tirsdag 4. juni 2013

Eit smykke på kjøkkenet


Eg har kjøpt meg noko fint. Noko eg hadde tenkt lenge eg ville kjøpe meg. Ufornuftig kanskje, men likevel, eg kunne ikkje motstå.

Og når ein då får pengar i bursdagsgåve, gav eg meg sjølv lov. Lov til å kjøpe noko som eg hadde veldig lyst på. Det er så fort gjort at pengegåver blir brukt på mat, sko til til ungane, eller noko anna "nødvendig". Andre som har det slik?



 
 
 
 
Dette vesle skapet vart mitt.
 
 
I ein liten vase står ein bukett forglem-meg-ei, plukka av ei lita barnehand. Kanskje det aller vakraste på kjøkkenet mitt nett no....
 
 
 
 

 
 
 
 
 
Det var akkurat stort nok til å romme Green Gate serviset eg samlar på, og eit anna blått servise eg har fått.
 
Foreløpig står det på kjøkkenbenken, og der skal det få stå ei god stund.
 
 
 
 

 
 
 
 
 
Den store te-koppen, som like gjerne kan brukast som ei skål, var eg heldig å vinne inne hos "Huset ved fjorden". Pakken fekk eg i posten på bursdagen min. Eg vart så glad for den.
 
 
 
 

 
 
 
 
 
Det blir visst litt meir reine interiørinnlegg hos meg no. Sjølv om det er det eg publiserer her på bloggen, er det absolutt ikkje representativt for det eg held på med om dagane. Skuleavslutning, arbeid, sortering i klær, vasking av klær, besøk av venner, nyte sola, lukte på syriner, spraye grønnsåpe på roser som er innvadert av lus,- ja det er mykje som fyller dagane. Interiør er eigentleg ein perifer ting i livet mitt, men eg får lyst iblandt til å piffe opp litt og eg likar å ha det fint rundt meg. Derfor går det litt i rykk og napp her på bloggen også, både når det gjeld tema og kor ofte innlegga kjem.
 
Takk for at du kom innom, det gjer det kjekkare for meg å blogge. Takk også til alle de som legg igjen kommentar. Det blir eg glad for.
 
Ha ein fin dag kjære deg!
 
Klem
 
 
 
 
 
 
 

4 kommentarer:

  1. Elsker interiør - og er som deg, noen ganger bare MÅ jeg :) Dette lille skapet var nydelig, midt i blinken - akkurat noe sånt som jeg kunne ha kjøpt ;) Liker stilen din! Så er det litt "godt" å høre at du oppi alt interiør driver med diverse hverdagslige ting...(ikke at jeg tvilte på det altså, syns bare det er fint du nevner det sånn at jeg kan puste litt ut ;))
    Håper du har fine dager, skjønningen - ønsker deg en fortsatt fin uke <3 klem

    SvarSlett
  2. Skapet var velig fint. Passe stort og koselig.
    Herlige GG ting du har inni det. Og det Figgjo serviset
    er fint. Har litt av det jeg også som jeg nå bruker daglig.
    Må prøve å finne flere deler til det.
    Ønsker deg en herlig dag :)

    SvarSlett
  3. Så fint skap!! Gøy å unne seg noe en har hatt lyst på lenge (kjenner med alt for godt igjen at pengene som regel blir brukt på barna...). Alltid så koselig å kikke innom bloeggen din. leser alt du legger ut, men har ikke vært så flittig på å skrive kommentarer i det siste. Lykke til videre i svangerskapet!! Det er en fin og slitsom tid. Men vakkert. KLem

    SvarSlett
  4. Hei, kjære, fine Kristina. :)
    Det er leenge sidan eg har vore innom no, dessverre. Eg har ikkje heilt hatt energi til å verken følgje opp min eigen blogg eller kikke innom din. Men no er eg tilbake! Og du har hatt så mange flotte innlegg sidan sist! :) Nydelig å sjå deg og magen din. Håpar du er i form. Når har du termin? Fine bilder både frå oppussing, 17.mai, ugleprosjekt osv. Veldig kjekt å følgje med. Korleis har dåke alle da? Har dåke feire snart? Store planar då? Eg startar ferie i morgon, jippi, eg glear meg. Kjem truleg til Stord i byrjiga av august, ei lita veke. Eg kan sende deg ein mld då. Hadde vore kjekt å stikke innom dersom det skulle passe. :)
    Ønske dåke alt godt og fine dagar med soool! :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...