fredag 19. juli 2013

Eg vil så gjerne, men får det ikkje til.

Livet er fylt av mange spørsmål og ikkje alt er like lett å vite svar på. Noko eg tenkte på her om dagen vil eg prøve å skrive litt om i dette innlegget. Eit innlegg som vil handle om min relasjon til barna mine, og korleis eg ofte kjenner at eg ikkje strekker til som mamma. Eg skriv dette fordi eg synes det er godt å sette ord på alle sider ved livet, også det som ikkje er rosenrødt. Kanskje kjenner nokon seg igjen og kan dra nytte av det eg skriv. Relasjonsutfordringane eg tar opp, kan like gjerne gjelde i andre mellommenneskelege forhold, ikkje berre mellom mor-barn.






Eg er så uendeleg glad i barna mine, men kvifor er det likevel slik at eg ofte føler meir overfor dei når dei f.eks sover, er bortreist eller er sjuke? Då tenker eg, "å, for nokre herlege små barn eg er velsigna med". Eg blir rørt når eg tenker på dei og føler meg berre så heldig. Vidare tenker eg at eg skal verkeleg nyte dagane og tida eg får med dei framover. Me skal kose oss sånn, og eg skal vere den beste mammaen for dei.  

Avstand skaper lengsel. Eit ordtak med mykje sant i. Når ungane er borte frå oss, på overnatting hos besteforeldre, kjenner eg på eit enorm sakn etter dei. Men kva hjelp det med sakn om eg ikkje klarer å vere nær, tilstades og kjærleg med dei når me faktisk får tid saman? Det er eit så stort paradoks som eg undrar meg over.

Livet er ikkje ein dans på roser og eg kan ikkje forvente at stemninga alltid skal vere på topp i familien min. Men likevel, eg er ikkje nøgd med å ha det slik. Eg blir stadig skuffa over meg sjølv og måten eg takler ting på. Eg kan bli stressa over småting og resultatet er at eg blir sint på ungane. Eller så oppfører ungane seg dårleg og eg reagerer med å bli sint på dei. Alt anna enn slik pedagogane anbefaler. Eg får dårleg samvit og det heile blir endå verre. Eg veit jo så godt at dette ikkje er bra. Det eg gjerne vil gjere, gjer eg ikkje, og det eg ikkje vil gjere, gjer eg. Frustrerande.


Du tenkjer kanskje at, "ja men dette er jo heilt normalt, slik er det jo for alle mødre". Det kan godt hende at det er mange  som opplever det på denne måten frå tid til annan. Eg kjenner likevel at eg ikkje er nøgd med å ha det slik. Eg vil finne ut kva som gjer at det blir eit så stort sprik mellom det store ønsket eg har om at me skal ha det fint ilag, og slik det faktisk blir.

Eg har til dømes vore på arbeid. Der har eg møtt ei eldre dame som fortel meg litt om livet sitt. Ho snakkar om dei mange borna sine, og om den fine tida dei hadde då ungane var små. Eg kjenner på eit veldig sakn etter mine eigne.
Tenker i morgon, i morgon, når ungane og eg skal vere heime, ja då skal me verkeleg få det fint saman. Eg tenkjer at eg kunne sagt opp jobben med ein gong, berre for å fått meir tid saman med mine søte små. Dei betyr jo så mykje for meg, borna mine som eg elskar så høgt.

Neste dag. Eg er kjenner eg er trøtt etter kveldsvakta dagen før. Vil så gjerne at me skal ha det kjekt ilag, men den tanken avtar i takt med at ungane ikkje ser ut til å møte meg på min idè om å ha det harmonisk og fint ilag. Småkrangling, skriking for at det er noko dei ikkje får lov til, vil ikkje ete maten dei får servert. Barn er barn og går igjennom mange fasar som kan vere krevjande å takle for oss foreldre. Når eg då ikkje klarer å takle utfordringane med dei på rett måte, blir alt endå verre. Dei fine tankane eg hadde i går då eg var på jobb er knust. Ingenting vart slik eg ville det skulle bli.

Det er helst når eg er trøtt at det blir på denne måten. Eg tenkjer derfor at å sørge for å få nok søvn er ei viktig forutsetning. Like viktig er det at ungane er utkvilte. Har dei vore for lenge i barnehagen eller det har vore for mykje som har skjedd om dagane, er dei ofte slitne. Viss dei då får for lite søvn er dei mykje meir grinete og "umulege" enn ellers. Det er jo naturleg. Nok søvn og kvile for voksne og barn er heilt klart ein viktig del for at ting skal fungere.

Kva fokus ein har i livet, kan også ha mykje å seie for relasjonane me er i, anten det handlar om foreldre-barn forholdet eller andre relasjonar me står i. Som eg skreiv i innlegget "Det ytre og det indre, kva betyr mest", så trur eg at for stort fokus på det materielle og dei ytre faktorane i livet vil stjele krefter og energi som skulle vore brukt på menneska rundt oss. Eg for min del kjenner eg blir innadvent av å tenke for mykje for interiør og utsjånad. Eg får nok med meg sjølv. Ser ikkje andre på same måte. Å velge å prioritere og investere tid på barna sine, ektefellen sin, venner og familie er viktig for at kvaliteten på relasjonane skal bli slik ein gjerne har eit ynskje om. Det går an å bestemme seg for at tid saman med kvarandre skal kome før andre ting. Sjølv om eg eigentleg etter mine gamle tankemønster burde gjort unna eit eller anna, vil eg VELGE tid saman med dei rundt meg. Kva gjer eg til dømes om nokon skriv ei melding og spør om det passer at dei kjem ein tur innom på besøk, medan eg hadde planlagt å ta ein ryddesjau på loftet den dagen? Eg hadde ei lang liste over gjeremål eg ville fått gjort unna og no kom det ein forstyrrelse i planen min. Men eg har tatt eit valg. Eg velger tid med mennesker framfor tid på andre meir uviktige ting. Sjølvsagt er det viktig å vere ærleg. Er eg til dømes veldig sliten ein dag eller det av andre grunnar ikkje passar med besøk, synes eg det er viktig å sei ting slik som det er. Eg meiner me må vere ærlege med kvarandre om korleis me har det. No tenkte eg meir på mi innstilling og haldning i møte med mennesker
 
 
Sist men ikkje minst! Dersom eg skal fungere som mamma, kone og ven på best mogleg måte må eg ha gode rutinar på bønn og bibel-lesing. Her får eg styrke og visdom til dagen som møter meg. Guds ord hjelper meg til å sjå ting i rette perspektiv og eg blir meir harmonisk og oppløfta inni meg. Om eg føler meg svak i meg sjølv, kan eg gjennom å gjere meg avhengig av Guds nåde få kraft til å snu på det som er vanskeleg. Han har tru på oss, tid til oss og mot til å forme oss. Som ein pottemaker former leire til noko vakkert, former Gud oss til å bli heile mennesker. Det er fantastisk! Hans nåde er nok for meg. Hans nåde er nok for oss alle.

Eg er altså ei ufullkomen mor, men ønsker å jobbe med saken. Tre ting trur eg er viktig for å fungere i rolla som mamma:
  • Nok søvn og kvile
  • Rett fokus i livet. Prioritere tid med barna framfor å ha alt på stell.
  • Ha det godt med seg sjølv og Gud. Fylle på den indre tanken slik at ein har fred i sinn og tankar
  • I tillegg vil eg nevne kosthald og fysisk aktivitet. Dette har eg ikkje kome inn på i dette innlegget, men det er noko som arbeider i meg og som eg trur er viktig.
Kanskje virker det som stress for nokon å skulle prøve å "forandre" seg sjølv. Eg ser heller på det som å strekke seg etter noko betre. Akkurat slik ein i andre jobbkarriærar heile tida vil prøve å utvikle seg og bli meir dyktig, ser eg på mi rolle som mamma som ei så viktig oppgåve i livet til at eg verkeleg har lyst til arbeide med ho.

Dette vart eit langt innlegg, men slik er det når eg skal tømme hjarta mitt for noko eg synes er viktig :)

Set pris på kommentarar og innspel. Sikkert mange som har erfaringar og tankar å dele når det gjeld dette temaet.

Kristina


















-



Kristina

4 kommentarer:

  1. For et fantastisk innlegg! Takk for at du deler :) kjenner meg veldig igjen, og tror tipsene dine virkelig er gode. Barna dine er heldige som har en så reflektert og ekte mamma. Lykke til fremover og fortsatt god sommer :) klem til deg!

    SvarSlett
  2. Ser ut som om du analysere, filosoferer og reflekterer like mykje som meg. Det er mange ting eg skulle ha gjort bedre, ikkje gjort eller prioritert annleis. Du er i alle fall ekte :-). Ein ting eg har fått med meg fra sommarens tur til Solstrand; er at ikkje min egen dyktighet, egne kreative evner og tilegna kunnskap skal stå i vegen for DHÅ åpenbaring av Jesu vilje for livet.
    La tida komme med alle sine utfordringer/gleder og vær til stades i alle ulike situasjoner.
    Ikkje skap velsignelsen, "still deg her på klippen" og ta i mot velsignelsen, den er der.
    Dette er ikkje formaning :-), berre litt personlig "vitnesbyrd" (litt rart ord igrunn, i filosofens hjørne).
    Etter alle mine evalueringer av ei dårlig mor gjennom alle år, så syns eg at eg har fått fire praktfulle eksemplar av tenåringar. Sjøl om eg endo blir litt lei og klager litt...
    Ein ting er eg glad for, det er at eg var mykje heime før dei begynte på skulen, sjølv om eg ikkje alltid var like oppmerksom.
    NYT TIDA, DU FÅR DEN IKKJE IGJEN

    SvarSlett
  3. Det var et fint innlegg :-) Jeg tenker mye på de samme tingene selv, og særlig nå som det er ferietid kjenner jeg meg ofte utilstrekkelig. Jeg tror jeg må innse at mye av problemet ligger i mine egne forventninger og "glansbildedrømmer", og at jeg blir frustrert når idyllen uteblir. Jeg vil så gjerne at vi skal kose oss sammen og gjøre hyggelige ting, også blir det ikke så kjekt som jeg hadde tenkt meg. Jeg har en slags forventning om at vi skal gjøre noe sammen, mens ungene kanskje hadde tenkt seg å slange seg i sofaen hele formiddagen med favoritt-tv-programmet sitt. I stedet for å slappe av med noe jeg setter pris på forsøker jeg å få de med på forskjellige ting som jeg tror de vil like men som ikke nødvendigvis er noe jeg selv liker så godt. Og enden på visa er kanskje at vi ender med å gjøre noe ingen av oss har lyst til. Jeg tror ungene føler jeg mer tilstede om jeg setter meg ved siden av dem i sofaen med strikketøyet mitt mens de ser på tv. Det er neimen ikke lett dette her, vi hadde en uke i Danmark tidligere i sommer og da skrev jeg et frustrert ferie-innlegg på bloggen. Det er godt å skrive det ned, kanskje kan noen ha nytte av å lese det men uansett får man ryddet litt i sitt eget hode. Ønsker dere en fortsatt god sommer, og jeg synes nok at vi mammaer ikke skulle være så strenge mot oss selv. Klem fra Hanne.

    SvarSlett
  4. Kjempe bra skreve! Eg kjenne meg så godt igjen!

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...