigningen og ikkje ville eg ta sjansen på å fø på fjellet. Best å halde seg på trygg grunn i desse tider.

Ørjan, Sara og Jonas kosa seg veldig på fjellet. Saman med to andre jenter og pappaen deira gjekk dei opp til Tysevatnet på Stordafjellet og slo leir der ei natt.




Sove i telt
                                   Pannekaker på stormkjøkken
                  Fiske
                             Steike fisken ein fekk
Frisk fjellluft
                                                            Våkne til blå himmel
                   Høyre fuglesong

                                              Være lenge oppe
           Stillhet
                     
                                                    Drikke vatn rett i frå elva




























Slike opplevingar er gull verd for barn. Ofte er det slike minner barna hugser best i frå barndommen. Når ein er saman ute gløymer ein alle andre bekymringar som kan prege kvardagen, og ein kjem nærare kvarandre. 

Eg gledar meg til meg og dei to minste også kan vere med på slike turar. Friluftliv er noko både eg og mannen min har lyst til å bruke meir tid på i framtida.

Ha det fint så lenge :)


3 kommentarer:

  1. Dette er virkelig gull verd, og noe det nok blir for lite av for vår del.. intensjoner blir større enn utførelsen av og til! Men nå håper jeg sterkt at vi skal få til en fin helg på fjellet før sommeren er forbi!
    Herlige bilder fra turen deres! Får meg til å tenke på gode barndomsminner:-) og det er sånne gode stunder man husker!

    Klem fra Hanne ♥

    SvarSlett
  2. Så herlige bilder fra turen dei hadde,såg kjempekjekkt ut:)
    Husker alltid den historien om gutten som fortalte kva han sette mest pris på i ferien,det var fisketurer med pappaen som var topp og då hadde hadde han vært i Disneyland den sommeren og,men då ser ein kva som betydde mest for gutten!ikkje det store og flotte men det enkle❤bare å være sammen i naturen kun dei to:)

    Må sei eg synest det kjekkeste eg og Milla gjere er å gå på tur,då er ho fornøyd og eg!me skyr å gå på butikker ilag og må me så er det kjapt inn å kjøpe mat og så rusle videre❤

    Forsatt fine sommer til dåke!klem fra Lillian

    SvarSlett
  3. Det er koselige minner for barna å ta med seg! :)

    De er så nydelige, barna dine! Håper formen din er god, også ønsker jeg deg fortsatt noen fine sommerdager! Her er det åttende dagen på overtid for meg ( jeg har aldri gått så lenge før så det er litt av en tålmodighetsprøve ;) Men formen er kjempefin så jeg har ingenting å klage på. :)

    Gode klemmer fra meg

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...