onsdag 26. juni 2013

Me syr U G L E R

For nokre veker sidan hadde me koseleg lunch-besøk av Mari med bloggen "Bestefars trèsko", og hennar to skjønne små. Med seg hadde ho blant anna ei søt ugle. Denne synes eg var så fin, så eg fekk lyst til å prøve å sy ei slik. Sara jento mi ville også prøve, så det enda med ein sykveld for oss to. 





Både eg og Sara liker godt å halde på med kreative aktiviteter. For at Sara, som snart er storesøster til 3, skal få litt eigentid med meg har eg tenkt å sette av ein kveld i veka der me kan gjere slike ting som dette ilag. Strikke, sy eller noko anna kjekt. Kanskje publiserer eg noko av det me kjem til å halde på med her på bloggen. Kjekt viss me kan inspirere andre.

Klippe, lime (med vliselin) og sy.




Ugle-frøkena er ikkje einsam lenger. Ho har fått seg ein make og ein liten venn på lån.

Her er uglefamilien samla.








Sara valgte å gi ugla si i sommarpresang til læraren sin (den i midten). Fint synest eg. Lærarane gjer ein fantastsik jobb og treng å bli sett pris på. Å få noko som ein elev har laga sjølv må jo vere koseleg. Og så prøver eg å lære henne at det er større glede ved å gi enn å få, og det trur eg ho verkeleg fekk erfare då ho gav læraren sin denne skjønningen. Ho kom strålande heim og fortalte om kor glad ho hadde blitt for presangen.

No er det berre herr og fru Ugle igjen på hylla vår. Kanskje blir det familieforaukelse etterkvart, for desse var kjekke å lage. Eg laga enkle maler til uglekropp, vinger og auger. Sei i frå om det er noko de vil eg skal legge ut på bloggen. Litt prøving og feiling vart det, men tilslutt fann me ut ein fin størrelse. 




Ynskjer deg som er innom gode sommardagar. Me har det fint og nyt skulefri og sommarmodus. Eg er no blitt 100 % sjukemeldt og kjenner det er godt å berre kunne tenke på det eg har heime. Med 3 små heime går dagane fort. Ein får ikkje tid til å kjede seg. I tillegg til å vere med ungane, prøver eg å rydde og gjere klart til babyen kjem. Omorganisering av klesskap og stellekommode er noko av det som står på tapetet. Og så prøver me å få minstemann på 2 1/2 til å bli bleiefri. Eit heilt prosjekt i seg sjølv :) Men eg trur han er moden for det, og så er det så mykje lettare no når det er sommar og me er heime om dagane alle saman. Ønsk meg lukke til ;)




Desse to vil tilslutt ønske deg ein god sommar ♥


10 kommentarer:

  1. Åååå søteste uglene,du er så kreativ og flink og dei friska sånn opp:)
    Så koselig at du og Sara gjere ting ilag slik,det setter ho nok stor pris på,skulle vært flinkere der eg virkelig!

    Fine kveld til deg❤
    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  2. Kjempefine! Legg gjerne ut oppskrift på bloggen - da blir jeg glad! God sommer!

    SvarSlett
  3. Nei så gøy at ugla fekk seg nokre nye vener. Og så kjekt at eg kan inspirera deg<3 Liker så godt å bli inspirert sjølv og blir veldig lett inspirert så kjekt at eg og kan bidra til litt inspirasjon=)

    Koselig og viktig med mor-datter tid. Fint når ho er blitt så stor at ho får til slike prosjekt. Legg gjerne ut fleir aktiviteter du har med ungene, du er så god på å finne på koselige ting saman med dine søte små.
    Eg har kjempelyst å invitera deg på lunsj ein dag, hadde jo tenkt denne veka, men så var det plutselig så mykje som skulle skje -tannlegetime, (halvgløymte)lunsjavtalar og på fredag skal me kanskje på vennebyenshow på dagen. Skal dåke?=) På tirsdag reiser me på ferie, men kanskje me kunne fått til eit treff i sommar ein gong? Då kunne dåke jo komt heile familien=)

    Nyt dagane heime i redebyggingstida.
    Gode klemmer frå meg=)

    SvarSlett
  4. Så flinke dere er. Noen aldeles nydelige ugler.
    Slike kunne jeg tenke meg å lage. Kjempesøte.
    Veldig viktig og koselig med mor-datter tid.
    Ønsker deg mange gode dager fremover og ei
    velsignet god helg :)

    SvarSlett
  5. Så utrolig fine!!
    Og ikke minst koselig å sette av tid med størstejenta :)
    Heldig lærer som fikk en så koselig sommergave!
    Ønsker deg en GOD sommer! Klem :)

    SvarSlett
  6. Så flink hun er!Koselig bilde av Sara, som ser ut til å kose seg veldig!
    Skjønner godt at læreren ble glad for å få en så fin sommergave!
    Slike stunder hadde jentene og jeg også ...
    det er minner for livet! Ønsker deg og dine en vakker sommer videre!
    -Margit-

    SvarSlett
  7. Du er så flink og kreativ! :) du burde lage noen bittesmå ugler som kan henge på rekke og rad på vognen til lillebror :) Det var enda godt legen så dette på ul, så slipper lillebror å reise hjem i lyserosa hentesett!! :D men det tok nok litt tid å vende seg til tanken, når man tror det er en jente inni der :) Til tirsdag har jeg en uke igjen til termin, og jeg må innrømme at jeg har begynt å vente nå, selv om det bare er førstemann som har kommet før termin. jordmor sier babyen ligger kjempelangt nede og at hodet er festet, så nå får vi se.. :) Ønsker deg noen fine sommer og rugedager!! Så ser jeg vel plutselig en oppdatering med bilde av en liten guttepjokk her. ;) lykke til med alt som skal skje! også synes jeg det stykket om det ytre og det indre var fantastisk bra!

    SvarSlett
  8. Unge dyktige "husfrue/frøken". Mykje nyttigare og kjekkare enn å ta fram støvkluten :-)

    SvarSlett
  9. Eg lar meg stadig inspirere her inne! Me feira nettopp 6års dag heime med kiosk og kopierte mynter. Stor stas:) Takk for god ide! No lot eg meg inspirere igjen og vil gjerne ha oppskrift på desse uglene:) Lykke til med spennende tider! Ein ugle-baby-rangle over vogna hørtes kult ut!!

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...