fredag 14. juni 2013

Det indre og det ytre, kva betyr mest?

Denne gongen poster eg eit anna type innlegg. Her deler eg tankar om det som betyr meir enn fint interiør. Takk for at du tar deg tid til å lese.




Når du får ei gåve, er innpakkinga det første du ser. Den kan vere innpakka med fint gåvepapir og band som matcher i farge og stil. Likevel er det det som er inni presangen som er viktig. Kva har det vel å seie at presangen hadde eit fint og tøft papir om det som var inni berre var til å kaste?

På same måte kan det vere i ein heim. Det kan sjå fint og flott ut interiørmessig, men kva betyr det om du ikkje blir møtt med varme og gjestfrihet? Estetikken i ein heim kan vere med å skape ein lun og fin stemning, og er i seg sjølv ikkje noko negativt. Eg synes likevel det er deilig å komme inn i heimar der leiker ligg på golvet og ikkje alt er strøkent. Eg blir også inspirert av å vere i heimar med god orden, kjekke løysingar og fine tips til både å halde orden og gjere det koseleg. Det ytre, altså korleis ein heim ser ut og er orginasert reint praktisk, kan vere med å understreke verdiar og atmosfære. Det er ikkje noko gale i fint interiør. Likevel er det menneska som bur der som er det viktige. Hjartevarme, oppmerksomhet, tid, ro, forståelse. Det er slike ting som verkeleg set spor i oss. Som gjer at me føler dette er ein god plass å vere. Ein føler ikkje at ein er til bry, men tvert om er det ein stad ein gjerne vil kome igjen. Og når ein går der i frå føler ein seg rikare enn når ein kom.

Me mennesker består også av  eit indre og eit ytre. Når me først møter eit anna menneske, er det personens ytre me ser først. Me danner oss eit inntrykk av personen utifrå korleis han/henne ser ut og er kledd. Når me prater meir med personen blir me verkeleg kjend med vedkomande. Vidare vil personens handlingar og veremåte bety mykje for oppfatninga vår av kven han/ho er. Etterkvart som venskapet utviklar seg, vil det ytre bli mindre og mindre viktig, medan det er personens indre kvalitetar som verkeleg tel. Kva hjelp det vel om ektefellen din er verdas flottaste å sjå til, dersom veremåten hans/hennas er vanskeleg å leve med? Det ytre bleiknar fort samanlikna med det indre. 

Tenk om me kunne fokuser litt meir på dei indre kvalitetane i dagens samfunn. Ein treng ikkje gå lenger enn til blogg-verda for å forstå at alt for mykje fokus ligg på det ytre i livet. Tenk så trist at me pynter og steller for å ta bilde og legge ut på blogg, medan tusenvis av mennesker sit einsame rundt i heimane sine? At måten me besøker kvarandre på er gjennom blogg-innlegg? Der kan me vere akkurat så gjestfrie som det passer oss, og sjølvsagt alltid vise huset frå si beste side. Kommentarane kan vere så rause og gode at ein blir rørt til tårer av det, men kor djupt stikk det? Eg trur me treng å bryte fasadane i livet vårt og bli meir nære, ekte og sanne. Våge å møte kvarandre alle slags dagar, og våge å invitere kvarandre inn i heimane våre også dei dagane då ikkje alt er på stell. Kva er det me er redde for? Kanskje det at folk vurderer og avgjer si meining om kven me er utifrå det ytre. Det er jo det me blir proppa fulle av gjennom media og samfunnet i dag. Sjå flott ut (viss ikkje så er det berre til å ta ein operasjon), ha eit stort og fint hus (fokuser på karriære så er det enkelt å oppnå), sørg for å vere i rett vennekrets (ver up-to-date så får du venner i same gate). 

I Bibelen finn me heilt andre verdiar, og eg er så glad for at eg kan ha det som står der som ei rettesnor i livet mitt. Jesus lærer oss 1)å elske Gud, og 2)å elske vår neste som oss sjølv. Dette er to sider av same sak, elsker me Gud så elsker me menneska rundt oss. Det er frukta av å ha fått Guds liv inn i oss. Jesus ber oss ta oss av dei svake, "disse mine minste", og oppfordrer til å invitere mennesker inn i heimane våre som gjerne ikkje kan invitere oss tilbake. Det er ubetinga kjærleik i praksis. Jesus vil me skal gi utan å forvente å få noko igjen. Sjølvsagt kan me også ha vener som er resurssterke og som inviterer til besøk, men Jesus vil at me skal ha hjarterom stort nok også for dei svake i samfunnet. 

Eg blir også overvelda av verdien Jesus set på mennesker. Han møtte alle mennesker med ein inderleg varme, respekt og nestekjærleik. Kvinna som vart tatt i utroskap, og som alle andre spotta og ville sjå død, den kvinna tok Jesus i handa og gav ny verdighet. Jesus ser til det som er inni mennesket, vårt eigentlege eg. Skjønnhet og ytre forgår, men det som er inni oss har mulighet til å bli vakrare og vakrare med åra. For nokre gode nyheter! Du treng ikkje vere misfornøgd med korleis du ser ut, ditt indre er så nydeleg! Det er det som bur inni deg som betyr noko, det er det som set spor i andre. Du har alle muligheter til å vere ein fantastsik skjønn og god person! Kanskje er det hakk i personlegheten vår som må slipast bort, men tenk, det er faktisk mogleg å gå imot dei biologiske aldringskreftene og bli skjønnare med åra! Finn den rette kilde som får fram det gode i deg. På same måte som me pleier vårt ytre for å ta oss godt ut, bør me pleie vårt indre for at den gode vellukta skal strøyme ut i frå oss. Eg har funne mi kjelde til å pleie mitt indre liv. Han har armer opne for alle. Også for deg. "Sjå eg står for døra og banker...". 

Mi erfaring er at dersom det blir for mykje fokus på det ytre, vil det gå utover kvaliteten på dei indre verdiane i livet, både når det gjeld utsjånaden og i heimen vår. Ytre fokus fører med seg egenstrev, eit jag etter det perfekte og misfornøgdhet. Vidare fører dette til at ein har mindre å gi til menneska rundt seg. Det vil stjele kreftene som eigentleg var meint til å vise omtanke og godhet til ektefellen din, barna dine, naboar, venner og andre du møter. 




Gi rom for dei indre verdiane i livet ditt. Det er dei som etterlet seg spor av varig verdi.

Klem fra Kristina



Budskapet i innlegget er like mykje retta mot meg sjølv som til deg som les. Eg kjenner meg ofte dratt i begge retningar. Eg veit kor eg har verdiane mine, samtidig er det så mykje som frister og virker forklokkande rundt omkring. Eg lurer meg sjølv til å tru at eg blir lukkeleg av ytre faktorar, men må krype til korset igjen og igjen.  






8 kommentarer:

  1. Et flott og viktig innlegg. Nei en blir ikke lykkelig av ting. Men det er godt å ha noe fint å se på uten å gi det all tid. En trenger virkelig å ta vare på de indre verdiene, og ikke minst våre medmennesker.
    Jeg ønsker deg Guds fred og velsignelse :)

    SvarSlett
  2. Bra skrevet!
    Og er veldig enig i at det nytter ikke å ha et stilig hjem, om man ikke er hyggelig og gjestfri!
    At alle i familien har det bra og er lykkelige, det er det som er viktigst! Ikke nye sofaputer og flotte lamper!
    fin lørdag ønsker jeg deg!

    SvarSlett
  3. Fint å lese gjennom! Og så sant så sant! Det ytre er berre eit tynt skall mot det indre. Min erfaring, spesielt med tanke på ryddige perfekte heimar er at folk slapper meir av dersom ting ikkje er perfekt, rot er ein fryd for auga, kvardagsrot vel å merke. Samtidig kan jo og ein heim spegle eins personlighet, er der mykje fargar, system, kaoskontroll?? Det viktigste er at ein trivst og har det godt med seg og sine som du nevner... Eg erfarte sjølv litt auka oppmerksomhet mot bloggen min for ei stund sida, då byrja eg straks å strebe mot det perfekte, det resulterte i lukka blogg ei tid, sletting av innlegg og vegen mot å finne tilbake til gleden med å blogge, ikkje for å tilfredsstille andre men for å dele kvardagsgleder i ny og ne. Kjekt å lese bloggen din, mange fine innlegg!
    Gina

    SvarSlett
  4. Takk for påminnelse! Så lett å glemme. Ingenting er viktigere enn å ha Guds velsignelse over hjem og familie. God helg til deg og dine! -monakristin

    SvarSlett
  5. Hei, fantastisk flott innlegg, viktig at noen tør å fronte de kristne verdiene!!! Helt enig med deg i alt!!! Ønsker deg Guds velsignelse over heim og familie. Klem fra Nenne

    SvarSlett
  6. Takk, takk, takk for at du flagger en av mine fanesaker (og også dine, skjønner jeg!) Du sier det så knallbra - og jeg har mange tanker rundt dette jeg så gjerne skulle skriblet ned til deg, men akkurat nå er hodet litt tomt...og kroppen sliten (hatt bursdag for snuppa i hele dag...og jeg er helt slut...) Men du - jeg må bare rose deg for at du rett som det er, skriver slike innlegg som dette - du er så bra! <3 Takk også for påminnelsen om noe viktig - selv om dette er en fanesak og noe jeg brenner for, så er det lett å tenke at "jada, dette trenger jeg jo ikke jobbe med" - men så faller jeg gang på gang - på det ene og det andre, og dermed er det litt greit å bli "hanket inn" igjen ;)
    Takk for at du gjorde det - og takk for at du finns! klem og god sommer, min venn <3

    SvarSlett
  7. Kristina, dette var fint å lese. Noe av det beste på lenge faktisk :)
    Viktig å tenke over det du skriver om her. Det kjenner jeg i hvert fall på meg selv.
    Jeg blir stadig lurt litt til å tenke at det ytre er viktigere enn det indre.
    Takk for alt du deler av hverdagslige ting og tankevekkende innlegg som dette.
    Jeg følger med - midt i flytte rotet - og jeg sender en mail tilbake snart ;)
    God klem

    SvarSlett
  8. Takk for eit fint innlegg Kristina, at du tar deg tid til å dele dine gode og viktige tanker med oss andre. Eg kunne lagt ut i det vide og det breie om dette tema, men du har skreve det veldig godt syns eg. Og innimellom er det veldig godt å bli påminna det å setje verdiane sine i fokus i ein elles travel kvardag. Kanskje i nokre tilfelle kan eit "perfekt" ytre av og til skjule eit litt usikkert indre. Eg kjenner på det at materielle ting og visuelt fine ting kan gjere meg glad, men det er kortvarig lykke. Eg er særs takksam for at eg er så heldig å ha det som betyr aller mest for meg rundt meg kvar dag - familien<3

    Ynskjer deg ein god dag Kristina.
    Klem frå meg:-)

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...