fredag 17. mai 2013

Dagen i bileter

Her kjem eit lite bilderas i frå dagens 17.mai-feiring.


Klokka er litt over 8 om morgonen og me er klare for å gå i barnetog på Sara sin skule.

 

Me traff ein god nabo på vegen opp til skulen som var snill og tok familiebilete av oss. Bunaden min måtte henge i skapet i dag. Her måtte det meir romslege klesplagg til i år :)

 

Hipp hipp hurra! Me går i tog og syng så godt meg kan. Her går me forbi sjukehuset og vinkar til kollegeane mine. Fint at toget svingar innom der, til stor glede for mange som er sjuke og ikkje får deltatt i feiringa.

 

Tid for leik! Sara kjem i full fart over målstreken.

 

Jonas spring med potet på skei.

 

....og sit i trillebår...


...medan pappa spring så fort han kan.

 

Etterpå vanker det premiar. Benjamin har valgt seg eit par fine solbriller.

 


Rømmegraut! Mamma hadde med seg deilig rømmegraut som me spiste ilag til lunch hos oss. Her er nesten heile familien min samla. Mangla berre søss Helene og svoger Arvid.

Klokka 17 var det tid for 17.mai fest i menigheten vår. Her vart det servert betasuppe (håper ingen såg kor mange skåler eg spiste :/ Ingenting i vegen med matlysta fortida) Etterpå var det kaffi og kaker.

Ungane leika og kosa seg ilag.

 


 
Og på tampen av dagen er store og små godt fornøgde. Her er Benjamin trøtt og klar for å kome seg heim til senga si.









 
Det er fint å feire nasjonaldagen vår og minne oss sjølve på kor heldige me er som får leve i eit fritt land. Barnetog, korpsmusikk, ulike bunader, masse is, kaker og leik. Alt dette er med på å gjere 17.mai feiringa i Norge unik og spesiell for oss. Må innrømme at det er veldig godt når dagen er over og ein kan sette seg ned, få finstasen av, og legge beina høgt. No er ungane sovna (det tok ikkje lag tid i kveld) og me har ei langhelg med lite program framfor oss. Herleg!

God pinsehelg til alle som er innom :)

Klem fra Kristina

5 kommentarer:

  1. Kjempefint å se hvordan dere har hatt det i dag! De er jo aldeles skjønne de tre barna dere har! Og SÅ fine i bunadene! Flott familie i det hele tatt! Ønsker dere god pinse! -Margit-

    SvarSlett
  2. Ser ut som dåke har hatt ein skikkelig koselig dag!:-) for ein hærlig trio du har, og enda hærligere skal den bli om ikkje lenge! Me koste oss veldig ilag med dåke då me var på lunsjbesøk, takk for oss -nok ein gong;-) me vil invitere tilbake når stova er blitt heilt ferdig.
    Ynskjer deg og dine ei god pinsehelg! Håper vêret blir like bra som det er meldt.
    God klem frå meg:-)

    SvarSlett
  3. hei kjære deg! No har det vore mange fine innlegg her som eg har hatt lyst å kommentere, men har hatt litt kommenteringssperre inne på blogger dei siste mnd... Fyrst av alt: gratulerar så masse med baby i magen, så koselig!! og veldig koselig å sjå bilder fra dagen dikka igår! skjønne små de har, og skjønnt familiebilde av dikka, de er fine! Alltid både koselig, inspirerande og meiningsfullt å lese bloggen din! ha ei fin pinsehelg! klem

    SvarSlett
  4. Så koselig innlegg, Kristina!
    Gøy å se bilder av dere alle sammen! :) Så ut som en fin feiring.
    Må si at du har et nydelig trekløver, både med og uten de fine bunadene ;)
    Ønsker dere en kjempefin langhelg og pinsefeiring.

    SvarSlett
  5. Så koselig!
    Herlige bilder :)
    Ønsker dere en god pinsehelg!
    Klem :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...